Gravrøysene ved Opnarhella

Ved Opnarhella, rett sør om Botnane, ligg eit lite strandgravfelt med tre gravrøyser; ei langrøys og to runde kystrøyser. Like ovanfor dei går ein tydeleg strandvoll som syner kvar fjøra låg lenge før røysene vart bygde. Det beitar sauer kring røysene på Opnarhella og dei er viktige for å halde kulturlandskapet ope. Ta omsyn til sauer og lam og ver klar over at det er bandtvang for hund heile året i Bremanger kommune.

Opnaren heiter fjellet her, og det har fleire tydelege kløfter. Dei leia inn til det folka kan ha oppfatta som underverda. Her er også utsyn over sjøen. Dei såg vidt og fritt både sør- og nordover leia, og utover Frøysjøen og havet, der kanskje sjela til den døde måtte fare.

Det er fleire strandgravfelt på Vestlandet. Mange vart bygde i eldre jarnalder, men tradisjonen heldt seg utover i heile jarnalderen.

Berget som stikk ut i sjøen rett sør om røysene er Opnarhella, også kalla Storopnarhella. Dette er ein gamal landingsplass og einaste staden mellom Botnane og Husefest i sør der det går an å ta om bord og sette i land folk frå båt.

Det var ikkje uvanleg å legge gravrøyser ved naust- og landingsplassar. Nord i Botnane låg gardane der folka budde.

Gravrøysene

Dei to runde gravrøysene er jamstore, 12-15 meter i tverrmål og opp til to meter høge. Begge er plyndra og kasta stein utav. Det er liten grunn til å tru at dei fann noko, for den rå sjølufta tærer opp alt organisk materiale.

Den sørlegaste røysa er ei langrøys, 24 meter lang og åtte meter brei. Slike gravrøyser vart bygde på over tid. Langrøysene inneheld som oftast kvinnegraver, etter modell av langhusa, der husfrua styrde. Røysa ser ikkje ut til å vere plyndra, den litt uvanlege forma gjorde nok til at ho ikkje blei oppfatta som gravrøys.

Drukningsulukka i 1934

Det gjekk ikkje an å sette opp eit informasjonsskilt ved Opnarhella utan å nemne drukningsulukka her 6. februar 1934. Då omkom tre menneske frå Botnane, på veg til gravferd i Husefest. Båten dei var med kollsegla då han skulle opp under Opnarhella og ta med ein mann som var byrja å gå stranda.

Det var seks personar om bord i båten. To kvinner og ein mann omkom, og kvinnene hadde til saman 18 barn, mange av dei mindreårige. Du kan lese om denne ulukka på sida for historikk på denne nettsida.