Brannøving og nytt utstyr

(29.04.19) Det møtte fram elleve personar då Flora brannvesen hadde brannøving i Botnane i ettermiddag. Ein hengar med brannpumpe, brannslangar og anna sløkkeutstyr er no stasjonert på fiskeanlegget og skal lett la seg hekte på ein bil om det brenn. Bremanger og Flora kommune eig utstyret i lag, men det er Flora brannvesen som har ansvaret for tilsyn og øvingar.

– Det var ein positiv gjeng som møtte fram og fekk innføring i korleis utstyret fungerer, og øving i å legge ut slangar til sjø eller ferskvatn, seier Ole-Petter Sande, som er brannmeister i Flora brannvesen. Det var han og brannmeister Rune Ask som stod for øvinga.

Det kjem til å bli ei øving i året og brannvesenet skal ha to årlege tilsyn på utstyret, for å sjekke at det er i orden og at alt er på plass. Porten til utstyret står ulåst for at det skal gå raskt å få tak i det når det brenn. På hengaren er det ei brannpumpe som skal kunne levere nok vatn til at brannvesenet kan røykdykke, slangemateriell, nokre skogbrannpisker og brannsløkkingsapparat.

– Dei som møtte fram på øvinga i dag er no skrivne opp på ei sokalla UMS-liste, så om det byrjar brenne på strekninga Årebrot-Botnane vert dei varsla så snart det kjem inn melding om brann. Dei vil få beskjed om å møte ved depotet, seier Sande.

– Kor lang tid tek det før brannvesenet kjem frå Svelgen eller Florø?

– Det tek ein time før vi er på plass, anten vi kjem frå Florø eller Svelgen. Litt kortare tid om det er på Årebrot og vi kan bruke båt dit, men i regelen ein time. Det er difor kommunane plasserer ut utstyr for at innbyggjarane skal ha noko å hjelpe seg med i starten. Det vert ofte avgjerande når det er snakk om slike avstandar. Når dei kan handtere utstyret og gjere det klart til brannvesenet kjem får vi gjort meir. Men ofte er det ikkje det huset som brenn vi reddar, men vi hindrar brannen i å spreie seg til omkringliggande hus og område, seier brannmeister Ole-Petter Sande i Flora brannvesen.

Brannutstyret er lagra i enden av bygget til Firda Settefisk, rett nedanfor den kvite oksygensiloen. På veggen der heng det også ein hjartestartar, og sjukebåra, som før var på loftet i grendahuset, er også plassert på fiskeanlegget.

Foto: Rudie Van Eck

Tekst:  Magni Øvrebotten