Foto: Kjersti Straume

Utegangarkyr og buss

Utegangarkyrne til Audun Sande er ofte det fyrste vi møter når vi kjem til Botnane.

Dei går ute heile året og held seg mykje langs fylkesveg 577  i Nøre stranda, både kyr og kalvar. Det er viktig å køyre forsiktig både der og vidare, då hus og gardstun ligg nær vegen heilt til Villevika. Skulle du vere uheldig å køyre på dyr er det viktig å gje beskjed til 02800, slik at det vert registrert. Politiet tek då kontakt med Audun Sande slik at han får teke seg av dyret. Han har mobil 918 62 338. I tillegg til å drive kjøtproduksjon køyrer han buss for Firda Billag. Mellom anna skule- og arbeidsrute Botnane-Årebrot, og ein tur i veka til Svelgen.