Opnaren – Middagsnova – Storemyr – Skudalen

Turen tek fire timar ein veg. Han startar i Korsnesvika, rett opp for den gamle ferjekaia i Botnane. Du fylgjer kanten av hammaren opp til vestsida av Knoltrane. Det er sti oppover, men det er litt tettvakse somme stader.

Oppe på kanten kan du ta deg ein avstikkar ut på Opnaren, med flott utsikt både vest- og nordover. Elles svingar du søraustover og får ei jamn stigning mot Middagsnova, medrekna eit par litt brattare bakkar. Fint å gå og stort sett over skoggrensa heile vegen.

Frå Middagsnova er det høgfjellsterreng vidare søraustover. Lett å gå, men ikkje sti. Gå på austsida av Tverrdalsvatna og sving austover på nordsida av «Vatnet på fjellet». Då ber det rett austover til Storemyr, med Sløkjevatnet på nordsida.

Dette kan òg vere fyrste delen av Botnane rundt. Frå Storemyr kan du gå mot nordvest til Grønegga og Storehornet. Dersom du gjer det siste kan du fylgje skora ned i Fossedalen og gå opp att i Steindalen. Men det er lettast å gå opp til Grønegga og vidare ned til Langevatna og så fylgje ruta vidare til Skudalselva.

Kjelde: Teksten er henta frå Turboka for Bremanger, som Bremanger Hamn og Næring gav ut i 2010. Vi har fått løyve til å brukte den.