Aktivitetar i Botnane og Årebrot

grendalag hausten 2018

Dato  Aktivitet Ansvarlege(vertar)
14.oktober

kl. 16.00 – 18.00

Søndagskafe på Årebrot Tone og Nina Seljestokken
4.november

kl.16.00  – 18.00

Søndagskafe i Botnane Torbjørn Øvrebotten
10.november Hjortefest i Botnane Jegarane
2.desember

kl.16.00 – 18.00

Søndagskafe med Juleverkstad i Botnane Alex og Jacqueline Mannaart
27.desember

kl-16.00 – 18.00

Romjulskafe i Botnane Marion van Eck og Elisabeth Nordbotten

På søndagskafeane framover prøver vi å få til eit innslag/programpost kvar gong.  I haust har vi to tema vi vil ha opp: Kva med Botnane og Årebrot med kommunesamanslåinga, og  om gravrøysane langs Frøysjøvegen, frå Årebrot til Botnane.  Bremanger kommune har fått midlar frå Riksantikvaren til skilting og tilrettelegging til publikum. Grendalaget vil bli engasjert, og vi vil gjerne få ut informasjon både om gravrøysane og om arbeidet som skal gjerast.

Søndagskafeane er vekselsvis i grendahuset i Botnane (til venstre) og på Årebrot. Bilete til høgre er frå sommarbasaren 2018. Siste læraren i Botnane, Kari Rye Krøtø, og ein av  tre elevar, Anne Sissel Nordbotten, fortel om skuleåret 1974/75.