Brandsøy Maskin AS

Entrepenørfirmaet Brandsøy Maskin AS er drive av Ronny og Kim-Henrik Brandsøy på Årebrot, i Kinn kommune. Far og son skipa firmaet i lag i 2014. Før det hadde Ronny Brandsøy drive Årebrot sag og lastebiltransport i mange år.

Det er sju tilsette i Brandsøy Maskin. I 2020 omsette dei for 10,3 millionar og hadde eit årsresultat på 765.000 kroner, opplyste dei til Firdaposten 08.08.21.

Brandsøy Maskin arbeider mest for steinbrota PC Resources Norge (DC Group) i Seljestokken, i Kinn, og Kvantum i Skiparvika i Gulen kommune. Entrepenørane frå Årebrot driv fjellrensking og byggjer vegar for å legge til rette for boring og sprenging i dei to steinbrota. Men dei tek også andre oppdrag både i nærområdet og elles.

Brandsøy Maskin har tre gravemaskiner, tre dumparar, ein hjullastar, lastebil og traktor. Dei tek på seg vegbygging, utgraving av tomter, muring av ymse slag, transport, snøbrøyting, snekkararbeid, osv.

Brandsøy Maskin AS har eiga Facebookside der du finn fleire opplysingar. Du får tak i dei på mobil 90 52 11 09 og e-post: ronnybrandsoy@live.no