Alt er utslite!

Dette bilete er frå i sommar, då eg møtte Johannes og Kari Nordbotten, i hyggeleg prat med postdama Inger Rise.

Det er med vemod eg går inn døra til kårhuset i Garden, hjå Kari og Johannes Nordbotten. Dei to er dei siste frå foreldregenerasjonen min som framleis bur heime i Botnane, men over nyttår ber det til omsorgsbustad i Svelgen for dei óg. – Alt er utslite, så eg ligg mykje no, for å sleppe verk i heile kroppen, seier Johannes.

Han fekk avslag på søknaden om sjukeheimsplass i Svelgen.  – Du må vere sundbroten for å få plass der. Dermed er omsorgsbustad einaste alternativet, og då må Kari vere med. Eg har aldri gjort noko med maten, og klarer meg ikkje åleine elles heller no, seier Johannes, snart 92 år, og ser mot kona.

Kari er ein sprek 90-åring som kvar dag går tur i bratte motbakkar ovanfor garden. Ho seier lite om kva ho tenkjer, men vedgår at det vert uvandt å ikkje kunne gå desse daglege morsjonsturane. – Asfalt er ikkje bra for ryggen, slår ho fast.

Johannes fortel at han har vore redd for henne mang ein gong, særleg etter at Kari vart plaga med å vere svimmel. Vert turen lenger enn vanleg må han inn i vegen for å sjå kvar ho vert av. – Dett eg så dett eg, seier Kari lakonisk. – Nei, Kari har aldri hatt det med å vere redd, det skal vere visst, svarar han.
– Nei, ikkje for meg sjølv, eg er meir bekymra for andre. Dessutan ville eg bli sakna om eg ikkje kom att. Eg hadde ikkje vorte liggande lenge utan å få hjelp, seier Kari, og siktar til at både Johannes, sonen Rune og svigerdotter Elisabeth,  bur på garden.

Gifte i 63 år

Eg spør litt forsiktig om korleis dei møttest og Johannes fortel gjerne om det:
– Det var ingen som ville ha meg her, og eg kom meg ingen stad, så eg sette inn ei annonse i damebladet Alle Kvinner. Eg fekk svar frå fleire, men Kari peika seg ut. Det var eit lukketreff, og eg vart så overraska over at ho ville ha meg, seier han og ser framleis ut til å vere lukkeleg for det.

Bryllaupet stod i Hellandsbygda, Sauda kommune, i Rogaland, 25. august 1956. – Det var då dei støypte bruene i Øvrebotten, som gjorde at det vart samanhengande veg gjennom bygda, fortel Johannes, som ikkje fekk med seg det storhende på grunn av eige bryllaup. Bygda fekk lys i 1954 og i 1953/54 vart det bygd nytt bustadhus i Garden. – Hadde det ikkje vore eit skikkeleg hus her og lys i bygda trur eg ikkje at Kari hadde vorte med hit, seier han. – Nei, det trur ikkje eg heller, ler Kari.

Ho snakkar mindre om kjensler enn Johannes, men er samd i at dei har hatt det godt i lag.
– Men trøste og bere meg, det var slitsamt og lite å leve av. Vi fekk vere nøysame med lite den gongen, seier ho om livet som gardkone, noko som innebar arbeid både ute og inne, både seint og tidleg. Dei fekk tre born; Atle i 1958, Anne Sissel i 1962 og Rune i 1963. Dei har gjeve dei ni borneborn.

Dramatisk husbygging

Johannes reknar året 1953/54 som det tøffaste i livet sitt. Farbroren Lars i Myra (Myren) hadde hjelpt han med å overtale faren Johan til å bygge nytt hus. Johannes hadde prøvt å legge seg opp litt pengar på vegarbeid og fiske, men det var ikkje store utkomet. Han felte sjølv tømmeret til huset i skogen hjå Abraham Øvrebotten, fekk det saga og førte all materialen heim att med båt. Det gamle huset vart rive våren 1953, bortsett frå ei gamal stove og eit kammers. Det nye huset var oppe om hausten same året, takka vere gode hjelparar i Ragnvald Sørbotten, Otto Nordbotten, Gustav på Kvalvika og svogeren Mathias Midtbø. Det var husbygging og slått i ein einaste kave. Johannes og foreldra budde i løa.

Midt oppi alt dette fekk Johannes kusma og vart svært dårleg. Han fekk fyrst husly på lemmen på Bøen, men det var midt på sommaren, så der heldt han på å forgå av hete. Det vart litt betre då han vart flytta til eit nordvendt kammers på nabogarden, hjå Kalla og Olav Nordbotten. – Det var ei heisa tid, seier han og blir stille lenge.

Styrke i gudstrua

Både Kari og Johannes har ei sterk gudstru som dei meiner har hjelpt dei både i kvardagen og når det har røynt på i livet. Men ingen av dei rekna seg som personleg kristne i ungdomen.

– På Solvang (folkehøgskulen i Førde) var det eit godt år for kristendomen i 1947/48. Vi var mange som vart kristna den våren. Eg hugsar enno godt avsluttinga då vi stod der saman og song «Med Jesus vil eg fara». Det var då eg fekk kraft til å halde med Jesus. Det vart ei kraftig forankring i livet for meg, seier Johannes. Han fortel at når han sleit med rydding av stein så song han ofte på salmen «Blott en dag». Både som symbol på at det skulle bli mindre stein etter kvart som han rydda, og som ei hylling til Jesus.

Kari hadde ein onkel som reiste til Amerika berre 15 år gamal og kom heim att som predikant. Ho hadde også ei tante som fekk spanskesykja og vart helbreda med bøn. Også tanta vart emissær. – Men det var lenge før eg vart med. Eg likte meg godt på dans, eg, seier Kari.

Har levd av garden

Dei levde av garden med seks-sju kyr, eit par kalvar og åtte-ni vinterfora sauer. I deira generasjon arbeidde karane utomhus, medan gardkona arbeidde både ute og inne. Kari var med i fjøsen og vaska jur og mjølkeutstyr nøye. Ho stod i høystålet og hivde i silo. Det var tungt arbeid. Den tid vart sauene slakta heime og ho var med.

– Eg låg på knea borti ein bekk her og renska og vaska på tarmar, i både kulde og blest. Vi selde dei til slaktar Myklebust i Florø for kr. 2.00 per stykke. Det var om å gjere å nytte alt. Vi dyrka poteter mellom steinane. Dei låg under torvene og var reinvaska når eg tok dei opp. Fantastisk gode poteter, minnest Kari.

Dei hugsar med stoltheit den gongen dei var på Hotel Alexandra og tok mot Norsk Rødtfe (NRF) sitt avlsdiplom for oksen 3769 F. Nordbotten, og får sagt at sonen har fått same heider for ein ny stut som vart sett inn i avlen. Johannes var aktiv i meierisamyrkje, jordstyret, KrF, soknerådet og sat i Bremanger kommunestyre for Kristeleg Folkepart. Og han var med i den årelange kampen for veg til Botnane. Begge har sett det som viktig å vere med på det som skjer i bygda.

Heime brukte Johannes mykje tid på å grøfte og rydde garden for stein. – På slutten av 1950-talet leigde vi gardbrukarane i bygda ein kar med gravemaskin som drog frå gard til gard og grov grøfter. Her på garden vart det greve 500 meter med grøft, som eg sette med stein på begge sider. Det var tungt arbeid, men grøftene har ikkje sige saman enno, seier han nøgd. På den måten fekk han dyrka marka. Han skaffa seg tidleg ein tohjuls-traktor og kjøpte seg boremaskin for å få bukt med dei største steinane. Han måtte ta sertifikat for å bruke dynamitt til å spenge dei.

Dei tre borna var med i arbeidet frå dei var små, og dei fekk sjølv avgjere kven som skulle ta over garden. Johannes rekna med at ein av sønene ville gjere det. Det vart yngstemann Rune som tok over og driv som heiltidsbonde. Kona Elisabeth er lærar og dei har tre døtre; Bolette, Birthe og Karen, som no er vekke på skule.

Må ikkje kjenne plikt

– Kva tenkjer farfar om framtida til garden?

– Eg har sagt med jentene at dei må gjere det dei har lyst til. Dei må få seg utdanning og ikkje føle på plikt og tradisjonar. Det har eg også sagt med foreldra deira. Ungdomen må ha fridom til å bestemme sjølve. Vi kjende på plikta og den må ikkje nye generasjonar føle på, seier Johannes, og legg til:

– Men eg har ikkje angra på at eg tok over garden. Eg er glad for det vi fekk gjort og det har vore kjekt å sjå det ført vidare. Det er slett ikkje sikkert at vi hadde hatt noko betre liv med eit anna yrke, men eg har ofte tenkt at det hadde gjort seg med meir utdanning. Det får no jentene her på garden, og det gler oss gamle. Så får vi sjå om nokon av dei finn ut at dei vil bu her, og får med seg nokon på det. Det er mykje som skal klaffe veit du.

Det var ei skam

Mor til Johannes, Aletta, hadde den same arvelege sjukdomen som han fekk påvist i 1989; Polymyalgia rheumatica, som medfører betennelse i musklane og stivheit og verk i heile kroppen.

– Ho mor var svært dårleg og måtte på sjukeheimen i Kalvåg dei siste åra ho levde, og han far var med henne. Dette var sist på 1960-talet og då var det sett på som ei skam å sende foreldra sine på alderheimen, sjølv om folk då ofte var friskare enn no når dei kom dit. Det var tungt både for dei og oss. Men då lovde eg meg sjølv at vart eg gamal, og helsa svikta, så skulle eg søkje meg plass på ein sjukeheim. Det er sjukdomen som bestemmer og no er det heilt nødvendig å fare, seier Johannes Nordbotten.

Kari og Johannes verkar nøgde med det livet dei har levd, trass i alt slitet. Dei tykkjer det er vemodig å flytte frå Botnane, men håpar begge at helsa vert sopass at dei kan ta seg turar ut att i kårhuset sitt i Nordbotten. Til sommaren skal eldstejenta på garden gifte seg, og det satsar dei på å få med seg.

I det eg skal gå rekkjer Johannes fram den faste høgreneven, til eit gasta handtrykk. Men no gjev han meg også ein klem, som takk for alle 60-meterane vi sprang på 17. mai då eg var unge. Det var det store målet kvart år å bli så god til å springe at eg kunne slå han Johannes i Garden på 60 meteren. Eg innbiller meg at eg klarde det ein gong. Vi sprang som galdt det livet, begge to, han i findressen, eg i bunad. No er det eit artig minne, frå ein gong for lenge sidan, for oss begge.

Av Magni Øvrebotten, 23. november 2019

Johannes likar det ikkje, men helsa gjer at han  må ligge mykje på sofaen

Å hjelpe til i slåtten og halde seg i form har vore viktig for dei begge.

Click here to add your own text