Ine og Oline – yngst og eldst i bygda

Ine Straume Sande er vel tre månadar gamal, medan Oline Øvrebotten er vel 99 år. Dei er yngst og eldst i Botnane, og i slekt. Oline er syster til Ine sin oldefar, så Ine kjem til å vekse opp i same tunet i Sletten som Oline trakka sine fyrste tresko i.

– Eg er ikkje oldemor, så eg har ikkje halde ein liten unge på 30 år, seier Oline åtvarande i det Kjersti Straume legg dottera til rette i armkroken hennar. – Då kan du vere reserveoldemor for Ine du då, seier Kjersti. Oline dreg på det, men skin som ei sol så snart ho har jenta i fanget.

Oline er syster til Ine sin avdøde oldefar, August Sande. Sonason hans, John-Magne Sande, er far til Ine. Han er oppvaksen i Botnane og har bygt seg hus her, saman med sambuar Kjersti Straume. Heime i tunet i Sletten bur også bestefar Audun Sande.

Frå Sletta til Sletten

Kjersti Straume flytta til Botnane i fjor, frå Bergen. – Eg er van med bygdelivet og var klar for eit skifte no. Men sjølvsagt skulle eg gjerne hatt fleire jamaldringar her. Eg håpar fleire kan flytte hit, seier Kjersti. Ho kjem frå bygda Sletta i Radøy kommune i Hordaland, og flytta til Sletten i Botnane. –Ja, på kartet står det Sletta her òg, så det er ikkje måte på samantreff, ler ho. I heimbygda Sletta bur det om lag 600 menneske, i Botnane-Årebrot om lag 60.

Kjersti er utdanna sjukepleiar. Ho har arbeidd i sju år på Sandviken sjukehus og alderspsykiatrisk avdeling på Haukeland, og er no tilsett på Svelgen bu- og omsorgsenter. John-Magne er operatør i Nordsjøen. Det har han vore dei siste ti åra, fire veker heime og to veker ute. – Eg kjenner på at eg må gje meg med dette no. Alt som skjer heime har det med å skje medan eg er vekke.

Nær fødd i ambulansen

Han hadde ordna seg slik at han skulle vere heime då Kjersti hadde termin i april. Dei tok seg godt tid med frukosten den 11. april. Sidan Kjersti var fyrstegongsfødande rekna jordmora dei snakka med i telefonen med at fødselen ville ta si tid.

– Vi køyrde herifrå kvart på åtte om morgonen, men alt då vi kom i Gulestøa skjønte vi at dette kom til å gå fort. Sjukehuset i Førde sende ambulanse med jordmor i møte med oss. Det var godt å vite. Men svingane i Vinspollen var uendeleg mange og lange den morgonen, fortel Kjersti.

– Ambulansen møtte oss i Eikefjorden, legg John-Magne nøkternt til. Kor letta han var då seier han ingenting om. – Vi vart møtte av ei fantastisk jordmor. Anne Søgnen var heilt nydeleg. Det har mykje å seie for opplevinga korleis du vert møtt, seier Kjersti. Ho vart sjølv fødd i ein ambulanse på ferja, og det var nære på at det gjekk i arv. Ine vart fødd på sjukehuset i Førde kl.10.35.

Fødd i ei jordstove

Oline har fylgt nøye med på det Kjersti fortel. – Eg vart fødd i ei stove med jordgolv og ljore i taket uti Sletten. Stova stod der gamlehuset står no. Det sette dei opp det året eg vart fødd, fortel ho og får høve til å gje ungfolket på heimegarden ei innføring i historia der. Dei høyrer og spør og skjønar at her er ei kjelde til å få greie på både eitt og hitt.

Det spørst om det ikkje blir fleire besøk for Ine hjå Oline. Drøsen har gått lett, den eine historia har teke den andre, attåt kaffi og vaflar. Det unge paret fortel at dei snart skal av stad og hente seg ny båt. – Han var døypte før vi kjøpte han, seier John Magne lurt. – Og veit du kva? Namnet er Oline.