Botnane grendahus
– «Huset som talar»

Inngangen til forsamlingslokalet i Botnane grendahus ligg på baksida av det gamle skulehuset frå 1927. Den sokalla «Sløydsalen» vart pussa opp på dugnad fyrst på 1990-talet. I 2019 vart det sett inn heilt nytt kjøkken. Lokalet blir brukt til alt frå møte, basarar og søndagskafear, til ulike familieselskap og minnestunder.

Rommet har god plass til 60-70 personar. Det er lågt under taket og trekvite veggar med mykje lokal kunst. Der er også eit piano for dei som vil spele til allsong eller underhaldning. Eit lite, men velutstyrt kjøkken ligg vegg i vegg med forsamlingslokalet.

Det er to utgangar frå dette lokalet. Den eine rett ut på mark, den andre via gang og overbygg. Det går fint å kome seg inn med rullestol. Det er to toalett og ein dusj i tilknyting til gangen.

Det er godt med parkeringsplassar på baksida av grendahuset i Botnane, utebord og nokre leikestativ.

Huset er også ein sentral del av Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim. Han budde her i 1978-85 og skreiv diktet «Huset som talar» om skulehuset. Diktet heng ved inngangen og det same gjer diktet «Den annsame». Her heng også hovudskiltet om forfattarskapet til Bruheim og lista med namn over alle som gjorde Diktarstien mogeleg.

Rimeleg leige

Du kan leige lokalet for kr 500,-. Er du medlem i Botnane og Årebrot grendalag er leigeprisen kr 250,-.

Ynskjer du å leige lokalet tek du kontakt med  Åsmund Berthelsen, mobil 932 37 073. E-post: asmund.berthelsen@icloud.com. Han er leiar i Botnane og Årebrot grendalaget.

Den avtalte leiga betalar du til konto 3775 65 59177.

Skulestova i bruk att

Botnane grendahus var skulehus frå 1927 til 1975. Skulestova ligg mot sør, på toppen av den store skulehustrappa. Etter at skulen vart lagt ned vart ho ei tid brukt som bibliotek.

No er tyngda av bøkene sende til Bokøya Hovden og veggen mellom  skulestova og utleige-leilegheita er isolert. Skulestova har vorte eit lyst og triveleg rom, med fem store vindauge og god takhøgde. Det er framleis bøker i bokhyllene, den gamle talarstolen Olav Sande laga er restaurert og trøorgelet Jan-Magnus Bruheim gav bygda står der.

Frå 2021 hyser skulestova også ei fast utstilling av skulpturane til Aase Botnmark (1927-2012), som familien hennar har deponert til Bremanger kommune. Aase Botnmark var fødd Øvrebotn, i  Botnane og ynskte at delar av kunsten hennar skulle kome «heim».

Det har vore både preike, barnedåp og julemarknad i skulestova dei seinare åra. Ho er svært eignar for mindre forsamlingar og møte, strikkekveldar, føredrag og musikk, for akustikken er god.

 

Basar i Botnane 2016.
Foto: Elisabeth Ruud Nordbotten.