Brukte fyrste studielånet på grøfting i Storevika

Hovedhuset i Breivika vart bygt i 1934. No er det bygt på og snart totalrenovert. Det skal ikkje vere altan over heile framsida, men eit frambygg over døra. – Det kjem når vi er ferdige med tilbygget bak, seier Siv Elise Gulestøl. Her står ho i midten med dei to eldste døtrene, Nora Amalie og Ingrid Elise.

Siv Elise Gulestøl arbeider som lærar for å ha lang nok ferie til å vere i Storevika heile sommaren. Ho kjem til Sildebordet i Florø i juni og dreg heim att til Horten fyrste helga i august. Bortsett frå sju år på 1980-talet har Siv Elise vore her kvar sommar frå ho var eitt år. – Forholdet mitt til Storevika er veldig tett og viktig for meg. Eg skreiv mest ikkje ein skulestil utan at eg trekte inn eitt eller anna om Storevika. I 1995 brukte eg fyrste studielånet mitt til å grøfte her, fordi det var så vått rundt huset, fortel ho.

Det er dagen før heimreise at eg kjem for å snakke om Storevika med Siv Elise Gulestøl (44) og dei to eldste døtrene, Ingrid Elise Gulestøl (20) og Nora Amalie Gulestøl (15). Yngstejenta Hanna Malene Gulestøl (13) hadde reist heim att nokre dagar før, saman med faren Frank Anonsen (50).

Eldstejenta Ingrid Elise tykkjer det er «deilig» å vere i Storevika, medan Nora Amalie vedgår at ho og yngste systra nok saknar kaffibarane og venene heime når dei er i Storevika, men ho likar seg her.

– Det er ingen sure miner når vi er her. Dei hjelper til og er med på det som må gjerast. Vi blir aldri arbeidslause i Storevika, men prøver å sette ned tempoet litt også. No har vi skaffa oss hest, som skal vere med over fjellet om sommrane. Til no har vi brukt å ha med oss to bikkjer og ein katt, seier Siv Elise.

– Kva med å flytte hit fast?

– Vi har snakka om det, men har sett det på vent til ungane er ute av heimen. Det er sjeldan noko sjakktrekk å flytte med tre ungdomar. Det vert også for tungtvindt med pendling for Frank, som er flygar i Norwegian, seier Siv Elise. Sjølv er ho utdanna barnevernspedagog og arbeider som spesiallærar ved Horten vidaregåande. Det er ein bakgrunn ho reknar med det kan vere bruk for også i Flora/Bremanger.

Slektstavla
No er det kanskje på tide å klargjere kva slektsrøter som gjer at Siv Elise Gulestøl har garden i Storevika, mellom Husefest og Seljestokken. Oldeforeldra var Malla (Amalie) og Mattis (Mathias) i Storevika, med etternamnet Gulestøl. Farfar og farmor var Trygve og Hanna Gulestøl, som budde i Jondal i Hardanger. Farfar Trygve var veldig oppteken av slekta og tok vare på alt han fekk av brev, kort og avtalar. Han hadde mykje kontakt med slekta og naboane til Storevika, Kristi, Solveig og Isak Breivik. – Gjennom alt han tok vare på kan vi lese oss bakover i tida og finne ut av mykje ingen i dag veit noko om. Mellom anna breva frå systera til Mattis, som utvandra til Dakota i Amerika, seier Siv Elise Gulestøl. Sjølv vaks ho opp i Horten, som dotter av Gisle og Liv Gulestøl.

– På slutten av 1960-talet, då farfar byrja å reise hit, møttest heile storfamilien her i Storevika, med masse tanter, onklar og syskenborn. Men frå eg var sju til 14 år var ikkje familien min her, og huset var i sporadisk bruk etter at farfar slutta å reise hit. I 1989 reiste eg opp hit åleine, 14 år gamal, mest for å sjå korleis det stod til. Då hadde det hopa seg opp mykje rusk og rask i huset og eg brukte fem veker på å tømme det, minnest Siv Elise Gulestøl.

Huset i Storevika vart bygt i 1934, av båtbyggjar Sigurd Gulestøl i Kalvåg, son til Malla og Mattis. Men han bygde det ikkje ferdig, så det har vorte gjort litt etter litt. – Det var tydeleg at det var ein mann som hadde sett det opp, for på kjøkkenet var det fire dører og eitt vindauge! Eit lite og upraktisk rom, for å seie det forsiktig, ler Siv Elise. Ho gjev mannen sin, Frank Anonsen, æra for handverket som er gjort i nyare tid. – Ja, det var fyrst då Frank kom inn i bilete, for 20 år sidan, at det vart fart i sakene. Vi har restaurert huset og isolert det utvendig, skifta alle vindauge og kledning, og bygt på eit inngangsparti på baksida. Likevel synst vi det går seint, sjølv om det er gjort mykje. To naust har fått nytt golv, men løa er det framleis berre murane att av. Planen er at ho skal opp att, bak den gamle sauefjøsen, som heldigvis stod, fortel Siv Elise. Sjølv er ho best til å teikne korleis det kan bli og til å lage blomsterbed. Ho syner stolt rundt i hagen sin, der hjorten har sette sine spor på rosene natta før.

– Det er ikkje «butikk» i å eige Storevika og vi må gjere restaureringa stegvis. Men eg har alltid sett potensialet i plassen, huset her er på ein måte mitt «dokkehus». Eg er veldig glad i å ta vare på og samle på gamle ting, så det har vorte ein del turar innom brukhandlarar rundt om i landet, seier ho og ler mot døtrene, som nikkar stadfestande.

Storevika blir ikkje seld  

No har vi kome eit stykke på veg, men det er nok att å gjere. Vi må få det i orden og lettare å halde til neste generasjon skal ta over. Eg har trua på Ingrid der, seier mora og siktar til eldste dottera.

– Ja, mamma snakkar stadig om «kva når de tek over?». Ho og pappa er veldig opptekne av å levere det frå seg i god stand og at vi ungane skal få eit nært forhold til plassen. No snakkar dei om å pusse opp ei hytte på toppen her, som dei skal bu i når vi tek over hovudhuset. Eg kjenner meg sikker på at vi aldri sel Storevika, seier Ingrid Elise Gulestøl fast.

Familien Gulestøl/Anonsen prøver å få i bruk att gardsnamnet Storevika, som var vanleg før. På vågen er det to viker kring eit lite nes. Garden er kalla opp etter vika i retning Husefest, medan nabogarden heiter Breivik etter vika i retning Seljestokken. Etter at det kom veg forbi plassen har Breivika vorte eit samlenamn i daglegtalen.

– I fjor sommar byrja vi å slå bøen på garden, som har lege brakk sidan nabo Isak slutta med gardsdrift. Vi kvervar høyet og gjev det turt til Jacqueline i Botnane, som driv med sauer. Det er hyggeleg og overkommeleg arbeid, høyet kjem til nytte og dessutan ser det meir stelt ut her når vi slår bøen, seier Siv Elise Gulestøl.

Intervju og foto: Magni Øvrebotten, 3.august 2019.

Frå venstre Siv Elise, Nora Amalie og Ingrid Elise på kjøkkentrappa.

Siv Elise Gulestøl viser stolt fram sjøbua etter oldefaren i Storevika.

På kassane står initialane MG for Mathias (Mattis) Gulestøl. Han må ha hatt god orden i garn- og fiskeutstyret, meiner oldebarnet.

Det solide bordet på sjøbua er laga av tre frå eigedomen, saga til av Otto Ullevålseter i Husefest og laga av Frank Anonsen. – Dette bordet er pappa stolt av, seier døtrene.