– Vi har kome av lojalitet
40 små og store var samla for å feire 17.mai på Årebrot for å høyre Fridtjov Urdal tale, ete rømmegraut eller pølse med brød, kaste med hestesko eller piler og gå natursti og avslutte med kake, kaffe eller brus.
Fridtjov Urdal heldt 17. mai-talen på Årebrot og spurde om det var nasjonen, landet, folket eller fridommen som gjorde at folk kom.
-
Hadde de no eigentleg tronge å gjere dette ? Stelle til 17. mai enno ein gong? Er det ikkje berre mas og kav for folk som har meir enn nok å gjere slik det alt er? Kan dette vere nødvendig og kvifor har vi andre møtt fram? Vi hadde då uendeleg mykje anna vi skulle og kunne ha gjort. Likevel er vi her. Det må då vere ein grunn? Spurde Fridtjov retorisk og svara:
-
Nasjonen, landet, folket. Fridomen? Nei, det er ikkje det. Vi er komne grunna lojaliteten til dei som sit eller står i komiteen og på kjøkenet. Det ville vore altfor gale om det ikkje kom nokon. Kva ville dei då kjent og tenkt, og kva ville dei gjere om det var vi som hadde laga til? Det er grunnen til at vi er her. Det er den sams forplikting vi kjenner andsynes kvarandre og det samfunnet vi er ein del av, eller kan verte ein del av. Det er ei brikke i det store spelet, sa Fridtjov og utdjupa:
-
Dette med å gjere noko som går ut over ein sjølv, for noko som er større, det er sjølve samfunns-fundamentet. For sjølv om det er smått og lite, men dette smått og lite vert til saman alt, sa Fridtjov Urdal. Kanskje var det fleire av oss som følte at han sette ord på noko vi hadde kjent på, men ikkje funne ord for sjølve.
Sjølv om både toget og leikane vart skjemde av at det byrja regne så snart vi sette nasen ut om døra, så vart det ein hyggeleg 17. mai. Og det er lenge sidan det har vore så mykje lyd av små barn på 17. mai-feiringa vår som i år. Det set ein ekstra spiss på dagen!




