Ekstraordinært årsmøte i partslaget

Laurdag 12. desember, kl. 10.30, skal det vere ekstraordinært årsmøte i partslaget Årebrot grendahus. Møte skal vere på Flora alderssenter Havglytt, i Florø.

Avtala mellom partslaget og Botnane og Årebrot grendalag om drift av grendahuset på Årebrot går ut til nyttår. Difor vedtok det ordinære årsmøte i partslaget 7. mars at ein var innstilt på å løyse opp partslaget og at grendalaget skulle overta eigedomen. Og det vart vedteke å kalle inn til ekstraordinært årsmøte.

Styret har saman med innkalling og sakliste sendt ut ei innstilling som inneheld ein del opplysningar om eigedomen, om vedtekter og lover som regulerer forholda og styret legg fram ei innstilling der det er to syn på vurdering av verdiane og to alternativ på fordeling av dei kontante verdiane. Styret er samde om at huset vert overført til grendalaget utan vederlag.

Styret føreset at huset vert eiga driftseining og ha eige rekneskap. Og overføringa av eigedommen vert å gjennomføre når grendalaget har godkjent ei overtaking på sitt årsmøte. Det møte er fastsett til laurdag 6.mars neste år. Etter det må partslaget gjere endeleg vedtak.  Styret oppmodar alle partseigarane om å møte fordi dette er eit viktig møte. Otto Ullevålseter er styreleiar for partslaget.