-Sletten har alltid vore heime

Det er kjekt for mor, bestemor og oldemor Ingrid Bruflot (67) å samle heile storfamilien i barndomsheimen sin i Sletten. Om somrane aular det med folk,  på det meste 16-17 personar, men 10-11 er nokså vanleg. Elles bur ho her åleine no, medan ho ventar på at leilegheita ho har kjøpt i Florø skal bli ferdig neste år. 

Ingrid arva heimegarden då mora Kjellaug Sletten døydde i 2008. Ektemannen Svein Bruflot hadde lenge klødd i fingrane etter å vøle huset. – Det var Svein som var mest gira på det. Han ville busette seg her så fort han vart pensjonist, så fekk eg pendle til eg òg vart det, meinte han. Svein likte seg så godt her ute med sjøen. Og sjølv om eg har budd på Flora sidan eg var 15 år er Sletten framleis heime, seier Ingrid Bruflot.

Frå våren 2009 til våren 2014 reiste dei til Botnane annankvar helg, så snart dei var ferdige på arbeid på fredagane. Dei arbeidde til to om natta og heile helga. – Vi byrja med å skjære vekk golva i kjøkkenet og stova, og bar ut bøttevis med småpukk av muren. Det var ryse tungt. I gamle hus som dette er ingenting beint, og Svein var nøyen og skulle ha alt i vater. Det tok si tid, seier Ingrid.

Heilt forferdeleg

Dei var akkurat ferdige med huset og skulle byrje å nyte det då Svein vart sjuk og døydde i mai 2014, 62 år gamal. – Det var heilt forferdeleg. Alle planar vart skipla. Eg reiste til Botnane og var her heile sommaren. – Orkar du vere her åleine? spurde nabo Audun, og la til at var det noko så visste eg kvar han var. Barn og barnebarn var her mykje, og vi prata om det som hadde skjedd. Men eg hadde også godt av å vere åleine. Då kunne eg grine når eg trong det, og prate med folk når eg orka, og få det ut. Ho minnest at mora bar all sorg inni seg då faren Orvald døydde brått i 1970, og det ville ho ikkje kopiere. Men slik var det forventa at folk skulle reagere den gongen. Det same gjorde tanta Alma, som budde med dei og då hadde mist bror sin.

– Kva skal eg gjere no? Det var det store spørsmålet, samstundes som eg visste at eg ikkje berre kunne sette meg ned. Men eg hadde ikkje krefter til nokon verdens ting, eg klarde knapt å gå opp bakken bak huset her. Heldigvis klarde eg både å lage meg mat og å ete han. Etter kvart byrja eg å gå daglege turar for å få opp kondisen, og det hjelpte mykje.

– Det var då du vart ein ivrig turgåar?

– Ja, det var det. Her i Botnane er det rikeleg med både korte og lange turar å gå, alt etter kva form du er i. På desse turane ser eg så mykje som gler meg. Det kan vere fine steinar, lyng og blomar, dyr og fuglar, eller ei bjørk som har lagt seg som ei bru over elva inn mot Nøredalen. No går eg meg tre-fire lengre turar kvar veke, eller eg syklar.

– Men vår generasjon lærde ikkje å gå tur som ungar?

– Nei, vi gjekk ikkje utan at vi skulle noko. Plukke bær eller hente dyr. Eg hugsar karane gjekk etter vegen på søndagane då vi var ungar. Men konene var heime og laga middag. Det er stor skilnad til i dag når folk går på tur både helg og kvardag. Det er kjekt for meg å vere i sopass form at eg kan vere med barn og barnebarn på tur, og turane gjev meg overskot.

Ingrid Bruflot har tre barn, åtte barnebarn og eitt oldebarn. Ho tykkjer ho er heldig som har døtrene i Florø og sonen ikkje lenger vekke enn i Førde. Ho har arbeidd i butikk og på kontor heile sitt yrkesliv, og byrja også i arbeid att etter at mannen døydde. Tre år etter døydde også systera Haldis og arbeidsplassen til Ingrid gjekk konkurs. Då kjende ho at det byrja bli nok og runda av arbeidslivet med halv jobb i ein butikk. I vår selde ho huset sitt på Tua i Florø og sette seg på venteliste for ny leilegheit i sentrum. Ho skulle bu i Botnane til den var ferdig. Men det dreg ut, så det vert eit heilt år på henne som fastbuande i Sletten. Truleg heilt til juni neste år.

Finn roa i Botnane

– Korleis er det å vere botning att?

– Eg tenkjer mykje attende i tid, kjenner eg. Alt minner meg om det som har vore og dei som var her før meg. Men eg kjenner meg heime her. Sletten har alltid vore heime for meg, sjølv om eg har levd mesteparten av livet mitt i Florø.

Ho tykkjer ho finn roa i Sletten og Botnane. Det er ingenting å kave seg opp over, ho kan gjere nett som ho vil. Spøte, gå turar, drive på ute, lage mat og ha det akkurat så ryddig som ho likar å ha det. Ho har kjekke naboar, ja, endåtil barn i ulike aldrar, i nabotuna. Slikt er verdt å sette pris på. Husredd er ho ikkje og toler godt sitt eige selskap. Utsikta frå stoveglaset og altanen er hovudskipsleia og Frøysjøen, ei utsikt besøkande lett fell i stavar over.

– Eg må berre ikkje byrje å tenkje på det Svein og eg ikkje fekk gjort, som til dømes å få bygt opp att naustet som bles ned i orkanen nyttårsnatta i 1991/92. Den ferdige grunnmuren ligg midt i glaninga når eg ser ut. Eg seier med meg sjølv at neste generasjon må ha noko å gjere dei òg, ler ho.

 

Tekst: Magni Øvrebotten 14.11.2020.      

Utsikta er rett ut på hovudskipsleia

Tunet i Sletten

Den originale utsjånaden på huset i Sletten

Huset i Sletten slik det ser ut i dag.