Årebrot grendahus – storstova vår

Grendahuset på Årebrot vart bygt som skulehus i 1985 og har eit stort forsamlingslokale der det rømmer 80-90 personar. Det er scene i rommet, høgt under taket og kjøkkenet ligg vegg i vegg. Huset har garderobe med dusj, fire toalett, eit romsleg inngangsparti og gang. Det er loft over halve huset, der det går an å overnatte og nede er det trimrom.

I gangen heng det dataprinta bilete av Fridtjov Urdal, som er frå Årebrot, og kunst av Bjørn Hegranes, Ludvig Eikaas og Finn Egil Eide.

Huset ligg for seg sjølv ved vegen og er godt tilpassa bruk av rullestol. Forsamlingslokalet har store vindauge mot det vakre Kvernhusvatnet, som er fullt av vassliljer om sommaren.

Grendahuset vert brukt til større tilstellingar for bygdene Botnane – Årebrot, som til dømes 17. mai, basar og julemarknad. Det vert også leigd som selskapslokale og til samlingar som treng god plass. Det er rikeleg med bord og stolar og eit godt utstyrt kjøkken. Her er også ein stor fjernsynsskjerm på hjul, til å vise bilete og tekst på.

Det er godt med parkeringsplassar kring grendahuset på Årebrot og det ligg i gåavstand frå ferjekaia på Villevika, der rute- og skyssbåtar legg til. Elles kan du køyrde hit på fylkesveg 577, Frøysjøvegen, der du tek av ved skiltet til Botnane i Myklebustkrysset, frå fylkesveg 614.

Rimeleg leige

Du kan leige grendahuset på Årebrot for kr 600. Er du medlem i Botnane og Årebrot grendalaget er prisen halvert til kr. 300.

Vil du leige huset, ta kontakt med  leiaren i Botnane og Årebrot grendalag, Åsmund Berthelsen, på mobil 932 37073. E-post: asmund.berthelsen@icloud.com

Når du har leigd grendahuset på Årebrot skal du betale den avtalte leiga til kontonr. 3775 65 59177