Av Ståle Sørbotten (1935)

For dei fleste av oss som var i skulealderen, eller mindre, kan knapt krigsåra 1940-45 seiast å vere serleg dramatiske. Men vi vart likevel stadig minna om krigen, fordi dampskipsleia gjekk nord-sør gjennom Frøysjøen. Det gjekk vel knapt ein dag utan tyske krigsskip passerte.

Var det fleire i følgje vart det store bårer som braut mot land. Hadde vi robåtar liggande ute i støa var det ein ting å gjere. Enten å vere snare å dra båten høgt på land, eller å få den lenger ut på sjøen så han kunne ri bårene. Det siste var utruleg spanande, men i dag forstår eg ikkje at foreldra våre tillet det. Utover i krigen var ein del skip utrusta med store sokalla sperreballongar som var festa i fram og bakmasta og som skulle hindre angrep frå engelske fly. Det var litt av eit syn. Når det kom skip sørfrå var det ballongane vi såg først stige fram over Aksla i Sørbotten.

Det er likevel ein del hendingar som sit meir i minnet enn andre, ei av dei er angrepet på M/S «Freikoll» natt til søndag 8. oktober 1944.

Vi vakna av kanonlarm ute i skipsleia i Frøysjøen. Foreldra fekk oss opp or sengane og ned i kjellaren. På veg ned såg vi sporlysa etter granatane ut for Sørbottsneset. Vi vart sitjande og hutre ei god stund nede i kjellaren før det heile stilna av. Då vi kom ut stod ein båt i full fyr. Seinare på dagen var vi borte i Sørbotten i eit eller anna selskap hos farbroren min, Bjarne. Der fekk vi greie på at ein båt som heitte «Freikoll» var skoten i brann og stranda sør med Opnarhella. Vi måtte opp på Aksla for å ta dette i augesyn. Det rauk og brann godt frå vraket. Båten var lasta med tremateriale som ein del personar i frå Sørbotten dreiv og berga i land.

På veg nordover med trelast

Opplysningar frå http:// skipet.no fortel at MS Freikoll var ein trebåt på 236 brt med ei 300 bhk B&W, bygd ved Lindstøl Skibsbyggeri i Risør og levert til  AS Nordhavet Rederi i Kristiansund i 1941. Dimensjonen på skipet  er oppgjeve til å vere ei lengde på 119 fot, breidde 23 fot og djupne 11 fot. I følgje http:www.skipshistorisk.no var «Freikoll» eit lasteskip i tre og levert til reiarlaget 10.desember 1941. Fartyet gjekk stort sett i rutefart mellom Oslo og Kristiansund – sild og fisk til Oslo og tremateriale tilbake til Kristiansund. Denne skjebnetunge natta var «Freikoll» på veg nordover og då var sansynlegvis lasta tremateriale. Det stemmer ogso med det eg såg då vi stod opp på Aksla.

I følgje http:// skipet.no vart  «Freikoll» angrepen av to norske MTB’ar natt til 8. oktober 1944 i Frøysjøen, rett sør for Olaskjer lykt. MTB722  sende av garde to torpedoar, men dei bomma. MTB’ane gjekk så til åtak med kanoneld og sette «Freikoll» i brand. Mannskapet på «Freikoll», 9 stk vart tekne om bord i MTB722.

Kaptein Myrseth fortel

Eg skal gjengje ein artikkel som stod i Romsdalsposten 11. mars 1972 – eit intervju med Petter Myrseth, som var kaptein på «Freikoll» på denne turen.

«I 1942 fikk han skipperjobben om bord  i 400-tonneren D/S «Freikoll» som tilhørte Backers Rederi og gikk med sild og fisk til Oslo og med gjenreisingsartikler som trelast m.v. tilbake til Kristiansund. I denne farten opplevde han den dramatiske episoden som skulle føre til at han fikk tilbringe det siste krigsåret i England.

En septembernatt (dette skal nok vere oktober) i 1944 ble D/S «Freikoll» skutt i senk av to norske motortorpedobåter nord for Florø. Nordmennene trodde at D/S «Freikoll» var en liten tysk tankbåt, og dermed satte de kanonene i gang. En nordmann, Petter Myrseth senere snakket med, fortalte at kanonene fyrte av 3600 skudd i minuttet, så det var noe til salve den lille Kristiansundbåten fikk.» (Her er det nest so att eg tvilar på om dette var mogeleg , sjølv om det var to torpedobåtar som fyrte laus. Eg synest å minnast at dei var utstyrt med ei kanon framme. Med båe to i sving måtte dei skyte 30 skot i sekundet og etter mitt begrep høyrest det usansynleg ut.)

«Det var et under at vi berget livet» sier Petter Myrseth .- «Det tok fyr i maskinrommet og vi klarte ikke å få låret livbåtene. En av besetningene, Erling Nøstvold, hoppet i sjøen  og ble senere tatt opp i god behold. Da jeg ble klar over at det kanskje var nordmenn på marinefartøyene, ropte jeg i en pause mellem skuddsalvene over til dem: «Er dere norske så må dere holde opp og skyte»- Snart ble situasjonen avklart, og det endte med at 5 av mannskapet på D/S «Freikoll» ble med over til England, nemlig Ola Myrseth junior,Erling Nøstvold, Kristian Kvendseth, stuert Erling Bjerkestrand og jeg. De andre kom sig om bord i en fiskeskøyte og berget seg i land, mens D/S «Freikoll» gikk til bunns.»

Angripen ved eit mistak

Fiskeskøyta var Vikar I. I følgje boka til Trygve Nordanger, Lang kyst, side 155 vart «Freikoll» angrepen ved eit mistak, MTB mannskapet trudde det var eit av dei nederlandsk fartya som okkupasjonsmakta hadde rekvirert til sitt bruk. Det var i alle høve eit mistak at fiskefartyet «Vikar I» som ogso var på nordgåande kurs eit stykke etter «Freikoll» vart angripen. «Vikar I»  snudde då «Freikoll  vart angrepen, men eit av marinefartya, MTB7122 innhenta fartyet og tok det i arrest.  Dei ni om bord i «Freikoll» vart tekne om bord i MTB 722, men fire av dei vart sette om bord i «Vikar I», dei andre følgde med til Shetland. «Vikar I» var frigjeven og  fekk fare vidare. Mellom dei som følgde med vestover var som sagt kapteinen på «Freikoll» fordi han i følgje Nordanger, hadde streng ordre frå krigsmakta om å ferdast med fartyet berre i dagslys. Han fann det difor tryggast å komme seg til Shetland for å unngå represaliar.

Både skipshistorisk.no og  Nordanger skriv at «Freikoll» rak i land ved Olaskjær lykt. Det må vere feil, for som nemnt ovanfor, såg eg med mine eigne auge at fartyet var stranda ved Opnarhella, sør for Sørbottsneset fyrlykt. Dette stemmer ogso med opplysningane frå http:// skipet.no, sjølv om dei har skrive Sørebøneset. Vermessig var det og lite sansynleg at «Freikoll» ville reke nord på Olaskjeret. I følgje Metrologisk Institutt sin stasjon på Kråkenes fyr, var det vestnordvest liten kuling den 8. oktober 1944 og når vindretninga var slik der, var ho nok det same i Frøysjøen. Det var difor heilt naturleg at «Freikoll» ville strande ein eller annan stad sør for Sørbottsneset fyrlykt.

Restane av «Freikoll» låg der til langt etter krigen, men det var stort sett berre spanta som var synleg.

Biletet av «Freikoll» er teke inn med løyve frå http:www.skipshistorisk.no.  Vi ser at «Freikoll» har måla det norske flagget på skipssida. Det var påbode trur eg, at alle norske skip som gjekk i sivil fart på Norskekysten i krigsåra skulle markere det med det norske flagget på skipssidene. Dette for å vise dei krigande partane om at skipet var i sivil trafikk og ikkje i trafikk for nokon av dei krigande partar. Dette vart det vel ikkje alltid teke omsyn til, jfr. mellom anna Fylkesbaatane, sine to passasjerbåtar, «Framnes» ved Ospeneset uta for Svelgen, «Gula» ved Sygnefest, båe to  i november 1944 og så hurtigruteskipet «St. Svithun» ved Stadt hausten 1943. Mange angrep føregjekk om natta – slik som med «Freikoll» – så det var vel ikkje så enkelt å skjelne markeringa.

Dette er ei oppsummering av det som sit i minnet mitt om denne hendinga og i tillegg det som eg har funne i andre kjelder. Desse kjeldene har eg vist til i teksten

Og då tillet eg meg tilslutt å komme med ei fri omskriving av ei linje frå « Gjev meg ein dag med stille» av Jan Magnus Bruheim: Lat det bli fred der dei ville krigane bryt – lat alt bli stilt!! – så slepp vi å oppleve noko slikt meir.

Bildet av D/S Freikoll er utlånt av Norsk Skipsfartshistorisk Selskap Nordmøre, originalfoto hos Halfdan Loennechen Backer, Kristiansund. Det viser fartyet ved kai ein heller annan stad, vel mogeleg i Kristiansund.

.