Ynskjer å fremje skaparkraft og lokal handel

 

– Målet er å inspirere folk som har ein hobby til å lage ting og utvikle seg, og å få folk til å handle lokalt og sette pris på kvalitet. Eg trur folk er leie av Nille-produkt, seier Jacqueline Mannaart.   

Det er ikkje fyrste gongen ho dreg i gang ein julemarknad. Ho og familien kom til Norge og Botnane i 2003, og både i 2004 og 2005 var det julemarknad i grendahuset i Botnane, i 2006 på Årebrot, og i fjor i løa til familien Vågene Shanks i Vindspollen. Der er det for tida byggearbeid og difor er julemarknaden og kafeen attende i grendahuset i Botnane. 

I tillegg til å fremje lokalt handverk og handel ynskjer Jacqueline Mannaart at folk skal få augene opp for at det skjer noko i bygdene her. At det å bu og leve på bygda gjev folk idear og inspirasjon til å skape. 

 – Det er snart ein attraksjon i seg sjølv å sleppe alt dette masseproduserte på «tilbod». Eg trur vi vert tette i hovudet av stadig å møte ein svær stabel med billeg dopapir, eller ein heil vegg med like julenissar. Dei kan vere fine nok nissane, men det vert trasig å møte att same julenissen i alle heimar. Det kan vere greitt å møte ein nisse som korkje er norsk eller hollandsk, men noko heilt for seg sjølv.

Kvalitet er viktig

Jacqueline Mannaart understrekar at julemarknaden er for amatørar og ikkje profesjonelle produsentar. Då vert produkta for dyre og amatørane vågar ikkje å stille. Men det viktig å syne at det er kvalitetsarbeid, sjølv om det er laga av folk som reknar seg som amatørar.

– Men vågar dei å ta seg betalt?

– Prisen avgjerd ei sjølve, men eg trur folk er villige til å betale litt meir for handverk, sjølv om det er dyrare enn det masseproduserte. Eg håpar at slike marknader som denne medverkar til at folk får opp augene for det lokale og handlaga. Mange er sikkert i stand til å strikke seg eit vottepar sjølve, men det er ikkje sikkert at dei rekk å få ferdig Selbu-vottar til alle borneborna til jul. På denne messa kan dei til dømes skaffe seg nokre par med slike.  

På julemarknaden i Vindspollen i fjor var det godt sal. Det var innom mellom 150 og 200 menneske. – Det er sjølvsagt spennande om folk vil køyre litt lenger i år, men vi håpar det. Den gamle skulestova i Botnane vert utstilling- og salslokale og i kjellaren på grendahuset vert det kafe med sal av mat og drikke, seier Jacqueline Mannaart. 

 

 

 

Dette er utstillarane:

Jackelin Alberts, Svelgen, med dekorasjonar og syarbeid

Tessa Muller – Vredeveld, Svelgen, med ulike typar sydde vesker.

Tamara Marica Leirvik Mjåseth, Svelgen, med såper og velværeprodukt

Tone Damstuen Mulelid, Mulelida, med sydde bolletrekk og babykle

Bolette Maria Nordbotten, Botnane, med strikka barnevottar

Marion Van Eck Ederveen, Botnane, med broderte julekort og hollandsk julebrød. 

Esmee Van Eck, Botnane, med sjølvteikna julekort/aqvarell

Lena-Astrid Mannaart, Botnane, med julebakst

Jacqueline Mannaart, Botnane, med ulike treprodukt og løvsagarbeid

Bente Årebot, Årebrot, med ulike strikkevarer

Britt Maret Sunde, Florø, med quilta løparar og teppe

Ståle Sørbotten , Førde, med dreia treskrin.

Quilta løpar av Britt Maret Sunde.

Toalettveske laga av Tessa Muller – Vredeveld.

Arbeid av Jackelien Alberts.

Lyslykt i tre laga av Jacqueline Mannaart.