Styret i Botnane og Årebrot grendalag sidan årsmøte i mai 2021: frå venstre Åsmund Berthelsen, leiar, Nina Seljestokken, nestleiar, Tone Seljestokken, Helen Aasen og Vetle Aase Øvrbotten.

Årsmøte i Botnane og Årebrot grendalag attvalde Åsmund Berthelsen som leiar og valde Helen Aasen som  nytt styremedlem. Nina Seljestokken, Vetle Aase Øvrebotten og Tone Seljestokken stod ikkje på val. Aasen kom inn i staden for Elisabeth Ruud Nordbotten, som hadde sagt frå seg attval.

Jens Anders Sunde Midtbø, John Magne Sande og Jurate Tamosiuniene (ny) vart valde til varamedlemmer. Sigfred Nøttingnes vart attvald som revisor for eit år.

Det møtte 13 medlemmer på årsmøtet på Årebrot laurdag 8. mai 2021. Alex Mannaart hadde leia valnemnda. Som valnemnd for 2022 valde årsmøte Torbjørn Øvrebotten, Trude Sørbotten og Rudie van Eck (ny).