På leit etter helleristingar

Rett før siste verdskrig var Thorbjørn Øvrebotten (1886-1967) i Hornbakkane og henta heim geitene då han tykte han såg helleristingar i fjellet under Kjøtskora, ved foten av Storehornet i Nøredalen. Han var attende for å leite etter dei, men fann dei ikkje att. Også andre har leita.

14. juli 2020 var sonason hans, Torbjørn Øvrebotten, kjentmann då arkeolog Berit Gjerland var på synfaring, både i og under Kjøtskora. Gjerland er arkeolog i Vestland fylkeskommune. Men heller ikkje ho fann noko. Det er svært sjeldan ein oppdagar helleristingar. Dei er vanskelege å sjå, men det betyr ikkje at dei ikkje finst.

Vêr og lystilhøve er viktige når du skal sjå etter helleristingar. 14. juli var berget vått og det skal framheve eventuelle helleristingar. Vi var heller ikkje plaga med sollys. Bergveggane her er enorme flater og dei er fulle av strekar og furer. Det skal ikkje mykje fantasi til å «sjå» både eitt og hitt her. Men oppdraget frå Berit Gjerland var å sjå etter figurar som førestiller hjort, for det er det mest sannsynlege motivet for området.

Eg hadde nok med høgdestrekken min i Kjøtskora, og når vi kom ned under henne vart fjellveggen så svimlande høg at det er lett å skjøne at dette måtte vere ein framifrå plass å jage dyr utføre. Heilt ufarleg er det ikkje å gå her, det kan kome store steinar ovanfrå og urene er vanskelege å gå i. Dette er ingen stad å dra med seg ungar eller folk med dårleg balanse.

Skal du til Hornbakkane må du hoppe over til sørsida av elva på Demma, med det same du kjem opp i Nøredalen, og gå langsmed vatnet. Hornbakkane er bratta mellom Storehornet og Litjehornet, derav namnet Hornbakkane, uttalt Honnbakkane.

Tekst og bilete: Magni Øvrebotten