Bugen naturreservat – regnskogen i Botnane

Den 7. desember 2019 høyrde eg denne meldinga i radio: «Sogn og Fjordane fekk i går tre nye naturreservat. Dei nye verneområda er Bugen og Gaddeskogsvatnet i Bremanger og Sørebødalen i Høyanger kommune. Målet med vernet er å ta vare på spesielle typar skog og truga innsektsartar og soppartar.  I tillegg er fleire av skogane også viktige for fuglar som er avhengige av daud ved og gamal skog». Vedtaka var gjort av kongen i statsråd.

Bugen naturreservat ligg ved fylkesveg 577, mellom Botnane og Husefest. Her går ein opp i det verna området.

– Bugen naturreservat? Hadde eg ikkje høyrt Jacqueline Mannaart snakke om skogen sin Sør i stranda som kunne bli naturreservat? Det stemte, men enno var dette så nytt og ferskt at ho ville ikkje bli intervjua om det. Det fekk vente eit års tid.

– Det er eit litt ømt punkt her i huset kven som sette meg i gong med dette. Alex meiner bestemt at han synte meg artikkelen på NRK.no om regnskog i Norge. Det er nok rett, men det var fyrst då Tina Buer, styremedlem i Økologisk Norge, la den ut på Facebook at eg las artikkelen skikkeleg og fekk idear.

– Kva idear ?

– Då eg las artikkelen tenkte eg at dette måtte vere noko for oss, så vått som det er her! Dessutan kom eg på at noko av det fyrste Elisabeth (Ruud Nordbotten) fortalde meg då vi flytta til Botnane i 2003 var at her hadde vi den vestlegaste attverande urskogen i Norge. Du veit eg likar å bu på ein spesiell plass, og urskog er ikkje noko alle har, så det la eg meg på minne.

Det er framleis lov å hauste og drive jakt i skogen, seier Jacqueline Mannaart. Her plukkar ho sopp.

Frivillig vern betre enn tvang

Jacqueline Mannart fekk blod på tann då ho fann ut at styresmaktene sidan 2003 har prøvd å få til frivillig vern av skog, i staden for tvang. Påtvinga vern har ført til konflikter og store kostnadar, medan staten betalar dei som går med på frivillig vern. Det er ofte litt betre betalt enn med tvang. Stortinget vedtok i 2016 eit langsiktig mål om å verne 10 prosent av skogen her i landet, for å få ned tapet av naturmangfald.

– Pengane vart sjølvsagt ein ekstra motivasjon for å finne ut av dette. Eg fann fort ut at Botnane ikkje var med på karta over verneverdig skog i Norge. Så eg sende brev til Vestskog, som er bindeleddet mellom grunneigarane og Fylkesmannen. Eg skreiv om den vestlegaste attverande urskogen og all væta han vart velsigna med. Var ikkje dette regnskog, kva var det då?

Brevet hamna hjå ein sakshandsamar hjå Fylkesmannen, som hadde vore i området 20 år før han fekk brevet frå grunneigarane Alex og Jacqueline Mannaart. Seniorrådgjevar Tom Dybwad hugsar kystskogen i området godt. Denne skogen har det Dybwad på fagspråket kallar «ei ekstrem oseaniske utforming, sterkt forma av vestaveret». På kysten er det kjølege somrar og milde vintrar, og dermed liten skilnad i temperatur gjennom året. Slikt klima vert kalla «oseanisk klima», og det er dette, saman med vestaveret som gjer denne skogen så særprega. – Det er verna svært lite slik skog så langt vest, så eg vart veldig begeistra over at det kunne bli naturreservat i denne skogen i Botnane, seier seniorrådgjevar Tom Dybwad hjå Fylkesmannen.

Skogeigarselskapet Vestskog hadde gjeve Jacqueline Mannaart beskjed om at hennar skog var eit for lite område å verne. Ho måtte få med seg minst ein grunneigar til, og det måtte vere to skogteigar som låg attmed kvarandre. – Grunneigaren til naboteigen, Jan Harry Hamrebø, vart med med ein gong eg spurde. Dermed var vi i gang. Dei andre var meir skeptiske og ville sjå det an, og vite meir om kva vern innebar både av restriksjonar og pengar, seier Jacqueline Mannaart.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Spennande formasjonar og grønfargar.

 

Sju raudlista artar  og gamal kystskog

I oktober 2018 kom biologar for å undersøke skogen og vurdere om han var verneverdig. Dei fann sju raudlista artar. Det gav skogen A-verdi og Fylkesmannen gjekk vidare med freding. Fyrst til Miljødirektoratet før endeleg vedtak i regjeringa, det som meir høgtidleg vert kalla kongen i statsråd, 6. desember 2019.

Området ligg nord for Husefest, på sørsida av Furehaugfjellet, heilt sørvest i Bremanger kommune. På oppsida av Frøysjøvegen, fv. 577. Rapporten frå kartlegginga av skogen syner at det er furu som dominerer området nedanfor kraftlina, og bjørk ovanfor. I området veks det òg einer, ein del hassel, osp, rogn, selje og eik, medan det er sparsamt med alm, hegg og kristorn. Skogen er stort sett ganske gamal. Både furu- og bjørkeskogen er kring 100 år og det kan vere tre i området som er opp til 150 år gamle.    Furuskogen er storvaksen med tre på 40-50 cm i diameter i brysthøgde, dei største opp til 60 cm. Dei sju raudlista artane (frå raudlista 2015) er: Alm, kystprikklav, kranshinnelav, kystblåfiltlav, praktfiltlav, kjøtkraterlav og gult pærelav.

Etter kvart vart også dei tre andre grunneigarane i Sørbotten, som har skog i Bugen, med på frivillig vern av området. Dei siste vernevedtaka vert gjort no i desember. Ein kan framleis gå på jakt i området, og bruke det til beiting, sanking og turgåing. Men ikkje skogsdrift, vedhogst eller vegbygging. Når skogen er verna skal han ligge som han er, utan inngrep. På spørsmålet om kva dei fekk betalt i erstatning for frivillig vern av skogen sin i Bugen seier Jacqueline Mannaart at bygdefolket veit det, og andre får finne det ut sjølve. Totalt utgjer Bugen naturreservat 798 mål.

Tekst: Magni Øvrebotten 25.10.20.
Foto: Jacqueline og Alex Mannaart

Bugen naturreservat er innafor firkanten som er markert med grønfarge på utsnittet av norgeskart.