Ny kjekk Bygdehelg

Godt vèr, mykje god mat, stor dugnadsinnsats og god oppslutning om aktivitetane,  og 40.000 kr til drift og vedlikehald av grendahusa våre!  Det må bli konklusjonen etter Bygdehelga 2026, 10.-12.juli. Den sjette i rekkja.

Den startar fredagskvelden med med konsert og vert avslutta med basar på søndagen. Vi noterte over omlag 20 – 25 deltakarar på aktivitetane og kring 60 på basaren! Etter det vi kunne registrere var det ei hyggelig og god stemning, og mange gode samtalar gjennom helga.

Litt spesielt i år var dåpsgudstenesta som var ute, på Jørnjorda! Og så vil vi ta fram all den gode maten som vert laga til og servert, på dugnad. Både på lunsjkafeen i grendahuset i Botnane på laurdag, og i grendahuset på Årebrot på søndag. Svært god mat!

Det kom vel 30 menneske til fiskekonkurransen i Nøre vatnet og fleire av dei fekk fisk – og det vart kåra vinnarar i sendebrettkonkurranse på den store og flotte sendebrattbana i Botnane. På Årebrot var det i tillegg til basar også foredrag av Fridtjov Urdal om næringsvegar  der gjennom tidenene. Og det gjorde Fridtjov i friluft heime hjå seg sjølv, på Kvia. Tre, stein og fisk har vore det sentrale i det som har vore av næring i området. Elles var det omvising på skulptursamlinga etter Aase Botnmark i Botnane grendahus og Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim.

Her er nokre biletglimt frå Bygdehelga 2026:

Halvard Husefest Lunde og Ronny Nymark Johannesen utgjer gruppa To karnaljar. Dei opna Bygdehelga med konsert fredag kveld.

Søndag var vi på Kvia hjå Fridtjov Urdal. Han fortalde om «Liv og verksemd på land og hav», om næringvegar på Årebrot fram gjennom tidene.

Søndags var det dåpsgudsteneste på Jørnjorda, der Olava Kristofa Espedal vart døypt. Gudstenesta var med sokneprest Dag Leirvik og kantor Brunhilde Engelhardt.

Nordavinden var tidvis så frisk at noteark, songar og preikemanus bles vekk, men vart henta innatt. Og vinden roa seg og høgtida vart vel gjennomført.

Laurdag vart det opna bru over Nøre elva på Demma, som gjer at vi slepp hoppe over eller balansere på steinane. Torbjørn Øvrebotten hadde bygt brua og merka ei ny tursti over Åsen.

På nordsida av Åsen er furuskogen særs småvaksen, medan det er gamal furuskog på sørsida, med delvis svært store tre. Stien over Åsen er merka med raude målingsmerke på steinar og tre. Fjellet vi ser over urane her heiter Kamben.

Godt med folk på basaren i Årebrot grendahus søndag ettermiddag, og mykje god mat.

Her ser vi så vidt i scena med alle gevinstane vi fekk inn til basaren. Mange av dei er framleis heimelaga.