• Styret i Botnane og Årebrot grendalag. Frå venstre Torbjørn Øvrebotten, Marion Van Eck Ederveen, Nina Seljestokken, Åsmund Berthelsen, John-Magne Sande og varamedlem Britt Maret Sunde. På årsmøtet i 2026 vart Astrid Sørbotten valt inn i staden for Marion Van Eck Ederveen. Vi håpar å få teke nytt bilete snart.

Eit svært aktivt lag!

Botnane og Årebrot Grendalag er eit svært aktivt grendalag. Laget driftar og held ved like to grendahus, har på gang fleire prosjekt, har mange faste arrangement og arbeider med viktige saker for dei to bygdene. Grendalaget fylte 40 år i 2025.

Fast vegsamband mellom og til bygdene (i 1987 og 1993) gav grunnlag for at det vart eit felles grendalag i 2003. Laget har offensive, ambisiøse og gode mål for arbeidet:

  • Å arbeide for eit godt samhald i grendene gjennom ymse sosiale og kulturelle tiltak.
  • Å legge til rette for tilflytting og arbeide for næringsutvikling.
  • Å arbeide for å halde på og betre dei samfunnsgode vi alt har.
  • Vere eit talerøyr for grendene sine interesser.

Laget er ope for alle. Dei som bur i dei to bygdene, dei som har tilknyting på annan måte, og dei som berre ynskjer å støtte grendalaget. Per 5. mars 2026 har laget 147 betalande medlemmer. Styret leier arbeidet og koordinerer prosjekta og arrangementa der mange stiller på dugnad og gjer godt arbeid og yter stor innsats. Alt arbeid med grendalaget vert gjort på dugnad.

Eg var med på å skipe grendalaget i Botnane i 1985 og var leiar dei fyrste åra. I mars 2017 vart eg på nytt valt som leiar. Eg er imponert over kva laget har fått til opp gjennom åra. Og eg trur det er eit av dei mest aktive eg veit om. Det er kjekt å vere med att, og mykje arbeid. Eg håpar at endå fleire vert med og at laget kan gjere ein innsats i åra som kjem. Bygdene har behov for eit aktivt grendalag for å leve og utvikle seg vidare!

Helsing Åsmund Berthelsen

(leiar)

Bli medlem i grendalaget

Vi ynskjer oss sjølvsagt fleire medlemmer, både blant fastbuande og utflytte, og andre som kjenner seg knytte til Botnane og Årebrot og vil støtte arbeidet vårt. På Facebooksida vår merkar vi at mange etterkomarar av folk som kjem herifrå fylgjer sida. Grendalaget får til meir til fleire vi er, og vil ein ha noko gjort er det viktig å vere med i grendalaget.

Kontingenten er kr. 200 per person. For dei mellom sju og 18 år er kontingenten kr. 50.

Du kan sende ei melding eller ein e-post til leiaren om du vil vere med.
Mobil 932 37 073. E-post: asmund.berthelsen@ilcoud.com

Eller betale til kontoen til Botnane og Årebrot grendalag: 3775 65 59177. Vipps 501465. Det er viktig at du merkar innbetalinga «kontingent».

Vi har minna om at det er tid for å betale kontingent på nettsida og Facebooksida til grendalaget, men når ikkje alle med det.  Vi kjem til å minne om kontingenten på mobil eller e-post til medlemmane. Ei oppdatert medlemsliste er òg viktig for valnemnda sitt årlege arbeid.

Styret valt 14. 03. 26:

Leiar:

Åsmund Berthelsen (for 1 år i 2026)
Tlf. 932 37 073
E-post: asmund.berthelsen@icloud.com

Nestleiar:

Astrid Sørbotten (for 2 år i 2026)
Mobil 41 42 03 41
E-post: astrid.sorbotten@gmail.com

Styremedlemmer:

Nina Seljestokken (for 2 år i 2026)
Mobil 402 44 849
E-post: seljestokken.baatverkstad@gmail.com

John-Magne Sande (for 2 år i 2026)
Mobil 901 90 244
E-post: johnmagnesande@yahoo.no

Torbjørn Øvrebotten (for 2 år i 2025)
Mobil 992 51 114
E-post: toevre@msn.com

Varamedlemmer (alle for 1 år):

Britt Maret Sunde
Mobil 958 76 787

Bjørg Kleiven
Mobil 476 52 749

Siren Uren
Mobil 482 14 990

Revisor:
Sigfred Nøttingnes, (for 1. år)

Valnemnd 2027:

Solbjørg Sørbotten
Helen Aasen
Håkon Årebrot

ADRESSENE TIL GRENDAHUSA:
Botnane grendahus, Frøysjøvegen 2964
Årebrot grendahus, Frøysjøvegen 4200

Redaktør for Botnane.no

Magni Øvrebotten er redaktør for nettsida www.Botnane.no
Mobil 970 55201. E-post: magni.ovrebotten@gmail.com

BÅG

Bumerket (logo) vårt er teikna av Kjetil Nesthus i 2006.  Motivet for bumerket forklarar seg sjølv.