Sjukekorga i Botnane

På loftet i grendahuset i Botnane har ei gamal sjukekorg stått bortgøymd og ubrukt i mange år. Kvar gong det vart rydda der var spørsmålet om ho skulle brennast eller bli ståande. Hausten 2017 fekk Kystmuseet i Florø korga. Halmmadrassa med jutetrekk var borte, men bekkenet i aluminium og ein tisseflaske i glas fylgde med. Kystmuseet hadde ikkje ei slik sjukekorg og den er også ein del av historia vår.


Oline Øvrebotten (fødd 1919) er den eldste i Botnane som kan fortelje noko om når dei fekk sjukekorg i bygda. Oline er sikker på at dei ikkje hadde ho i 1951, då ho sjølv var sjuk og vart boren ned til båten på ei jarnseng. Då hugsar ho at «karane i Posten» (Håkon Sørbotten, med fl.) sa at dei gav ikkje ei krone meir til ulike føremål før det vart kjøpt ei sjukekorg til bruk i bygda. Den tid var det ikkje eiga sanitetsforeining i Botnane, men Oline og nokre andre yngre kvinner var med i Saniteten i Kalvåg. Ho har eit vagt minne om at innkjøpet av sjukekorg kanskje var noko dei fekk til i samarbeid med dei.

Uhygge med sjukekorga

Sjølv minnest eg ei sterk kjensle av uhygge med den sjukekorga. Ho var mykje inn og ut hjå oss på Flåten dei siste 6-7 åra bestefar min, Thorbjørn Øvrebotten (1886-1967) levde. Han var mykje sjuk og når dei kom med den korga betydde det at han måtte på sjukehuset. Han var lam og sengeliggande dei fem siste åra han levde. Besta, Magna Øvrebotten (1900-1992), stelte han heime. Men kvar gong han fekk eit nytt slagtilfelle måtte han på sjukehuset og eg var redd han skulle døy.

Den 8. september 1967 døydde Bestefar. Eg var 13 år og hadde vore i Korsnesvika og henta posten og mjølkespanna. Synet som møtte meg då eg kom inn att i krysset på nabogarden sit som eit måleri i minnet. Det kunne vore måla av både Eirik Wærenskjold og Nikolai Astrup, men det finst berre på netthinna mi. For der for dei berande med han Bestefar i sjukekorga utover bøen, rett utanfor Bruaberget. Det sokk i meg og eg byrja grine, men trilla heim med mjølkevogna. Sette ho ikkje frå meg og sprang ned til sjukebåtskyssen M/S Harald som låg i Inste Stegen og venta. Ungar gjorde ikkje slikt den gongen.
Dei som bar må ha vore far min Arne (1923-2017), syster hans Oddbjørg (f.1928), Besta og doktaren. Det må ha vore tungt på alle vis. Faster Oddbjørg fortel at Besta ba doktaren om å la vere å sende Bestefar på sjukehuset den gongen. Ho ville at han skulle få døy heime i si eiga seng. Men doktaren var ung og urøynd, og veldig stressa, minnest Oddbjørg. Han ville ha den sjuke, gamle mannen på sjukehuset i Florø, sjølv om familien trudde han kom til å døy før dei kom så langt.

Bannande doktar
Det er eit godt stykke å gå frå huset heime til sjøen. Dei må ha hatt fleire kvilepausar. Då dei sette frå seg korga på berget i Inste Stegen, før ho vart løfta ombord i båten, skjønte også doktaren kva veg det bar. – Han sto der bøygd over han far og banna høgt og inderleg. Det var forferdeleg å høyre på, seier Oddbjørg stille når eg ber henne fortelje om det i dag. Men Bestefar var ikkje død enno, så det bar ombord i båten og Besta vart med han. Eg hugsar at pappa og faster kom gåande innover Myrane, og vi såg M/S Harald fare utover Pollen og runda neset på veg sørover. Det var ein stille og vakker haustdag.

Men det tok ikkje lange tida før M/S Harald kom til syne att, med kurs innover Pollen, og med flagget på halv stang. På den måten vart heile bygda varsla om at han Bestefar var død.

Botnane 20.01.2020.
Magni Øvrebotten