Ananuais thaimat

Amanuai Nesthus skipa i 2018 selskapet Amanuais thaimat.  Ho har salsvogn og reiser rundt på ulike arrangement, med sine lokalt så velkjende, gode vårrullar og anna thaimat.

Amanuai lagar middagsmat både til dei som arbeider på steinbrotet til Norwegian Sandstone Export i Seljestokken, og til arbeidarane i Mesta, som byggjer bruer i Botnane. Amanuai byr på både norsk og thaliandsk mat.

Ho satsar på å levere mat til selskap og einskildpersonar, med base på Årebrot. Amanuai bur vegg i vegg med grendahuset der, som er godt eigna for større selskap. Saman med mannen Kjetil Nesthus, har ho ordna til og laga mat til fleire selskap her. – Ho likar å lage mat og eg likar å prate med folk, så vi er eit bra team slik, seier Kjetil Nesthus, som elles arbeider på båtverkstaden i Seljestokken.

Gjestane kjem med båt til kaia på Villevika på Årebrot, ei 10. min. reise frå Florø. Dei spreke kan gå, og dei som må ha skyss får det i den åtteseters bilen til ekteparet. – Når folk kjem med båt må dei bli her til selskapet er slutt.  Vertskapet slepp at folk går på pub før det er over. Det har fleire kommentert som ein fordel med å feire fødselsdagar på grendahuset på Årebrot, fortel Kjetil Nesthus.

Amanuai Nesthus mobil 48219572

E-post: amanuainesthus@gmail.com