Gards- og bruksnummer i Botnane

Ståle Sørbotten (f. 1935) var jordskiftedommar heile sitt yrkesliv og les gamle matriklar betre enn dei fleste. På oppmoding la han for nokre år sidan ut ei oversikt over gards- og bruksnummer i Botnane på Facebook, med namn på noverande eigarar.

Men det har vore ein del eigarskifte etter det og spørsmålet er om vi no har rette eigarane på dei rette bruka? Om vi ikkje har det må folk gje beskjed til Magni Øvrebotten, som redigerer nettsida til Botnane og Årebrot grendalag. Mobil 970 55201, eller e-post:magni.ovrebotten@gmail.com  Det var meininga å illustrere artikkelen med gamle flyfoto frå 1960- og 90-talet, men det lukkast ikkje heilt.

Gnr.52 NORDBOTTEN

I 1838 var det fem bruk i Nordbotten, løpenr. 144, 145,146,147 og 148. Lnr. 144 vart delt i to bruk i 1834, i lnr. 144a og 144 b.

Lnr. 144a fekk seinare nytt matrikkelnr. Bnr. 1, i daglegtale kalla Støylen.

Lnr. 144b fekk seinare nytt matrikkelnr. Bnr. 2, i dagleg tale kalla Garden

Lnr. 145  fekk seinare nytt matrikkelnr.  Bnr. 3., i daglegtale kalla Nordbotten.

Lnr. 146 fekk seinare nytt matrikkelnr., Bnr. 4, i dagleg tale kalla Bøen

Lnr. 147 fekk seinare nytt matrikkelnr., Bnr. 5,

Lnr. 148 vart delt i to bruk i 1862, i lnr. 148a og 148b.

Lnr.148a fekk seinare nytt matrikkelnr., Bnr. 6

Lnr.148b fekk seinare nytt matrikkelnr., Bnr. 7

Bnr. 3, 5, 6 og 7 er ikkje nemnde med sers namn, men det offisielle namnet i matrikkelen er Botnen Nordre for bnr. 1- 4 og Slettene for bnr. 5-7.

Eigarane i dag er:

Bnr. 1: Asgeir Øvrebotten                  Dagleg namn: Støylen

Bnr. 2: Rune Nordbotten                   Dagleg namn: Garden

Bnr. 3: Elsa Nordbotten Bratheim/dødsbuet etter Otto Nordbotten: Matrikkelnamn: Botnen nordre.  I daglegtale kalla Nordbotten.

Otto Nordbotten døydde i 2019 og planen er at dette bruket skal overdragast til Arnstein Nordbotten og Geir Bratheim. Det opplyser sistnemnde 7. august 2020.

Bnr. 4: Reidun Nøttingnes Andersen   Dagleg namn: Bøen

Bnr. 5: Bjørg Kleiven                           Matrikkelnamn:  Sletten

Bnr. 6: Ingrid Sletten Bruflot            Matrikkelnamn: Sletten

Bnr. 7: Audun Sande                           Matrikkelnamn:  Sletten

I retning frå Myklebust ligg bruka i denne rekkefølgja langs fylkesvegen: Bnr. 7, bnr. 6, bnr. 5, bnr. 1, bnr. 2, bnr. 3 og bnr. 4. Bnr. 2 ligg med ein serskilt innmarksteig mellom bnr. 5 og 1.

GNR. 53 ØVREBOTTEN

I 1838 var det to bruk i Øvrebotten, løpenr. 149 og 150. Løpenr. 149 er noverande bnr. 1, i matrikkelen kalla Botn Indre. I daglegtale Botn.
Løpenr. 150 er noverande bnr. 2, i matrikkelen også kalla Botn Indre, men i dagleg tale kalla Floten.

Eigarar i dag er:

Bnr. 1: Norulv Øvrebotten

Bnr. 2: Torbjørn Øvrebotten

Begge bruka har innkøyrsle frå fylkesvegen, og bnr. 1 ligg nærast vegen.

GNR. 54 SØRBOTTEN

I 1838 var det tre bruk i Sørbotten,  Løpenr. 151, 152 og 153.

Løpenr. 151 var delt i to bruk i 1857, i løpenr. 151a og 151b

Løpenr. 151a fekk seinare nytt matrikkelnr. Bnr. 1, i daglegtale kalla Posten, fordi der var det post og telefon.

Løpenr. 151b fekk seinare nytt matrikkelnr. Bnr. 2, i daglegtale kalla Kvia

Løpenr. 152  fekk seinare nytt matrikkelnr. Bnr. 3, i daglegtale kalla Runnane.

Løpenr. 153 fekk seinare nytt matrikkelnr. Bnr. 4. Dette bruket vart i 1898 delt i to bruk, bnr. 4 og bnr.5.

Bnr 4 vert i dagleg tale kalla Haugen, eller Håjen.  Bnr. 6 er delt frå bnr. 3 i 1898, i dagleg tale kalla Vikja.

Bnr. 7, opphaveleg ein plass under Hovden, i dagleg tale kalla Neset.

Eigarar i dag i følgje matrikkelen:

Bnr. 1:  Marion Van Eck Ederveen        Dagleg namn:          Posten

Bnr. 2:  Sigfred Ottar Nøttingnes           Dagleg namn:          Kvia

Bnr. 3:  Åge Sørbotten                              Dagleg namn:          Runnane

Bnr. 4:  Steinar Øvrebotn                         Dagleg namn:          Håjen

Bnr. 5:  Jacqueline og Alex Mannaart    Ikkje spesielt namn på garden, men i matrikkelen kalla: Midtbø

Bnr. 6:   Svein Ove Øvrebotten                Dagleg namn:          Vikja

Bnr. 7:   Jan Harry Hamrebø                   Dagleg namn:          Neset

I retning frå Øvrebotten ligg bruka i denne rekkefølgje langs fylkesvegen: Bnr. 3, bnr. 2, bnr. 1, bnr.5, bnr. 4 og bnr. 6. Bnr. 7 ligg for seg sjølv nede på Neset utan tilkomst frå bilveg.

Flyfoto av tunet i Runnane på 1960-talet. Eigar av bilete: Astrid Sørbotten.

Flyfoto av Håjen på 1990-talet, med bruksnummer 5 og 1 (Posten) i bakgrunnen. Eigar av bilete: Steinar Øvrebotn.

Notidsbilete (2020) av gardane i Nordbotten. Frå venstre Støylen, Garden, Nordbotten og Bøen.
Foto: Magni Øvrebotten.

Flyfoto av dei tre gardane i Sletten, ca. 1990. Eigar av bilete: Ståle Sørbotten.

Flyfoto frå 1960-talet av gardane til Audun Sande og Ingrid Bruflot i Sletten. Eigar av bilete: Ingrid Bruflot.

Flyselskapet Fjellanger Widerøe flaug over Botnane midt i slåtten i 1962 og fotograferte gardane. Dette er Floten i Øvrebotten, der Oddbjørg legg på siste kvalmen på hesa før ho går heim til middag. Eigar av bilete: Oddbjørg Sørbotten.

Tunet i Botn slik det såg ut med det gamle bustadhuset som brann ned i 1970. Eigar av bilete: Oline Øvrebotten.

Tunet i Posten, fotografert etter at dåverande eigar Ragnvald Sørbotten fekk seg bil. Uvisst årstal. Til høgre i bilete bustadhuset på nabogarden. Eigar av bilete: Jacqueline Mannaart.

Tunet i Kvia, til høgre ser vi også husa i Posten. Eigar av bilete: Sigfred Nøttingnes.