– Vi segla på isflak med hesjestaur

Her ved lykta på Sørbottsneset leika Sigfred og Åge mykje.
Kanskje er det best at borneborna ikkje veit kva bestefedrene deira leika seg med då dei var gutungar? Det slår meg i det Sigfred Nøttingnes (67) og Åge Sørbotten (64) byrjar å fortelje om nettopp det. Eg har tromma dei saman for å høyre om leik i Sørbotten på 1950- og 60-talet. – Det farlegaste vi dreiv med var å segle på isflak med hesjestaur. Var det synnavind var det fort gjort å kome for langt ut, seier Sigfred tilforlateleg. – Vi kan i alle høve slå fast at lukka var betydeleg betre enn forstanden, seier Åge.
– Det var helst når foreldra våre kvilte middag at vi segla på isflak. Vi heldt oss bak Storrøysa, og då var vi ikkje lette å oppdage heimanfrå, fortel Åge. – Men jammen vart vi jaga opp att rett som det var, minnest Sigfred. Han fortel at dei segla frå enden av kanalen i Runnane og utover mot Sanden og Kvie-naustet. Det trur han var lengste strekket. Dei stoppa helst ved telefonstolpen litt lenger inne. – Ja, då var det byrja å bli djupt, vi rakk ikkje lenger nedi med hesjestauren og fekk ikkje staka, seier Åge. – Og isflaka var byrja å gå i oppløysing, legg Sigfred til. Tvillingbrødrene til Sigfred, Arve og Eidar, var også med på dette. Dei fire heldt mykje i hop, og tvillingane er like gamle som Åge. Eg angra på at eg ikkje hadde fått med dei også i denne praten.
Kunne frose forderva
På Sørbottsvatnet samlast ungar frå heile bygda når det la seg is der om vintrane. Vatnet var grunt og det var ingen fare for drukning. Dei fire omtalte karane var der også før isen la seg skikkeleg, for vatnet låg nær heime. Dei hugsar korleis dei gynga bortover den uferdige isen før dei gjekk på tryne og vart våte inn til skinnet.
– Vi kunne frose forderva. Eg hugsar ein gong Eidar vart gjennomvåt. Han vart heilt stiv og klaka og sette ikkje føter under seg. Vi la han på ein kjelke og drog han heim. Då vi kom heim hadde han frose fast i kjelken, fortel Sigfred. – Vi var ofte våte heilt opp under armhola og mødrene våre var fortvila mang ein gong. Eg veit ikkje korleis dei fann klebyte kvar gong vi kom våte heim. Men eg hugsar eg vart ryse redd når vi såg at storesystera til Sigfred var sendt ut for på hente oss. Då pitla i alle høve eg meg heim, for ho var så sint, ler Åge.
Leika i bølgene

Åge peikar nordover i fjøra, der det låg eit stort skipsvrak.
Dei leika mykje i fjøra, sjølv om det ikkje var lov. Det var ikkje langt frå heimetuna og ned dit og spennande å sjå kva som hadde reke i land sist Frøysjøen stod i eit ròk mot land. Der kunne det vere materiale til både eitt og hitt, og fritt for all den plasten som rek i land her no. Men mest spennande var der å leike der når det var store bølger. Då heldt dei seg på Sanden og ved fyret på Sørbottsneset. – Vi vassa ut mellom bølgene og så var det om å gjere å kome seg innatt før neste bølge tok oss, forklarar Sigfred. Det var nære på stundom, skjønar eg.
I dette området låg det restar av fleire skipsvrak. Dei minnest særleg eit styrhus dei leika mykje i. – Når det flødde opp i det styrhuset kunne det vere vanskeleg å kome seg opp att når vi leika inni det. Ved flo sjø bevega heile styrehuset seg. Det var nok ingen ufarleg leik vi dreiv med der, seier Sigfred.
Det var ulike grunnar til at båtar gjekk på grunn på Sørbottsneset, men ein av dei var at fyret stod for langt inne på land og hadde svakt lys. Her var heller ikkje fjell rundt det som synte på radar. Dessutan var det langt mellom fyra i området, frå fyret her og det på Olaskjæret må ein heilt inn til Hornelen før det er eit nytt fyr. – Vi leika mykje på fyret, sprang opp og rundt. Det var ikkje heilt lov det heller. Hugsar vi sat der og glana ein gong dei skulle dra av ein skyssbåt som hadde gått på grunn. Det var spennande for slike karar som oss, minnest Åge.
– Leika de ikkje med båtar og meir ufarlege ting?
– Jaudå, det var helst i Sørbottsvatnet vi hadde båtane, festa til ei troe med tau i. Vi drog dei rundt til ulike hamner med namn frå inn- og utland. Båtane laga vi sjølve, eller dei var arva frå eldre båtbyggjarar. Det var ikkje kjøpeleikar i den tid, slår Sigfred fast.
Skaut med krut i Hakkedalen
Åge vert stille, mest så han lurer på om han skal fortelje korleis dei brukte den gamle krigsammunisjonen han, Eidar og Arve fann på eit naust. Den historia har ikkje Sigfred høyrt, han lurer på kva for eit naust? – Ditt, svarar Åge og ler. Det er Sigfred som eig Kvia og Kvie-naustet no. Historia må ha skjedd etter at han reiste ut i verda som 14-15-åring, meiner han. I Botnane hadde vi den gongen 7-årig folkeskule, deretter måtte vi reise på hybel anten det var arbeid eller skule vi tok i ferd med.
– Jau, vi fann ein god del krigsammunisjonen på Kvie-naustet. Vi tok patronene og heiv dei i steinen, for å få ut spissen og få tak i krutet. Lunter fann vi både her og der, fortel Åge. – Vi laga oss kanon av eit gamalt røyr, la lunta nedi og tende på med fyrstikker. Det var Eidar´en som var «spesialisten». Han var flink med det tekniske, konstaterer Åge.
– Kva skjedde så?
– Vi lada med krut og fylte røyret med mose, men før vi gjorde det hadde vi drege det med oss opp i Hakkedalen. Det er eit lite dalsøkk opp under Opnaren. Det var eit godt stykke frå folk, så der fyrte vi av utan at nokon høyrde det eller oppdaga oss. Operasjonen med å få ut krutet var farleg. Det var nok mange gonger at lukka var betydeleg betre enn forstanden, seier Åge tenksamt.
Både Sigfred Nøttingnes og Åge Sørbotten vart sjøfolk og er no pensjonistar (sjølv om Åge har vore å sjå som «sommarvikar» i Fjord1). Sigfred og kona Grete bur i Florø, men er mykje i Botnane, på garden han arva etter onkelen sin. Åge og kona Solbjørg var dei fyrste i sin generasjon som busette seg i Botnane, lenge før det kom veg til bygda. Dei var viktige for at fleire gjorde det. To av borna deira har busett seg i Botnane og Åge nyt gleda av å ha barnebarn nær seg. – Det er kjempekjekt med barnebarn, og viktig å få dei til å trivast. Eg trur det er godt for dei å vekse opp her og får prøvt seg. Lære kva som er farleg og ikkje i praksis, og ikkje berre i teorien, seier han med ettertrykk. Skal tru kva han fortel dei når dei ber han fortelje om då han var liten? Det skal mykje til å overgå bestefar Åge sine barndomsminne. Bestefar Sigfred sine òg. Eg følte på langt nær at dei fortalde alt. Dei har enno ikkje kome dit som forfattaren Halldis Moren Vesaas sa i eit intervju i alders år: «No er eg så gamal at no fortel eg alt».
Tekst og foto: Magni Øvrebotten, 09.08.2020.
