Ubetalte graver vert sletta

 

Bremanger kyrkjelege felleskontor skal slette fleire graver på gravstaden i Botnane, både i vår og til hausten. Sekretær Britt Mulelid seier at det gjeld graver som etterkomarane ikkje ynskjer å betale for lenger, og graver det ikkje har lukkast å finne etterkomarar til.
– Det er foreldre, besteforeldre, tanter og onklar, og nokre oldeforeldre, folk betalar for. Mange bur andre stader, er langt ute i slekta og har ikkje noko forhold til den/dei døde, og seier frå at dei ikkje vil betale for gravene lenger. Då kan vi slette dei, seier Mulelid. Men førebels veit ho ikkje kor mange det blir snakk om.

– Korleis får de tak i dei rette etterkomarane?

– Pårørande pliktar å gje beskjed til kyrkjekontoret om kven som tek over ansvaret for å betale festeavgift når den som har gjort det døyr. Vi sender ofte eit brev til den etterkomaren vi har kontakt med i samband med gravferda. Stort sett gjev folk beskjed om dei vil betale eller ikkje, seier Britt Mulelid.
Det er viktig at dei som ikkje vil betale seier frå til resten av familien om det, for det kan vere ulikt syn på det i familien og andre som ynskjer å betale for grava(ene). – Når vi ikkje veit kven som eig gravene brukar vi bygdebøkene ein del og snakkar med folk som er lokalkjende, prøver å finne ut kven som steller gravene, osv. Men heilt oversikt får vi ikkje, seier Britt Mulelid.

Nye betalarar til gamle graver

– Kan nye eigarar av gardar og hus betale for gamle graver når etterkomarane ikkje vil eller ikkje finst, for å ta vare på gravene som historiske minne?

– Ja, det kan dei. Det er heller ikkje uvanleg at fleire går saman om å betale for graver. Men vi må vite kven som er festar (dvs. betalar), slik at vi har nokon å vende oss til.

– Kan ein «adoptere» ei grav og betale for ho for å unngå at grava vert sletta?

– Ja, det er ikkje noko i vegen for det. Berre folk tek kontakt med oss og vi veit kven som er festar.

– Kvifor er det så viktig å slette graver på ein gravstad der det er god plass?

– Vi på kyrkjekontoret må rette oss etter dei vedtak, lover og forskrifter som finst, og behandle alle likt. Vi kan heller ikkje vere ansvarlege for graver ingen har ansvaret for, til dømes passe på at gravsteinar ikkje veltar, osv.

– Det er altså ikkje skilnad på ein gravstad i Oslo, der det er liten plass, og ein bygdegravstad som den i Botnane, med god plass?

– Nei, i prinsippet ikkje. Men når graver vert sletta kan det vere ei løysing å lage ein «vegg» med alle namna på, slik at dei ikkje vert borte. Det vert gjort enkelte stader, seier Mulelid.

Fredingstid på 30 år

Det er kommunestyret som vedtek satsane for kva folk skal betale i festeavgift for gravene. Mulelid trur Bremanger kommune ligg nokså midt på treet med satsane. I Bremanger er det 30 års fredingstid på graver. Det vil seie at du ikkje skal betale for grava før etter 30 år.

To enkeltgraver som er kopla i hop (ektefeller) vert sett på som ei fellesgrav, og då må vi betale med utgangspunkt i den som vart gravlagd fyrst. Ei enkeltgrav, som er under 60 år, kostar i dag 2000 kroner for 10 år. Er grava eldre enn 60 år kostar ho 4000 kroner for 10 år. Det var på 1990-talet det vart innført betaling for gravminne og pengane som kjem inn vert mellom anna brukt til å halde gravstadane ved like, slå graset, osv.

På fjesboksida til Botnane og Årebrot grendalag har mange engasjert seg i spørsmålet om sletting av graver. Det er ein debatt som blussar opp med ujamne mellomrom når det brått vert fjerna graver på gravstaden. Britt Mulelid håpar at dei har fått varsla dei rette etterkomarane til dei gravene dei har tenkt å slette, men heilt sikre kan dei aldri vere på det. Fleire har ikkje svart enno. Sekretær Britt Mulelid kan ein kontakte på mobil 916 10 469.

Les meir om historia til gravstaden i Botnane her

 

22.01.19. Magni Øvrebotten