Årebrot sanitetsforeining 1954

Bilete syner dei fleste av sanitstskvinnene på Årebrotstranda samla til sanitetsmøte hjå Alma i Husefest i 1954. Framme frå venstre: Helene Holstad (med gardshunden Freia på fanget), Kjellaug Seljestokken, Aagot Urdal, Ingrid Husefest og Hilda Andersen (Søndervåg). Bak frå venstre: Marta Kvalvik, Marie Husefest, Sofie Holstad, Alma Husefest og Kristi Bredvik. Foto: Knuthild Husefest.

Eg fann stykket om Årebrot sanitetsforeining i ei utklyppsbok etter mor mi, Sigrid Øvrebotten. Det var frå Harald Stavang sine Album-sider i Firdaposten. Stykket mangla dato, men var limt inn mellom artiklar frå 1993. I stykket stod det at Stavang hadde lånt bilete av Kjellaug Seljestokken. For å kunne bruke bilete på nettsida måtte eg ha det i original, men det var ikkje til å oppdrive korkje i Seljestokken eller Firdaposten.  Eg etterlyste det på Fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag og då melde sjølve fotografen seg: Knuthild Husefest Lunde (f.1941), frå Husefest, busett i Florø. Ho hadde bilete i album.

Knuthild Lunde hugsar at ho tok bilete i 1954, då mora Alma hadde sanitetsmøte heime hjå dei i Husefest. Det var Alma Husefest som skipa Årebrot sanitetsforeining, men Knuthild veit korkje når det skjedde eller når  foreininga vart lagt ned. – Men eg hadde inntrykk av at Årebrot sanitetsforeining hadde ein trang fødsel, då det var misjonsforening på stranda frå før av, fortel Knuthild Lunde. Ho husar sanitetsmøta med glede, då skjedde det noko og det var meir enn kvardagsmat på bordet. Var ho heldig fekk ho med seg to foreiningsmøte i «sesongen», eit heime og eit hjå Agnes Uren, på Gamlebøen. Knuthild budde hjå Agnes annankvar veke, for å gå på skulen på Årebrot, frå 1948 til 1955.

Foreininga var høgdepunktet

Journalist Harald Stavang skreiv dette etter å ha snakka med Kjellaug Seljestokken om bilete og Årebrot sanitetsforeining (sitat): «Kjellaug Seljestokken var ei ung kvinne den gongen og ny i bygda. Ho fekk det rådet at ho skulle bli med i sanitetsforeininga, for det var beste måten å verte kjend på. – Å gå i foreining var i grunnen høgdepunktet for oss husmødrene, og vi gledde oss, fortel Kjellaug.

– Det var langt mellom husa på strekninga mellom Husefest og Årebrot, så det var ofte langt å gå. Av og til var det båtskyss dersom det høvde slik. Vegsamband fanst ikkje då. Elles var det å trakke stiane. Frå Løype til Uradalen gjekk dei snarast ut dalen og langs Husefestvatnet når det var ver og føre til. – Foreiningsmøta var tidleg ettermiddag, slik at vi var heime att til dyra skulle stellast, fortel Kjellaug. – Pengane som kom inn på den årlege basaren, vart for det meste sende til NKS sentralt. Og det vart bygt mange helsehus, sjukehus, og ikkje minst vår eigen «Solbakken» i Florø, av dei innsamla midlane. Det var ei glede å vere med i dette arbeidet, seier Kjellaug Seljestokken til slutt» (sitat slutt).

–No er det berre Kjellaug som lever av dei som er med på bilete frå 1954. Rart kor fort tida går når ein ser bakover, seier Knuthild Lunde. Ho hugsar at ho selde lodd til sanitetsbasaren. – Eg ser føre meg både husa og menneska sørover stranda. Brukte å starte heilt sør i Brotet, hjå Inger Skaar og gjekk heilt i Breivika og selde lodd. Det tok si tid, minnest Knuthild Lunde.

Magni Øvrebotten, skrive 12.12.2018.