Fridtjov Urdal: – Dette er bilete, ikkje kunst

At Fridtjov Urdal kan fortelje og skrive veit mange. men at han også lagar databilete er mindre kjent. Han er nøyen med å understreke at han kallar det bilete og ikkje kunst.
– Fordelen med å lage databilete er at rotet held seg i datamaskina. Det er godt, elles hadde det vorte berre søl med meg, sa Fridtjov Urdal då han fortalde om bileta og «opna» Fridtjov-veggen på Årebrot grendahus 7. juni 2020.

Urdal brukar det enklaste dataprogrammet som finst, i fylgje han sjølv. Det heiter Pint Brush og er lett å bruke. Han tek utgangspunkt i bilete som han legg til og trekkjer frå på. Dei kan vekkje minne og gje assosiasjonar som endar ut i ein ettertenktsam eller artig tittel. – Dei er aldri nøyaktige attgjevingar eller «referat» av noko. Det er ikkje sjølve referatet som er viktig, og det går an å vere sannferdig utan å snakke sant, slo han fast.

Mange fortel han at det finst meir avanserte dataprogram han ville ha glede av på bruke. Men Fridtjov likar Pint Brush og der teiknar han med brei pensel. – Eg brukar angre-knappen mykje, fleirfoldige gonger. Det er utruleg lettvint og utan søl. Men det aller kjekkaste er å sette titlar på bileta, ler han og nemner bileta «Stille flyter doen», som er ein assosiasjon til romanen «Stille flyter Don», og «Mobbaren Dick» til boka om Moby Dick.

Desse bileta er ikkje med til Årebrot, men her er nokre av tittlane på dei 20 bileta på grendahuset: «Snart kjem smikka og då vert her ikkje verande», «Inn frå havet kom eit fjell siglande», «Det vart no ei luke», «Heite berg», «Ein stad å vere frå», «Vonlausbygda», «No fer han med heile klesvasken», osv.

Kreativitet er å kunne kombinere kunnskap

Fridtjov Urdal har drive med formidling av kunst i mange år og er tilsett ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. Han høyrer stadig at folk er opptekne av å «forstå» kunst. Det tykkjer han ikkje er så viktig. – Det er stor skilnad på å kjenne att og å forstå. Eg kan kjenne att mykje som eg likevel ikkje forstår, og det er heilt greitt, seier han. Fridtjov har heller ikkje trua på at fantasi er noko folk er fødde med. – Det er noko dei må skaffe seg. Fantasien har ei kjelde og det er kunnskap. Til meir ein får samla seg av det, til meir fantasi får ein. Kreativitet er å kunne kombinere kunnskap, meiner Fridtjov Urdal.

Det var Botnane og Årebrot grendalag som tok kontakt med Fridtjov om dei kunne få kjøpe bilete av han til grendahuset på Årebrot. Han svarde spontant at det skulle late seg gjere, men dei fekk ikkje betale for dei. Han ville gje bileta til heimbygda, og slik vart det. Det verka som dei frammøtte likte det dei såg og fleire lurde på når det vart salsutstilling? Det svarde ikkje Fridtjov-en på, men han avviste det heller ikkje.

Tekst: Magni Øvrebotten

«Heite berg»

«No fer han med heile klesvasken»

Bileta til Fridtjov på Årebrot grendahus.