Alle kan gjere litt

Jan Roar Hatlem samla i fjor inn omlag eitt tonn med søppel frå fjærene på Årebrotet. I år gler han seg over at det er betydeleg mindre søppel der han rydda i fjor. I to fjærer fann han i år to sekkar med bos, der han plukka 10-15 sekkar i 2018. Naboen hans plukka der også då, så der var store mengder med søppel.
– Det gjev motivasjon at det er mindre plast no enn i fjor. Problemet vert ikkje verre av at vi gjer litt kvar, seier Jan Roar Hatlem.

Intervjuar: Magni Øvrebotten

Hatlem er oppvaksen i Sundervåg på Årebrotet, 48 år gamal og arbeider som speditør hjå K. Jansen i Florø. På fritida ryddar han fjærene han leika mykje i som barn. – Då fann vi leikebåtar og det var spennande å sjå kva anna «nyttig» vi kunne finne. No er det ikkje ein einaste leikebåt, berre enorme mengder med søppel, for det meste plast folk har kasta.

– Kva var det som fekk opp augene dine for dette problemet?

– Det var kvalen på Sotra, med magen full av plast, som vekte meg og sikkert mange andre. I seinare tid har vi sett bilete av torsk fiska i Bremanger med plastflaske i magen og dette er berre dei få døma som vert omtalt. I oppveksten hadde vi sauer og eg hugsar ein sau på nabogarden som ikkje ville ete. Det synte seg at det sat fast ein flaskekork i kjeften på sauen. Han fekk ikkje i seg mat og hadde truleg dauda om det ikkje vart oppdaga.

Har ikkje reint rulleblad

Jan Roar Hatlem understrekar at han korkje har svart belte i miljøvern eller rein rulleblad for ikkje å ha kasta frå seg ting. Men han meiner vi alle kan gjere ein skilnad og han trur dei fleste menneske har omsut for at dyr ikkje skal lide. – Då må vi ikkje hive etter oss flasker og korkar eller spytte ut tyggisklyser som fuglane får i seg. Dei får ikkje opp nebbet att etter å ha hakka i seg tyggisklysene våre.

– Kva seier du til dei som seier det ikkje nyttar?

– Det er lett å bli motlaus og eg ser sjølvsagt at eg ikkje kan gjere noko med dei store orsakene til søppelproblema. Men alle kan gjere litt og vi kan starte med oss sjølve. Eg håpar òg at det påverkar politikarane at grasrota vil ein skilnad. Det vert ikkje verre av at vi gjer litt kvar! I fjor fylte vi ein spesialbestilt kontanier som kommunen sette på kaia på Villevika. Den står ikkje der lenger, men det står ein på Fugleskjærskaia i Florø som folk kan bruke

– Kva finn du mest av?

– Det er mest plast, isopor og taurestar og dette blir liggande i naturen lenge etter at både du og eg er gått heden. Vi har ikkje utømmeleg med ressursar og treng å attvinne det vi kan. Plast er eit nyttig gode brukt med vit og om vi brukar han omatt.

– Nokon spesialitetar her på Årebrotet?

– Det er haglepatroner. Det er det mykje av i fjæra her. Finn kanner som er brukte som blink og elles reknar eg med at det er gåsejakt som gjer det. Men haglepatroner er ikkje noko å ha liggande i naturen. Mykje snusøsjer òg, men det er det mykje av over alt.

Vi må vakne no

– Når ein staur som eg vakna av kvalen på Sotra må fleire kunne vakne og gjere noko. Vi kan starte med oss sjølve. Kjøpe mindre plastembalasje og såleis påverke butikkane til å redusere på innpakkinga. Vi kan ta med oss ein pose til søppel når vi går tur og ta med oss det vi finn langs vegen. Med på kjøpet får vi morsjon, frisk luft og naturopplevingar vi elles ikkje ville fått, seier han engasjert og fortel om møte med dyr han knapt hadde sett før.

Hatlem brukar dømet om at går vi tur 200 dagar i året og tek med oss tre ting kvar så vert det samla inn svært mykje søppel. – Det er ingen orsakingar for å hive frå seg søppel så gode renovasjonsordningar som vi har i dag. Det er flaut å vere nordmann når vi ser bileta frå Holmenkollen etter at renna er over. Det flyt av søppel, så det er mykje tankegang som må snuast.

– Kva reaksjonar får du på engasjementet ditt?

– Dei fleste synst det er bra. Eg trur òg det påverkar andre til å gjere det same. Her på Årebrotet er vi heldige for øyane utanfor oss tek av for mykje av rusket som kjem flytande. Der ute vert det raskt fylt opp med meir søppel. SAR i Florø (anlegg som tek mot avfall) fekk inn 15 tonn frå øyane i fjor, alt på grunn av privat initiativ, fortel Hatlem. Sjølv samla han saman omlag eitt tonn søppel i fjærene på Årebrotet i fjor, med god hjelp frå systera Randi. Då eg snakka med han søndag føremiddag var han klar for å rydde nok ei fjære den dagen.

Jan Roar Hatlem

Litt av søppelet Hatlem samla i fjor i to fjærer.

Dette har han funne i dei to same fjærene, per 31. mars.