Hekta på slekta på gymnaset

Ståle Sørbotten er reine orakelet når vi lurer på noko frå gamalt av i Botnane. Han har skrive mykje om det både her og på Fjesboka, og han tolkar gotisk skrift til det svimlar for augene. 09.12.20 fylte han 85 år og i dette intervjuet fortel han om korleis interessa for slektshistorie vakna for over 60 år sidan.

Det var norsklæraren hans på Voss landsgymnas, Anders Ohnstad, som fekk Ståle interessert i slektshistorie. – Tredje året skulle vi skrive særoppgåve om eit emne og han sa det var ein ide å skrive om slekta si. Eg reiste heim til jul og snakka med mor mi. Det synte seg at ho både visste og hadde skrive ned mykje om slekta vår i Sletten, som eg kunne bygge vidare på. Dermed var eg biten av basillen og det går visst ikkje over, seier Ståle Sørbotten.

Særoppgåva om slekta i Sletten leverte han våren 1958, men ho balla på seg. – Når interessa fyrst var vekt fekk eg trong for å vite stadig meir. Så kvar gong eg reiste til Bergen la eg inn litt ekstra tid der slik at eg kunne gå på Statsarkivet og lese i kyrkjebøkene. I den tida måtte vi høgtidleg be om å få låne protokollane, dei vart henta i arkivet og vi sat på lesesalen og las og noterte. Eg kunne sitte der i timesvis, saman med Albert Joleik og andre som grov i slikt. Jau, eg har vore mykje på Statsarkivet, slær han fast.

Det var berre ein hake ved det. – Når eg kom heim og skulle sette i system det eg hadde funne så vart eg usikker på om eg hadde skrive rett av. Det var langt frå så lettvindt som i dag. No kan eg berre sette meg med PC-en, finne protokollane på nettet og sjekke det eg lurer på med det same. Det er mest utruleg å tenkje på kor stor skilnad det er på den gong og no.

– Fann du noko spennande?

– Du veit ei tid skulle ein ikkje snakke om noko gale, det var best å gløyme det. No er det omvendt, det om å gjere å finne slikt. Eg fann ikkje anna enn ungar som var fødde for tidleg i høve til når foreldra gifta seg. Det var det ein del av, ja, endåtil ein kar som fekk bot fordi: «Han har for tidlig aflet et guttebarn». Kor stor bota var hugsar eg ikkje.

Tøv med Harald Hårfagre

– Kor langt attende i tida har du nøsta opp slekta di?

– Eg kom stort sett attende til 1600-talet, men då var det bom stopp. Det galdt både på mor- og farsida mi, og slekta til kona mi Oddbjørg. Så desse slektsgranskarane som hevdar dei har funne slekta si heilt attende til Harald Hårfagre trur eg ikkje mykje på. Det er berre tøv.

– Du var heldig med at mor di hadde interesse for slekta?

-Ja, eg fekk ein god start med at ho (Magnhild 1893-1970) hadde interessert seg for slekta, var godt til å fortelje og hadde skrive ned ein god del. Slektsnamnet hennar var Nordbotten, ho gifta seg til namnet Sørbotten, men skreiv seg mykje for Sletten, som var gardsnamnet. Eg spurde ho ein gong om korleis ho fekk tid til å skrive, åleine kvinnfolk på garden som ho var. Då let ho om at ho tenkte om dagen og skreiv om natta. Far min (Ivar Sørbotten 1906-83) hadde lite å fortelje om slekta vår borti Sørbotten. Den måtte eg finne ut av sjølv.

– Men du var heldig som byrja å interessere deg for slekta medan foreldra dine levde og du kunne spørje dei?

– Ja, men likevel er det med meg som med dei fleste andre, at det er for seint når vi skjønar kva vi skulle ha spurt om. Det er rart kor kvar generasjon må gjere seg den bitre røynsla………

Greitt å vere gamal så lenge du er frisk

Det siste året har Ståle Sørbotten vore mykje plaga med sjukdom og i haust har han innsett at føtene og balansen ikkje held til å bu heime i eit hus med trapper. Han har nett flytta inn på eit rom i ein eldrebustad ved Aldersheimen i Førde, medan han ventar og håpar på å få seg omsorgsleilegheit, med kjøkenkrok og litt betre plass.

– Det er greitt å vere gamal så lenge du er frisk. At Oddbjørg (snart 92 år) vart dement var ei voldsom tyngsle. Same kva du gjer, og kor mykje du stiller opp, så kan du ikkje stogge at det går berre galne vegen. Etter at helsa mi svikta i fjor på denne tid har ho vore på sjukeheimen og no har ho fast plass på demensavdelinga. Der har ho det godt, ser han.

– Eg vil gjerne oppmode alle som har eller får familiemedlemmer som slit med demens til ikkje å prøve å skjule det. Dei må søke hjelp før dei sjølv slit seg ut og hamnar på institusjon, seier Ståle i det han kallar etterpåklokskapens klåre lys.

I koronatider med restriksjonar vart det enklare for han å besøke Oddbjørg etter at han sjølv hamna på korttidsavdelinga og dermed var innomhuses. Han ser det praktiske i situasjonen, men det er ein stor overgang for han å ikkje bu heime hjå seg sjølv.

Det er kjøpt inn nytt skrivebord og PC-en er på plass. Ord og bokstavar har også byrja stokke seg rett etter at han hadde ei hjerneblødning i haust, og han har skrive fleire lesarinnlegg i Firda med skryt til dei som arbeider i eldreomsorga. – Dei er altfor få i høve til alt dei har å gjere, meiner han. Vi som har gledd oss over dei lokalhistoriske stykka hans på Fjesboka og www. Botnane.no får håpe at han maktar å skrive meir.

Nyttig frivillig arbeid

Endå eit utslag av historieinteressa hans ser han attende på som det mest nyttige han har bala med av frivillig arbeid. Då snakkar han om registrering av graver i DIS Norge. Det stod for Databehandling i slektsforsking, som no heiter Slekt og Data. www.slektogdata.no Han  har registrert alle gravene ved gravstadane i Botnane, Midtgulen, Ålfoten, Rugsund og Berle. Pluss dei gravene som er sletta. – I Bremanger var eg så heldig at eg fekk låne gravlistene. Når graver vert sletta forsvinn dei rett ut av protokollane og blir vanskeleg å finne att. Men når eg har fått registrert dei på nettet i DIS Norge ligg dei på nettet for alltid.

– Kor lenge dreiv du på med dette?

– Eg arbeidde med det i 3-4 år. Reiste rundt saman med Oddbjørg. Vi stasjonerte oss ofte på hytta vår i Botnane og tok det som turar derifrå. Elles har eg vore mellom dei som kjempar mot sletting av graver på gravstaden i Botnane. Der er det særs god plass framleis, folk er knytte til gravstaden og steller gravene, og han fortel mykje om bygda si historie. Å sjå raserte gravplassar, der omsynet til plentraktoren går føre folk sine kjensler og historia, synst eg er berre trist. Det er nok av dei, så eg håpar verkeleg at gravstaden i Botnane kan få ligge i fred som den vesle bygdegravplassen han er. At han no er ein del av Diktarstien i Botnane, med dikt av Jan-Magnus Bruheim, synst eg er eit ekstra argument for å la gravstaden i fred.

Intervju: Magni Øvrebotten, 04.12.2020.

Foto: Tore og Sigbjørn Sørbotten

PS: For dei som ikkje veit det må eg opplyser at Ståle Sørbotten er onkelen min. Han er gift med farsyster mi, Oddbjørg.