Omvising på Diktarstien
Stien er laga slik at du kan gå han åleine. Teksten på skilta gjev informasjonen du treng på kvart av dei seks stoppa, og QR-koden fører deg direkte til desse sidene.
Diktarstien opna i 2018 og dei fyrste åra var det faste omvisingar om sommaren, men etter kvart har vi gått over til at grupper, lag- og organisasjonar førehandstingar eigne omvisingar. Det kostar kr. 500 for ei omvising og pengane går til Diktarstien/Botnane og Årebrot grendalag på Vipps # 76 14 42, eller konto 3705 29 68802. Merk innbetalingane med Diktarsti.
Pengane går til å utvikle og halde ved like Diktarstien og nettsida om han. Dei nemnde nummera kan også brukast om nokon ynskjer å støtte Diktarstien i Botnane.
Dei som ynskjer omvising, åleine eller som gruppe, kan ta kontakt med Magni Øvrebotten, mobil 970 55 201. Ho har tidvis omvisingar på Diktarstien i samband med andre arrangement i Botnane, og då vert det kunnegjort på www.Botnane.no og Fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag.


