Ro og kvile i Blomevikja

Det er lett å ty til klisjeen om «der ingen skulle tru at nokon kunne bu» når ein skal til Blomevikja i Uradalen på Årebrot, der Frøydis og Tor Magnus Lilletvedt har hytte. Lenge rodde dei frå enden av Uravatnet til hytta, men dei siste ti åra har ein sti gjennom skogen vore mest brukt. Dei har ikkje ramla ei einaste gong, seier dei. På den trivelege hytta i Blomevikja har dei sidan 1982 funne roa frå kjas og mas, og travle jobbar. No er dei begge 73 år og håpar helsa held til å fare hit lenge enno.

Frøydis Lilletvedt stammar frå Uradalen. Mor hennar, Magnhild, var syster til Paul Urdal, som eigde bruket hyttegrunnen er skilt ut frå. Dei ynskte seg tomt nærmare garden, men dyrka mark skulle ikkje brukast til hyttetomt, meinte onkelen hennar. I dag er det son hans, Fridtjov Urdal, som eig garden og han meiner ein må ha sopass med tomt kring hytta at ein kan pisse på eigen grunn heile vegen rundt. Det er andre tider no.

– Onkel Paul var oppteken av ord og kunnskap og gav oss to namn å velge i når vi skulle sette namn på hytta. Det var anten Blomevikja eller Einebakkjen, fortel Frøydis. – Det var eit lett val å ta, legg Tor Magnus kvikt til. No har dei hogge vekk mykje av eineren kring hytta, men blomen (bregna) veks villare enn nokon gong. Her er frodig og grøderikt. Hytta ligg kloss i Uravatnet, der vassliljene framleis blømer i byrjinga av august.

Bryllaupsreise til Uradalen

Frøydis har vore her nesten kvar sommar sidan ho var barn. Foreldra hennar reiste hit for å hjelpe til i slåtten, og dei budde hjå Paul og familien hans. Som vaksen, med mann og barn, budde ho hjå morsyster Helene og onkel Bjarne på Løype.

– Vi gifta oss i 1971 og bryllaupsreisa vår gjekk til Uradalen, fortel Tor Magnus, og begge ler godt. Det var ikkje så mykje pengar blant nygifte den gongen og dessutan har dei alltid likt seg her. Det var naturleg å fare hit. – Ja, vi gjekk på fjellet med onkel Paul og hamna i Terdalen. Der bygde dei på vassverket frå Sagavatnet, og vi fekk skyss heimatt til Årebrot. I tillegg var vi ein liten tur til ei venninne av meg i Svelgen, elles heldt vi oss her, fortel Frøydis.

Hytta bygde dei i 1982 og alt materiale og innbu er frakta hit i robåt, og tomt og grøfter er gravne ut med hand. Hit var det ikkje råd å få maskinhjelp til noko. Helge Kleiven leverte alt trematerialet og Leif Steinsvoll bygde hytta. Så her var det kortreist det meste.

Begge er praktisk anlagt, og seier dei er «oppvaksne» i Speidaren, der dei også var leiarar i mange år.         – Lenge hadde vi frys hjå onkel Paul og fiska med onkel Bjarne. Vi hadde fisk heile vinteren vi på den måten, seier Frøydis. Der det ikkje er butikk å fare til når du manglar noko lærer du deg å planlegge, og du blir meir oppteken av å finne løysingar enn av å lage problem av bagatellar, meiner ho. Men ho er likevel imponert over korleis lokalbefolkinga planlegg handling og kan klare seg i to veker utan å fare på butikken. – Det er slikt byfolk ikkje forstår seg på. Dei kan dra attende til butikken for den minste ting.

Solceller, gass og internett

Solceller skaffar dei vatn og lys. Koking, kjøl og frys går på gass. – Og vi har internett. Kva meir kan ein ynskje seg? spør Tor Magnus. Dei skryter av sønene når det gjeld tilrettelegginga av alt dette. – Det er dei som gjer det komfortabelt for oss, fortel dei. Eit større kjøleskåp med frys er det siste som har kome i hus. Eit stort framsteg.

Dei har to søner og ei dotter og alle var her mykje i oppveksten, og foreldra håpar at ein av dei vil ta over Blomevikja. Frøydis og Tor Magnus Lilletvedt er begge 73 år og spør seg stundom «Kor lenge orkar vi dette?» Men dei vil vere her så lenge dei maktar det.

Eg kan ikkje fatte at dei kjem seg heilskinna gjennom gåturane i mørkna på stien dei har laga til i ei hjorterås. Det er den dei brukar mest no, i staden for å ro. Frøydis vedgår at ho ikkje likar seg åleine i mørkna, særleg på grunn av all hjorten. Dei har merka stien med refleksar og refleksband og går med hovudlykt. Dei fortel med humor om heimturen frå hjortefesten då det krydde av hjort i og rundt stien deira. Hjorteaugo lyste som refleksar, problemet var berre at dei «refleksane» bevega seg. Men det er ei oppleving som er få forunt, og dei tok seg den tida dei trong. Turen er eit minne for livet og noko dei gjerne fortel vener og kjende om.

– Her er ei eiga ro

Dei bur på Askøy, og i yrkeslivet var Tor Magnus rektor der og hadde ansvaret for 400 elevar og 40 vaksne. Frøydis arbeidde fyrst i bank før ho vart SFO-leiar med ansvar for 130 barn og 20 vaksne. Det var travle år, i tillegg var dei aktive i politikk og organisasjonsliv. Etter jobb sette dei seg ofte rett i bilen på fredagane, for å køyre til Årebrot.

– Når vi har passert Gulestøa senkar roa seg. Eg nyt verkeleg den fantastiske kyststripa der langs Frøysjøen. Dei som skryter av Atlanterhavsvegen på Sunnmøre har ikkje køyrt Frøysjøvegen frå Gulestøa til Årebrot, seier Frøydis. – Det er ei eiga ro her oppe, vi kjem nærmare naturen, og vi likar folket. Dei er veldig hjelpsame og finn løysingar på det meste. Det er lett å be om og få hjelp her, legg ho til.

– Vi har levd hektiske liv og vitsen med å vere her er å ha det roleg, kvile og slappe av. Nokon seier at vi ikkje har utsikt! Heime på Askøy ser vi utover byfjorden. Her i Blomevikja ser vi eit stille vatn og skog. Uravatnet gjev oss ro, seier Tor Magnus og peikar utover vatnet frå den heimesnikra sofaen i stova.

Stien mot hytta i Blomevikja

Ny bru over elva.

Stien går i ei hjorterås.

Samstundes som dei likar denne roa likar dei å bli kjende med folk i bygdene her. Dei tykkjer det er kjekt å vere med på det som skjer og rår andre hyttefolk og fastbuande til å vere det. Kjensla av å høyre til har ein eigen verdi og gjev opplevingar og felleskap, meiner dei.

Frøydis har opplevd store endringar på Årebrot dei åra ho har vore her. Mykje har gått framover, men den nye postleveringa synst ho er eit steg langt, langt attende i tid. Ho minnest slekta, men også bygdefolket elles. Agnes på Gamlebøen, som var så god til å fortelje, Borghild på Ura, dit dei måtte for å bruke telefonen, og drivkrafta bak alle basarane, Mathilde på Kvalvika. Det var flotte folk.

Imponerte over grendalaget

– Livet vart eit anna her etter at vi kom i lag med Botnane då vegen kom i 1987, og vegen vidare nordover i 1993. Det vart større og meir aktivitet. Her er mykje trivelege folk og vi er veldig imponerte over Botnane og Årebrot grendalag og alt arbeidet som vert lagt ned der, på mange ulike felt, seier Frøydis.    – Ja, til å vere ein sopass liten plass, og så få folk, er det svært stor aktivitet i det laget. Men eg legg merke til at, her som elles, er det mykje same folka som er med på dugnadane, kommenterer Tor Magnus. Dei er sjølvsagt medlemmer i grendalaget og set pris på å fylgje med på både Facebook-sida og nettsida www.Botnane.no – Der kan vi lese om både notid og fortid, og brått finne historier vi ikkje kjenner til om tjukke slekta mi. Det er viktig å få skrive ned historia til desse bygdene, meiner Frøydis.

– Eg visste ingenting om Botnane før Audun Sande ringde meg Jonsokkafta i 1990 og spurde om eg kunne køyre bussen for han, slik at han fekk seg litt ferie med familien. Det enda med at Øystein Faye køyrde ei veke og eg den neste. Eg hadde køyrt buss då eg var student, men det veit eg ikkje om Audun visste. Men når du køyrer buss lærer du både kva folk heiter og kvar dei bur. Ein ekstra bonus var at eg fekk frukost med Alma og August San

de, foreldra til Audun, kvar morgon! Ein dag kom ein journalist og ein fotograf frå Firdaposten på bussen og spurde kva det var å skrive om her? Eg sa som sant var at eg korkje var bussjåfør eller kjent, og det vart ei heil bakside i Firdaposten, med overskrifta: «Eg er ingen bussjåfør», ler Tor Magnus.

Kjekt å syne fram området

Dei er begge ihuga turfolk og går mykje i fjella både kring Årebrot og elles. Det har dei gjort i alle år, og det er lett å sjå både på kroppar og balanse at dei ikkje har site for mykje i ro. Etter at dei vart pensjonistar har dei vorte meir aktive i turlaget, og Tor Magnus er leiar for Seniorgruppa i Bergen turlag.

I fjor hadde dei med 44 turlagsfolk frå Seniorgruppa rundt Hovden og på Kinnas

pelet.  Dei planlegg eit liknande opplegg neste år, mellom anna for om lag 30 personar frå Haugesund. – Det er kjekt å vise fram dette fantastiske området til folk som ikkje har vore her før, og mange vil attende når dei fyrst har vore her, seier Tor-Magnus.

Dei ror meg attende til Løype på eit stille og idyllisk Uravatn. Men det kan blåse her og, let dei om. I det eg stig i land får eg beskjed om at eg godt kan skrive at folk gjerne må ta seg ein tur i Blomevikja på besøk når dei er der. Frøydis og Tor Magnus Lilletvedt likar både folk og stille ro.

 

Tekst og bilete: Magni Øvrebotten 08.08.2020.