Omvising Diktarstien og kafe i Botnane 2. august

 

Aktuelt

Dagens Fridtjov

Sladder er ein uting,
men det hadde vore keisamt utan.

Basarinntekt på vel 30.000 kroner

Botnane og Årebrot grendalag fekk inn vel 30.000 kroner på basaren 12. juli. Det var mange fine gevinstar og mange av dei var heimelaga.   I desse kornoatider var det plass til vel 50 personar på Årebrot grendahus, og det var påmelding.

Inntektene frå basaren går for det meste til drift og vedlikehald av grendahusa i Botnane og på Årebrot. Grendalaget takkar for godt loddsal, hjelp og frammøte til basaren.

Omvising og kafe 2.august

Det vert omvising på Diktarstien og kafe i Botnane grendahus søndag 2. august. Omvisinga på Diktarstien byrjar kl.14.00 og kafeen kl.16.00. Birgitte og Otto er vertskap.

Dette vert den andre guida omvisinga på Diktarstien etter Jan-Magnus Bruheim i år. Det var vel 20 som kom på den 5. juli, og omvisar Magni Øvrebotten ynskjer påmelding til den 2. august, på mobil 970 55201.

Fridtjov på veggen

Tjue databilete laga av Fridtjov Urdal prydar no den største veggen når du kjem inn på Årebrot grendahus. Det var Botnane og Årebrot grendalag som tok kontakt med han om å kjøpe bilete til føremålet. Det skulle det bli ei råd med, let han om, men han ville ikkje ha betaling for dei. Bileta er såleis ei gåve frå Fridtjov Urdal til heimbygda Årebrot.

32 var med på dugnadar

(16.06.20) Tre laurdagar på rad har det vore dugnadar i Botnane og på Årebrot, og til saman har 32 personar vore med på dei. Nokon har vore med på fleire og den siste var sett av til strandrydding. Leiaren for grendalaget takkar alle som var med og medverka til rydding og vedlikehald av grendahusa, og dei som vil halde fram med rydding i fjøra finn sekkar og hanskar ved grendahuset i Botnane.

120 medlemmer i grendalaget

Det vart ein god auke i talet på medlemmer i Botnane og Årebrot grendalag denne våren. Gamle medlemmer vart purra og betalte og nye melde seg inn. Totalt har grendalaget no 120 betalande medlemmer. Det kostar 150 kroner i året og pengane går til ulike tiltak for bygdene våre.

Styret i BÅG 2020-21

Åsmund Berthelsen vart attvald som leiar for Botnane og Årebrot grendalag på årsmøte 7. mars. Nina Seljestokken held fram som nestleiar og Vetle Aase Øvrebotten og Tone Seljestokken som styremedlemmer. Elisabeth Ruud Nordbotten stod ikkje på val.

Historia til gravrøysane

Riksantikvaren har løyvd 282.000 kr. til informasjon og tilrettelegging for publikum ved dei største gravrøysane i Botnane. Det skal lagast skilt og stoppeplassar.

Målet er å auke kunnskapen om røysane og sette dei inn i ein større samanheng, og gjere dei meir tilgjengelege for folk.  På grunn av koronaen må vi utsette opninga, men alt arbeidet skal bli ferdig i år.

Aktivitetskalender for 2020

Styret i grendalaget har sett opp ein aktivitetsplan for 2020, med oversikt over datoar for kafear, dugnader og basar, osv. Dette for at folk skal kunne planlegge å vere med om dei kan.

Ønskjer du å leige lokale?

Turar

Botnane og Årebrot kan by på mange turar – sjekk dei ut her!