Heilårs gåvebutikk i Botnane

Jacqueline Mannaart har opna jule- og suvenirbutikk på tunet sitt i Sørbotten. Her finn vi sjølvlaga julepynt, men òg motiv med hjort, båtar og andre lokale kjennemerke. Og saueskinn frå eigne sauer.

Om du ikkje er kjend i Botnane køyrer du berre til du ser eit stort, grønt juletre i tre. Der bur Jacqueline Mannaart og familien hennar, og der driv dei gard med kyr og sauer. Mannen Alex arbeider på fiskeanlegget og yngste dottera går framleis på skule i Florø. Alex og borna er også med i arbeidet med garden.

Stilla er viktig

Figurane er skorne ut med løvsag og måla eller lakka.  Jacqueline har drive med løvsagarbeid sidan ho var midt i 20-åra heime i Holland. Den fyrste figuren ho skar ut var ein norsk elg. – Eg var forelska i jula og drøymde alt då om å flytte til Norge.  I 1991 gifta eg meg med Alex, som drøymde om det same. Han hadde dessutan vore her på ferie og skulle vise meg landet. Eg gløymer aldri då vi køyrde frå Fyresdal til Tonstad i Telemark, utan å møte nokon på tre timar. Det var så godt, fortel ho og ler. Men sidan nordmenn sjeldan skjønar kvifor det var så godt legg ho til:

–  I Amsterdam er det aldri stilt og du er aldri åleine. Vi kom til Botnane i januar 2003, og det var så stille. Vi vart sure på fuglane då dei byrja kvitre og synge på våren! Det har kome seg, no tykkjer vi det er godt å høyre gauken.  Men stilla er framleis viktig for meg.

Vil vere kreativ på sin måte

Dei fyrste julene i Botnane skipa ho til julemesser, der ho selde heimelaga julepynt og arbeid frå andre handverkarar. Ei av dei fem døtrene, Britte Mannaart, (Sjå Firdaposten frå 24.05.2014) har utdanna seg i produktdesign og har masa på mora om at dei må på julemesse att.

– I januar i år fann eg fram att dei gamle modellane mine og byrja skjere. Det var veldig kjekt og eg har stått på for å lage nok produkt til å opne butikk og Facebookside. Eg må vere kreativ på min måte og kan ikkje ha nokon som bestemmer over meg. No føler eg at eg gjer det eg har lyst til.

Jacqueline har 38 vinterfora sauer av den gamle norske spelsaurasen og to kyr. Alle går ute heile året og held naturlandskapet i hevd, både på garden og i utmarka Sør i stranda, mellom Botnane og Husefest. Ho driv økologisk og er veldig oppteken av dyra sitt ve og vel. Sidan dyra beitar på begge sider av fylkesvegen lever ho i ei konstant frykt for at dei skal bli påkøyrde. Ho oppmodar alle om å køyre sakte, av omsyn til både folk og dyr, både der og elles.

– Eg tener pengar på garden, sjølv om ingen trur det. Har ei 20 prosent stilling i helsevesenet, elles går det i gard og suvenirar. Målet er å drive ein heilårs julebutikk, med barneleikar og dekorasjonar, med sal frå eiga Facebookside Jacqueline Mannaart.

Godt tips frå fyrste kunde

Dei fyrste kundane i suvenirbutikken kom før han var opna. Det var eit tysk ektepar som leigde hytte i Sørgulen og måtte ut å sjå. – Tyskarane elskar jula, slik som eg. Dei fortalde at dei særleg likar nordiske motiv som hjort, rein og elg, og det har eg laga i alle år.  Den tyske dama gav meg tipset om å lage eit stort juletre som skilt. Det eg hadde laga frå fyrst av var mykje mindre. Det er veldig artig å drive produkutvikling med folk som kjem på besøk.

Jacqueline Mannaart hevdar at ho ikkje er spesielt kreativ, ho er best til å utføre handverket med eigne og andre sine idear, meiner ho. Difor håpar ho at folk som vil ha laga spesielle motiv tek kontakt.  Folk kan også ha eigne innspel om dei vil ha ein liten endring i utforminga av eit basisprodukt eller ein annan farge. Jula er største inspiratoren, men elles ser ho for seg å lage alt frå sjø og havmotiv til hytter og naust, via høner og egg til påske, til heksene på Hornelen.

– Kvart motiv eg lagar får eit nummer som eg håpar gjer det enkelt for folk å vite kva dei bestiller på Facebook-sida mi. Er eg utseld lagar eg berre meir. Største utfordringa vert å få folk inn på tunet. Eg trur turistane kan vere interesserte i ein meir «heil pakke»; sjå på dyra, høyre korleis vi lever her, besøkte gravrøysane frå Brondealderen, og eg kan fylgje dei rundt og fortelje. Folk er interesserte i dyr, folkeliv og historie, og det kan eg by på, seier Jacqueline Mannaart.