Prestasjonsangst på Dyreskora

Ida med hunden sin Balto på hjortejakt.

Ingrid skaut fyrste bukken hausten 2020.

Ida Aase Øvrebotten og Ingrid Moe Albrigtsen er 32 år, svigerinner og hjortejegarar i Øvrebotten i Botnane. Dei var truleg dei fyrste damene i Botnane på jakt med våpen. Ida vart med først. – Eg fekk prestasjonsangst då eg skulle sitte på Dyreskora første gongen. Karane skulle jage og eg skulle skyte. Her hadde det vore jag i generasjonar, her hadde bestefar site og no var det min tur. Det var spesielt, fortel Ida.

Det tok si tid før Ida vart med på hjortejakt. Tvillingbroren Vetle var interessert i å gå på jakt frå han kunne bere våpen, og gjekk på hjortejakt med naboane Torbjørn Øvrebotten og Ståle Sørbotten. – Vetle sa eit par gonger at det var så kjekt at måtte eg bli med. Særleg eg som hadde odelen, let han om.

Ida tykte det vart kjekkare å vere med etter at ho tok jegerprøva. Ho vart ekstra motivert då ho fekk overta våpen etter bestefaren Abraham og slapp å bruke pengar på det. Samstundes med at ho byrja utdanne seg til sjukepleiar vart ho med på jakt for alvor, i 22-23-årsalderen.  Om det er noko fellestrekk der så gjev både jakt og sjukepleie god innsikt i kor mange organ folk og dyr har i kroppen, og det tykkjer Ida er interessant.

– Eg hugsar Ståle var veldig begeistra då eg vart med for alvor. Han let om at han hadde ordna seg godt som hadde eigen sjukepleiar med seg på hjortejakt. Ståle betydde mykje for at eg skulle kjenne meg trygg i starten, han tok litt ekstra ansvar for meg, følte eg.

Men sjølv om ho kjende seg velkomen på jaktlaget tok det tid før ho kjende seg heime der. Karane hadde namn på kvar ein stein og kvar jaga går, sjølv om dei ikkje alltid var samde om kvar det var. Ho måtte få ting forklart. – Då eg sat der på Dyreskora med prestasjonsangsten min vart den forsterka av at dyra som kjem der har jag over seg. Eg likar best å skyte dyr som går naturleg i naturen. Eg tykkjer best om den jakta.

– Kan du forklare det for oss som ikkje har greie på jakt?

– Eg tek eit sveip over terrenget med kikkerten for å sjå om det står dyr i nærleiken. Får eg auge på dyr prøver eg å snike meg inn på dei. Då prøver eg å forflytte meg slik at dei ikkje får vinden av meg. Det synst eg er vanskeleg, ofte ser dei meg og spring sin veg. Difor er det ekstra stas når eg får det til, slik som sist søndag. Då såg eg ei kolle og ein kalv som gjekk og beita, eg la meg ned og venta til dei beita seg inn på meg før eg skaut.

– Det må ta mykje tid å snike seg innpå dyr slik?

– Det tek ikkje nødvendigvis meir tid, men det tek tid, seier Ida, og eg tenkjer i mitt stille sinn at tolmod kanskje er det mest dekkande ordet.

Ida klar til å bere heim hjorten.

Trollhogane vart til Narnia

Ingrid Moe Albregtsen kjem frå Tromsø og er kjærast med Vetle Aase Øvrebotten, altså tvillingbroren til Ida. Ingrid kom til Sogn og Fjordane for å studere på Høgskulen i Sogndal og det var der ho møtte Vetle. – Vi var i lag eit års tid før vi flytta saman, men eg skjønte fort at det var ein jaktinteressert kar eg hadde funne meg. Ingrid tok jegerprøva og fekk seg rifle i 25-årsgåve av far sin og vart med på hjortejakt i Botnane.

Både Ida og Ingrid kjende seg velkomne på jaktlaget saman med Vetle, Torbjørn og Ståle, og stundom Sigbjørn. Men der Ida lydig hadde prøvt å lære seg alle namna byrja Ingrid å lage nye namn på sentrale plassar i skogen. Trollhogane vart til Narnia (namnet på himmelen i Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren), Holten til Lillenarnia og Løypefjellet til Løveklippen.

–  Det var i 2013 eg var med på jakt i Botnane for fyrste gong og skaut det fyrste dyret mitt. Torbjørn gav meg opplæring i flåing. Eg måtte både flå og bere det heim sjølv. Det er det som er så bra med dei karane. Dei gjer ikkje jobben for deg, du må gjere han sjølv, og då lærer du det òg, seier Ingrid.

Vanskeleg å skyte kalv i starten 

Ida er veldig glad i dyr og oppteken av at dei skal ha det godt. Men ho har ikkje problem med å jakte berre dyra dett rett ned når ho skyt. Ho veit dei må jakte for å drive skikkeleg forvalting av den store hjortestammen. Dei to gardane i Øvrebotten har til saman over 30 hjorteløyve kvar haust.

– Som grunneigarar har vi ansvar for å ta forvaltinga på alvor og rette oss etter dei reglane som gjeld til ei kvar tid, til dømes at vi må skyte mykje kalv. Eg gløymer aldri kolla som kom då vi vomba ut det som truleg var kalven hennar, som eg hadde skote. Det var ubehageleg. Eg kjende også på det då eg på morgonjakta neste dag tykte eg såg same kolla, seier Ida.

Ingrid er oppteken av at jakta er både forvalting, matauk og oppleving. Ho har stor respekt for dei store dyra og kjenner på panikken når ho vert utrygg på om skota hennar har treft godt. – Det er verst å skyte dei små kalvane i starten av jakta. Då lurer eg på om kolla får hjartesorg? Om ho parar seg eller blir utan kalv neste vår. Men skal vi drive seriøs forvaltimg må vi skyte mest kalvar og færrast bukkar.

Ho har jakta andre stader og opplever stor skilnad på haldningane i jaktlaga. – Mange tenkjer som så at «skyt ikkje vi den hjorten, så gjer andre det». Karane i Øvrebotten har gode haldningar som dei ikkje snakkar om, dei berre praktiserer dei. Torbjørn og Ståle har vore Vetle sine læremeistrar og no er han vår. Det kjennest trygt og seriøst.

– Kva går det i?

– Det er heile pakken dei har lært oss. Vi skal ikkje skyte på dyr i flukt, vi skal vere nøyen med kvar på dyrekroppen vi siktar og skyt. Vi vombar ut dyra med det same og ber dei heim på ryggen. Vi skal ikkje dra dei etter bakken. Når vi har slite dei heim vert kjøtet hengt opp til mørning, og vi skal ha eingongshanskar på oss når vi handterer skrottane. Når kjøtet er mørt nok vert det partert, vakumpakka og frose ned.

Her er Ingrid på veg heim med hjorten ho har skote.

Vi må forklare og lære av feil

– Stundom skjer det feil, får de kjeft då?

– Vi får ikkje kjeft, men det går ikkje stilt forbi heller. Det vert stilt spørsmål for å få oss til å tenke gjennom kva vi tenkte i framkant, kva som gjekk feil og kva vi kan lære av det? Alle kan vere uheldige og då fortel vi kvarandre kva vi tenkte før og etter, slik at alle kan lære av det. Vetle er flink til å fortelje oss om feil han har gjort på jakt og det lærer vi mykje av, seier Ida, og minnest ein av sine eigne «brølarar»:

– Dyra er ofte lenger vekke enn du trur. Eg sat på post på Dyreskora og melde frå til dei andre at eg hadde skote ein kalv. Rett før hadde fire dyr kome gåande mot meg. Eg meinte bestemt at det var tre koller og ein kalv. Det var det ikkje. Eg trur ikkje eg har skote ei større kolle enn den dagen. Du kan tru eg har fått høyre om den «kalven» eg skaut!

– Lærer ein mykje om seg sjølv på jakt?

– Ja, masse, bedyrar Ingrid. – Eg har alltid tenkt at eg er ny som jeger og skal ta det steg for steg. Men eg har overraska meg sjølv med å vere veldig klar til å skyte når eg står i situasjonen. Eg har gjort mykje eg har sagt at eg korkje kan eller vågar.

Dyreskora og første kolla

Ingrid hadde skote si første kjolle. Ho sat på post på Dyreskora. Når du sit der kan det ta ein halvtime før dei andre kjem fram etter at du har meldt frå at du har skote dyr. – Eg var åleine, trudde eg hadde treft, men var usikker. Eg lo og grein, banna og ba, om ein annan. Eg våga mest ikkje å gå for å sjå om dyret låg der eg såg det stupte. Men så kom han Torbjørn som ein engel over myra. Det var slik ein enorm lettelse at han kom då. Eg var ikkje åleine lenger og han slo fast at kolla var daud.

Ida tykkjer det er godt at dei er to jenter i lag som er ferske som jegarar. – Vi kan snakke saman om tankane våre. Karane seier ikkje så mykje. Trur kanskje vi jentene har meir trong for å snakke om kjensler knytte til jakta, særleg om det syner seg at det vi har gjort ikkje var så lurt.

– Ja, eg hugsar godt den gongen eg lærde å ha respekt for å skyte i skyminga. Det var masse hjort på bøen då vi kom heim frå skogen og eg var den einaste som hadde rifla klar. Det var vi yngre som var på jakt den dagen og alle meinte vi det var dagslys nok til å skyte. Eg skaut og kalven datt, men då vi kom bort til han blunka han. Eg hadde treft vomba, eit sokalla «vombskot», og då daudar dei ikkje momentant. Det gjekk ei tid før eg skaut dyr etter det, seier Ingrid. Men ho lærde at det er lett å bli lurt når det byrjar mørkne. Ho trudde at skyminga var lysare enn ho er.

Trygt å gå på jakt i Botnane

I Tromsø vert dei veldig imponerte over at Ingrid går på hjortejakt, – Skyt du òg? spør dei.
Der kan dei kanskje kome seg inn på eit elglag der dei gamle gubbane skal bestemme. Og hjortejakt kjøper folk seg i dyre dommar. Når dei høyre kor mange hjorteløyve vi har her i Botnane lurer dei på kvifor i all verda vi ikkje sel løyve? Men det er eg glad for at vi ikkje gjer. Det er godt og trygt at vi har kontroll, og veit kva folk vi har med oss og kvar dei er. Kva haldningar dei har og korleis dei behandlar våpenet og dyra, og at dei ikkje kombinerer jakt og fyll. Det er mange røvarhistorier å høyre og oppleve rundt om, seier Ingrid. Ho har vore med på jakt andre stader og kan ikkje få fullrost nok jaktopplevingane i Botnane.

Vetle og Ingrid heiser opp ein hjorteskrott.

– Når folk har betalt deg for å jakte vert du som grunneigar sørvisfolk, du skal legge til rette for at dei lukkast med jakta dei har betalt for. Og det er framleis slik at det sværaste er å skyte bukkar, å skyte kalv er ikkje rekna for jakt. Då vert det grunneigaren som må passe på og ha kontroll, og det vert stress og mykje arbeid.  Eg er veldig glad for at Torbjørn og vi er samde om å ikkje leige vekk hjortejakta. Når Vetle eller andre i familiane her tek med seg folk på jakt så er dei ansvarlege for at det er skikkelege folk, seier Ida, som sjølv ofte har med seg sambuaren Espen Kvamme på hjortejakt.

Ida beundrar kor utruleg flinke Torbjørn og Vetle er til å bevege seg i naturen. – Du lærer mykje og får mange flotte naturopplevingar av å gå på jakt saman med dei. Kvar dyra står, retning og vind, å snike, har du dyret føre deg må du vente til det kjem mot deg. Ja, alt dette du må skjøne for å bli ein god jegar, seier Ida.

– Er det ingen konkurranse om kven som skyt mest eller størst dyr?

– Nei, det er lite. Det er like kjekt når jaktlaget lukkast, til dømes med jag over Dyreskora, som å skyte dyr sjølv. Vi gler oss i lag med laget, seier Ida. – Eg er eining i det, men må vedgå at eg er veldig fornøgd med jakta i år, for eg skaut min fyrste bukk, legg Ingrid fornøgd til.

Tekst: Magni Øvrebotten 25. november 2020.

Foto : Ingrid, Ida og Vetle sine private foto frå hjortejakta.

PS: Den omtalte Torbjørn Øvrebotten er bror min. Og om nokon tenkjer på systrene Nina og Berit Seljestokken som kvinnepionerane på jakt med våpen i området Botnane-Årebrot, så er det heilt rett. Dei har eg intervjua om det før på denne nettsida. Dei jaktar i Seljestokken, medan Ida og Ingrid er i Botnane. Det eg veit er dei to dei fyrste kvinnene på jakt med våpen her. Ida har vore med i om lag 10 år, Ingrid i sju.