Ringen etter han Karnils

Av Fridtjov Urdal

I eit Kjelstad-kuks i skatollet heime på Kvia låg det ein stor ring. Han er 24 mm i tverrmål, og det er stort til giftering å vere. Ringen er truleg av sylv med eit tynt lag raudgull på yta. Når ringfinger hadde slikt mål, kor må ikkje då handa ha sett ut? Det var to hender som hadde krøkt kring årelommen frå tidlege år. Han Kornelius ( Karnils) var fiskar og husmann, med jord under Husefest, gift med ho Helena (Helina).

Dei budde så vidt eg veit fyrst i ei stove  oppunder berget  rett sør om  Pitterplassen.  Der vart borna Anna og Nils fødde. Anna på Kviene og Nils Seljestokken,  i daglegtale Nilsen på Kvalvika. Seinare flytte dei ned i ei etter måten stor røykstove som sto i Stokkavågen, der hallen no står (Seljestokken båtverkstad).

Han Karnils var forutan fiskar òg eit slags fyrvaktar. Han hadde ansvar for til fastsett tid å heise ei tend lykt i ein påle på Lyktehogen, vest om fjøs/løebygningen i Seljestokken. Lykta skulle vere tend og heist når amtsbåten gjekk frå Smørhamn og takast ned når båten, etter ruta, var framme i Florø. Dette etter avtale med Nordre Bergenhus amts dampskip selskap.  Det var vanleg at ruteselskapa hadde slike lykter og lyktemenn kring farleia før det kom faste fyrlys. Det finst mange lyktehogar og nes langsmed leia. Godtgjersla for arbeidet med lykta var 25 øre for kvar gong ,men då måtte lykte-passaren òg halde olje og veike til brennaren. Når han Karnils var borte, og det var han ofte i fisketida, så var det ho Heliana som måtte stå oppe med lyktepasset som så mangt anna, som skikken var.

Om han Karnils og ho Helina veit eg ikkje anna enn det borna Anna og Nils fortalde og sumt av det er nok gløymt. Karnilsen var vist av dei som treivst best i båt og gjekk for å vere noko av eit råskinn på sjøen. Ho Helina var av dei sterkt truande, men ho hadde no likevel sett kyrne til dei underjordiske inn i Stølsdalen og at ein mann gjekk att i Djupevika.

Bileta er av ringen hans Kornelius (Karnils) samanlikna med  ei fyrstikkøsje, og av Kornelius og Helena. Foto; Fridtjov Urdal.