VENGANE I FRØYSJØEN

Av Ståle Sørbotten

Frå skapinga av har Vengane (Langvengen og Skavengen) delt Frøysjøen i ein ytre og ein indre del. For lenge sidan budde der visst ein mann på Vengane (Langvengen) med  namnet Sakris, på folkemunne kalla Sakris på Vengen. Han var knapt rik på gods og gull. Kva han levde av kan vel seiast å vere ei gåte. Han var sansynlegvis den første ”bompengeinnkrevjaren” i verda.

Han praia nord og sørgåande trafikk og ”krov” inn passeringsavgift, sansynlegvis i form av mat. Kor vellukka det alltid var er ukjendt, men sansynlegvis fall det ein del smular på han. Sakrisstøa er framleis eit kjendt namn på Vengane.

Det er gardane i Nordbotten som eig Vengane. Desse gardane har hausta gras der i lange tider, like fram til midt på 1950- talet. Her var sauer på sommarbeite heilt fram til 2015.

Langvengen var opphavleg delt i to deler. Bnr. 1 og 2 åtte søre delen i fellesskap fram til 1925. Då vart sameigeteigen deira delt i to deler, der bnr. 1 fekk den søre delen og bnr. 2 den nordre delen. Den nordre delen av Langvengen åtte bnr. 3 og 4. Denne delen var delt i to teigar. Bnr. 3 hausta den eine teigen eit år og den andre teigen neste år. Bnr. 4. hausta kvart år den teigen bnr. 3 ikkje hausta. Dermed jamna dei ut eventuell forskjell i grasproduksjon på teigane.

Skavengen tilhøyrer bruka i Sletten. Bnr. 5 åtte halve Skavengen og bnr. 6 og 7 den andre halvparten i fellesskap. Delelinja gjekk om lag nord-sør gjennom toppen og delte Vengen i ein vestre og ein austre del.

Bnr. 5 hausta den austre delen eit år og den vestre delen neste år. Bnr. 6 og 7 hausta den andre delen i fellesskap. Bnr. 6 og 7 skulle hauste like mykje. I praksis vart det oppgjort i antal børar rått gras. Den som var stor og sterk og kunne ta tunge børar  hadde kanskje ein fordel.

Når slåtten heime var over, stod Vengane for tur. Det er gjennom tidene ført mange høybørar frå Vengane og til lands i Nordbotten og Sletten. Graset vart hesja og turka heime. Det var saftig gras på Vengane, godt gjødsla av fugleskit. Det fall difor i god smak hos mjølkekyrene.

Vi såg fram til å reise på Vengane fordi det var mange fine leikeplassar, spesielt ei lagune med skjellsand. Ho var turr ved fjære sjø, men fin å vasse og bade i ved flo sjø.

Seglmerket på Langvengen er velkjendt i skipsleia. Det er hol i visaren på toppen. Det er ikkje på grunn av elde, men eit resultat av skyteglade flypilotar våren 1945. Det var to eller tre fly som hadde vore på rekonosering i Gulenfjordane og var på veg heimatt til England. Dei retta mitraljøsene inn mot seglmerket og fyrte laus. Kvifor? Ja, det kan vi undre oss over.

No er Vengane freda, visstnok for å verne måsen. Det var måse på Vengane i den tid øyane vart utnytta, vel så mykje som no. Dei kunne lette i store flokkar når vi steig på land, men dei la seg fort nedatt,  sjølv om vi arbeidde med slåtten heile dagen.