– Vi blir aldri arbeidslause

Skifertaket er endeleg på plass.
Etter fem år med mykje att og fram er skifertaket på plass på huset i Storevika. Det kom på 680.000 kroner og vi spør Siv Elise Gulestøl og Eddy Robertsen om «gode råd» for andre som har planar om å byte tak på gamle hus. – Vi har lært på den harde måten, slår Siv Elise Gulestøl fast og fortel om røyndommen. – Ja, men vi fekk dekka meirkostnadane med skiftertak, legg sambuaren Eddy Robertsen optimistisk til. Frå hausten av skal dei bu mest i Storevika for å få gjort meir med alle planane dei har for staden. – Vi blir aldri arbeidslause, slår dei fast.
Dei skryter av samarbeidet med Kulturminnefondet og minnest diverse taktekkarfirma med gru. – Kulturminnefondet var veldig opptekne av at vi skulle bruke lokale firma, handle lokalt og bruke om att så mykje takstein som råd. Men det synte seg vanskeleg å få til i praksis, særleg det med lokale fima, seier Eddy Robertsen.
– Den lokale snekkaren Adrian Brandsøy kunne diverre ikkje ta det på seg, men har likevel hjelpt oss mykje under vegs i å gjere ulike vurderingar. Heretter kjem vi til å bruke det lokale familiefirmaet Brandsøy (på Årebrot), sjølv om vi må vente til dei har tid. Andre firma mista interessa når dei skjønte kor «usentralt» Storevika låg, då gadd dei ikkje kome, og det var ein for stor jobb for eit einmannsføretak. Det fyrste bodet vi fekk og godtok var på 225.000 kroner, men firmaet møtte aldri opp, fortel Siv Elise Gulestøl og minna om alt styret med å få det til strøymer på. Ho var nøydd til å fylgje med heile tida og det vart mange turar mellom Horten (der dei bur) og Storevika, for ikkje å snakke om hennar 250 e-postar! Ho skaffa seg advokat for å kome trygt i mål og sjølv advokaten byrja få nok av alt styret før dei var ferdige.

Garden har vore i familien til Siv Elise Gulestøl i fleire generasjonar.
Siv Elise Gulestøl såg ei lysing for firmaet Takbytte i eit blad Huseiernes Landsforbund gjev ut og tenkte det skulle gå greitt sidan Huseiernes Landsforbund «gjekk god for dei» med å la dei lyse i bladet sitt. Dei skulle kome til Storevika før påske i fjor, men dukka ikkje opp. Det synte seg at dei hadde sett vekk jobben til eit anna firma og det sette den vidare til eit tredje. – Dei som kom var eit lite nyskipa firma frå Bergen, ein mann frå Polen som hadde med seg kona og ein hund. Då eg kom hit dreiv han og kasta ned skifter frå taket, skifer som vi skulle bruke om att. Og det var berre stillas på ei side av huset. Eg måtte beordre stans i arbeidet, og alt synte seg å vere gjort feil, bortsett frå sutaket. Men reglane er slik at firmaet måtte gjere ferdig arbeidet før vi kan reklamere på det. Firmaet gjekk konkurs og fyrst då sette Takbytte, som hadde sett vekk jobben, inn eigne og dyktige folk, og gjorde om att det heile med godt resultat. Heldigvis var det dei vi hadde fastprisavtalen med, seier Siv Elise Gulestøl. Ho trur firmaet må ha hatt store tap på at arbeidet måtte gjerast på nytt. – Men utan den hjelpa vi fekk frå Adrian, Kim og Ronny (Brandsøy) hadde ikkje dette gått, slår Gulestøl fast.
– Det har vore ei påkjenning
Anbodet på taket var 680.000 kroner og det var huseigar sin jobb å skaffe tidsrett skiferstein i tillegg til den som kunne brukast om att. Skiferen fekk dei kjøpt i Naustdal, som i denne samanhengen må reknast som lokalt. Ved oppstart av arbeidet betalte dei 40 % av kostnadane, når arbeidet var kome halvvegs nye 40 % og 20 % når det var avslutta. – Vi hadde altså betalt mykje før alt arbeidet måtte gjerast på nytt, og sjølv om vi hadde fastprisavtale med «moderfirmaet» har det vore ei skikkeleg påkjenning. Det har vore tungvindt å fjernstyre denne prosessen og stundom har eg vore så fortvila at eg har lurt på kvifor eg gjer dette, seier Siv Elise Gulestøl.
– Kvar er det pengar å hente til å byte tak på gamle hus?
– Vi søkte og fekk pengar frå Kulturminnefondet og Stiftelsen UNI, det er ei stifting som mellom anna gjev støtte til vern av historiske bygningar. Kulturminnefondet er særleg opptekne av å gje støtte til restaurering av skifertak for dei er truga av utrydding, det vil seie at folk vel rimelegare løysingar når dei skifter tak på gamle hus, seier Eddy Robertsen.
– Kor mykje fekk de?
– Vi fekk godkjent inntil 200.000 kroner frå Kulturminnefondet og 40.000 kroner frå UNI til taket. I tillegg fekk vi 30.000 kroner frå UNI til brannsikring. Det var til restaurering av pipe og mur slik at eldstaden fungerte. Totalt fekk vi 270.000 kroner og det dekka meirkostnadane med å legge skifertak. Men alt styret det vart med arbeid som måtte gjerast om att og fristar som stadig måtte utsettast følte vi at vi stod fram som useriøse typar, særleg i høve til Kulturminnefondet. Dei har vore veldig greie med oss og vi fekk firmaet Takbytte til å ringe dei og forklare at mykje hadde gått gale, seier Siv Elise Gulestøl. Etter reglane skal prosjektet du får pengar til vere ferdig innan eitt år. Arbeidet med taket i Storevika skulle vore ferdig i juni 2025, men vart det ikkje før i februar 2026.

Huset i Storevika er frå kring 1934, pluss minus, seier Siv Elise Gulestøl.
I utgangspunktet er det bygningar som er over 100 år som kan få slik støtte til byte av skifertak som huset i Storevika har fått, men hus bygde på 1920- og 30-talet kjem også inn under ordninga. Kulturminnefondet har strenge reglar, til dømes kan du ikkje bruke impregnert materiale om du vil ha pengar frå dei, og i Storevika kunne dei ikkje få tilskot til pipebeslag (hatt) fordi det ikkje var det frå.
Eddy Robertsen har vore nestleiar i Hovudutvalet for bygg, regulering og næring i Horten kommune, og kallar seg «hobbypolitikar» som varaordførar for Venstre. Bakgrunnen hans frå nett det hovudutvalet har vore gull verd i alle søknadane som har vore sende om tilskot til restaureringsarbeidet i Storevika. – Det har det nok, vedgår han, men det har også vore viktig at Siv Elise kan historia til huset og garden, for du må ha ei historie å fortelje når du søkjer om pengar til restaurering. Dette er eit typisk fiskarbondebruk og i søknadane har vi lagt vekt på at vi vil ha fram att kulturlandskapet, til dømes med å grøfte jordstykket som høyrer til garden.
– Vi vert aldri arbeidslause her, slår ho fast. Ho er oppteken av å gjere skikkeleg arbeid slik at dei tre døtrene slepp å styre med så mykje når dei tek over. No satsar dei begge på å vere meir i Storevika for å gjere ferdig det som står att på huset og stelle dei andre bygningane på garden. Eddy drøymer om å få oppatt løa, ho om drivhus. Og så skal det grøftast og ho treng meir stein til murane i tunet. Nett no er ho i manko for stein! Men det reknar dei med å finne rikeleg av på jordet dei driv og ryddar før grøfting.


Det ligg også to hytter på garden som skal restaurerast for utleige.
Studiar og kontoret i veska
Siv Elise Gulestøl er spesiallærar i den vidaregåande skulen og frå hausten av skal ho studere rådgjeving og danning som fjernstudium med base i Storevika. Eddy er i den heldige situasjonen at han har kontoret med seg i veska. Han driv med sal og utvikling av programvare for HMS og tryggleik. – No skal eg ha hovudkontor i Storevika, ler han. – Eg elskar å vere her, er heilt nyfrelst. Eg er ikkje versjuk og likar storm. Eg er oppvaksen i Vestfold og har segla mykje. Og i mine auge ligg Storevika nokså sentralt, det er berre ein halvtime herifrå til flyplassen i Florø.
Dei ser føre seg å drive med utleige av husa i Storevika, i alle høve dei to hyttene på eigedommen. No når turistar oppsøkjer styggever framfor godver, regn framfor sol og kjøleg ver framfor varme trur dei det vil vere framtid i å drive med turisme på våre kantar.
Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 19. juli 2026.
