– Kom gjerne til hjelp og til heft

Vedahuset må stadig byggast på for å hyse fleire fjøler.

«God sommar til alle. Går no ut av data og mobil sone. Kan nåast på tekstmeldingar. Reiser til Årebrot. Kom gjerne på vitjing til hjelp og til heft. Velkomen». Dei siste åra har Fridtjov Urdal lagt ut denne meldinga på fjesboksida si fyrst i juli, og så melder han seg på att ein gong ut på hausten. Han leiger ut barndomsheimen sin på Årebrot, for at det skal bu folk i husa. Sjølv bur han på Vassenden og arbeider i Førde. I fjor byrja han å vøle til ei lita smie på garden i Uradalen til «sommarfjøs» for seg sjølv. For han kjenner at det rykkjer i røtene.

Fridtjov Urdal (67) byggjer på nok eit utspring på vedahuset når eg kjem «til heft» midt på dagen ein måndag fyrst i august. Han har kunngjort at alt han skal bruke til sommarfjøset sitt skal han anten «finne, få eller stele». Førebels har han sloppe å stele. Men det skal mykje uthus til for å halde turt alt treverket etter kulissane på Audun Hugleikson-spelet på Jølster, som han har fått til føremålet.

– Eg er ingen snikkar, men eg er glad i fjøler, gliser han, og det er råd å sjå. Det er lagra fjøler over alt. Når eg kallar han «nevenyttig» dreg han på det og meiner han er best til å få tak i andre nevenyttige. Han trur heller at han er flink til å utnytte plassen og finne løysingar.
– Det  skortar på den tekniske gjennomføringa. For når du er amatør må du gjere ting både to og tre gonger, og du er heldig om du treffer på andre forsøk, hevdar han.

–  Men no treng eg eit arbeidslag som kan hjelpe meg å få tak på smia, mellom to regnbyger. No har det vore godver så lenge at eg byrjar bli pessimistisk, utbryt han med si mest malmtunge røyst. For dei som ikkje kjenner folkelynnet er referansen dei to karane på Årebrot som møttest etter ein sommar med mykje finver. – Nei, han skal ikkje bli god når vi skal få att for dette», var dei samde om.

Leikestova eg drøymde om som liten

Eg veit ikkje kva storleik eg hadde førestilt meg på Fridtjov sitt sommarhus, men i alle høve større enn det i røynda er.  Smia er på storleik med ei lita brakke og har to små gluggar til vindauge i kvar endevegg. Dør midt på den eine langveggen og den andre gjev plass til to benkar, kommode og kunst. Veggane er måla i sterke fargar og her har Fridtjov det meste han har brukt for. Gasskomfyr og gassovn, kjøpt på Finn.no. I taket heng ein oljelampe med led-lys frå Clas Ohlson der veiken var før. Han byr på kaffi og særs tynne pannekaker med syltetøy. Fridtjov Urdal har eit godt lag med innreiing og fargar, og han er flink til å utnytte kvar krok og få det vakkert kring seg. – Dette har vorte om lag ei slik leikestove som eg ynskte meg som liten, seier han og ser seg nøgd rundt i smia.

Fridtjov Urdal kom til adoptivforeldra Ågot og Paul Urdal eit par månader gamal i 1952. Det er Årebrot som er heime for han, sjølv om han for fire år sidan fekk seg ny familie over natta. Det han kallar «Pinseunderet i 2015», då han møtte to biologiske systrer for fyrste gong og fekk greie på både kven mora, faren og slekta var. Det har gjort han godt, men det er framleis Ågot og Paul han snakkar om som mor og far.

I 1974 brann bustadhuset på Årebrot ned, eit hus han då delte med faren. – Vi mista det meste og mykje gamalt. Eg trur det har medverka til at medan andre byter til stadig nye ting byter eg til stadig eldre ting. Men det kan òg vere det ho bestemor kalla «røyskattnatur». Røyskatten dreg, som kjent, alt han kjem over heim til hola si. Såleis har eg kanskje vore ein røyskatt heile livet. Eg går framleis mykje på auksjonar. Døtrene mine lurer på kven eg trur som ynskjer å arve all denne motten og støvet, ler han.

– Søkjer vi heim att når vi eldest?

– Ja, det er mykje som tyder på det. Det er kanske ei forklaring på at bygdene får mykje eldre tilflyttarar, medan dei treng mest til yngre folk.

– Kva betyr Årebrot for deg?

– Det er den plassen eg vaks opp. Ein merkeleg plass om eg ser det i forhold til no. Korleis folk var, levde og budde. Det var ikkje innlagt vatn i alle hus her då eg vaks opp. Eg hugsar vi fekk lys i 1957, eg var fem år. Eg hugsar godt at oljelampen var einaste lyskjelda, men òg at lyset var vekke. «Lyset gjekk», sa dei og eg lurde på kor det gjekk hen? Det kunne vere vekke i dagesvis. Det var ikkje så nøye å få inn att lyset på små plassar som dette, veit du. Og når eg no – i 2019 – melder meg av Fjesboka og dreg ut hit til Årebrot, så er det knapt samband. Vi vert jo ikkje rekna med i verda om vi ikkje har nettilgang!

Tenking mot keisemd

– Kjeda du deg som unge på Årebrot?

– Når du veks opp på ein plass som dette får du god trening både i einsemd og å finne på eitkvart. Det var ingen som fann på noko for meg, men det var alltid noko å gjere. Eg skjønar meg ikkje på folk som har det keisamt. Om det vert for ille kan dei prøve å tenkje. Det kan ta vekk litt av keisemda, seier Fridtjov og no er han engasjert:

– Eg trur at får du keisemda som begrep så får du keisemda med på kjøpet. Å lære seg å tole sitt eige selskap var nødvendig her, og det kan vere nyttig lærdom i livet. Vi visste heller ikkje om så mykje anna. Å kjenne til ein annan tilstand kan skape misnøye med det du har, særleg om du veit om noko du tykkjer er betre, seier Fridtjov Urdal og minnest at det ikkje var særleg lystbetont å hesje i silregn. Men det måtte gjerast, og det var ein heil del som måtte det.

– Eg trur at det å vekse opp i naturen er noko du set pris på i ettertid og ikkje når det skjer. Og førebels har eg ikkje vorte så gamal at eg meiner at alt var betre før, seier 67-åringen som framleis arbeider som kunstformidlar ved Sogn og Fjordane kunstmuseum. Han hevdar at banken eig så mykje i han at han må halde koken i arbeidslivet ei god stund enno.

– I bøkene dine presenterer du deg gjerne med setninga «oppvaksen på eit trekyrs bruk på Årebrot i Flora»?

– Ja, men eg merkar at det er stadig færre som koplar seg på den assosiasjonen. Slike assosiasjonar vert fort utdaterte. Vi hadde hest og sauer i tillegg, bærbusker i hagen og skog. «Aurdal skove» heitte det før då det var store skogdrifter her. Solberg, Ura og Uradalen var rekna som ein av dei beste skogane i Flora kommune, med store skogdrifter og Ura sag.

– Du skulle eigentleg heitt Aurdal og ikkje Urdal?

– Ja, det er mykje som tyder på det. Aurdal-namnet kom av at elva grev. Men dei gløymde kanskje kva namnet betydde og gav det ei ny tyding, og her er då rikeleg med urar. Det er ein pen plass, sørvesten og austavinden tek, men elles er her bra med livd, seier Fridtjov Urdal, før han dreg på seg jakka og held fram arbeidet med å få under tak alle fjølene han har fått på Jølster.

Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 5. august 2019.

Garden til Fridtjov Urdal ligg vakkert til under Futenipa på Årebrot.

Den gamle smia som er gjort om til sommarhus. Det skal på nytt tak i haust.

– Her har eg alt eg treng, seier Fridtjov Urdal.

Seglskuta har Fridtjov Urdal laga sjølv.