Fridtjov Urdal

Fridtjov Urdal (1952) vaks opp på eit trekyrs bruk på Årebrot. Han lærde Håvamål og Snorres kongesoger utanboks då han var liten og er det næraste vi kjem ein skald i vår tid. I bøkene «Fritt etter Fridtjov» (2015) og «Fridtjov» (2016) på Selja forlag samla han ord til bruk i «tide og utide» og han let oss bruke dei fritt på nettsida botnane.no. Det gjer også Selja forlag. Anja Tveiterås let oss bruke portrettet ho teikna av Fridtjov Urdal. Takk til dei alle.

Fridtjov Urdal har arbeidd på fiskebåt, i smelteindustrien, reist med utstillingar for Riksgalleriet, skrive teater, revy og er tilsett som kunst- og kulturformidlar ved Sogn og Fjordane kunstmuseum. Han likar  å legge seg opp i det han ikkje har noko med og ynskjer seg gravemaskin: «For då må det no vere råd å få gjort noko som syner att her i livet», seier han.