Karane i Sletten og kvar dei vart av

 Av Ståle Sørbotten, hausten 2020. 

Ananias Nordbotten og Alete Nordbotten f. Øvrebotten, åtte og dreiv bnr.5 i Nordbotten frå 1881. Bestefaren min overtok bnr.5 frå faren sin Anders Sørensen Husefest i 1881 Formelt stod han som eigar av bnr. 5 fram til 1951, men han døydde i 1943.

Dei hadde åtte born, seks gutar og to jenter. Jentene Sigrid og Magnhild har eg skrive om tidlegare. Besteforeldra mine  hadde også ein son som heitte Olav f.1884. Han døydde av tuberkulose i 1902. Då var mor 9 år og ho fortalde at det ho hugsa best om Olav var at han låg opp i senga på lemmen og hosta og hosta så ho vart heil skremd av og til. Det er merkeleg at Sigmund og Arne, som nok også låg oppe på lemmen, ikkje vart smitta.

Derimot vart truleg mora Alete smitta. Det kom nok av at det var ho som  måtte ta det daglege stellet av han, for i følgje mor mi var ho tidleg merka av tuberkulosen. I gravferda til Olav høyrde mor mi ein samtale mellom to nabokoner som var i gravferda og som sat og såg mora (Alete) gå forbi ut for stoveglaset og bemerka: «Ja, ja, det er nok ikkje lenge før det blir ei ny gravferd her». Då mor mi fortalde meg dette var ho ikkje blid, for henne høyrdest det ut som dei gledde seg til ei ny gravferd.


Huset i Sletten om lag 1910     

Her inne mellom berg og urd
vår vesle stove stod.
Vel var det ringt, det litle bur,
men lell er heimen god.
Her mor og far sin hugnad fann
og sleit og levde vel.
I trufast strev for dette land
eg og vil vera sæl.

(Anders Hovden/Landkjenning)


1.Sigmund Nordbotten,1882-1958 . Sigmund overtok ½ av gnr.52 bnr.5 i 1951 då buet etter faren Ananias vart gjort opp. Denne halvdelen gjekk over til systersonen Anders (1930-2004)
i 1958 då buet etter Sigmund vart gjort opp.

Sigmund var ein slitar, ein jordtræl så å seie, han arbeidde med jord og stein støtt.
Han var glad i å syngje og sat ofte oppe på lemmen søndags føremiddagane og song salmar frå salmeboka. Og om vinterkveldane i måneskin, når han sat ute med  hammar og bor, song han så det høyrdest lang veg. Sameleis lydde stemma hans når han gjekk på fjellet og leitte etter geitene.


Nr.2 Arne Nordbotten 1886-1966 gjekk på Sogndal Folkehøgskule 1903-1904, trur eg og Bergen Brigades Underoffisersskule 1904-1907. Han var ein av dei første i Botnane som skaffa seg fotoapparat, truleg medan han gjekk på  underoffisersskulen. Mange av dei gamle bileta frå Botnane er nok tekne av han. Eg vil også tru at bilete av gamlehuset i Sletten er hans verk. I ungdomen var han butikkdreng i Kalvåg ein vinter. Han reiste så til Austlandet der han i 1½  år var gardsgut i Aker, deretter 1½  år gardsstyrar hos disponent Virik i Sandefjord. Så forpakta han garden Råel i Slagen i 8 år. Han kjøpte så garden Buer, gnr.77 bnr.1 og Grytningen gnr.81 bnr.3 i Stokke kommune i 1919.

Dette var i den tida det var vanskelege tider i Vestfold så det var forholdsvis rimeleg å kjøpe seg eigedomar der.

Han gifte seg i desember 1916 med ei Nilie Nilsen. Det vart eit barnlaust ekteskap og dei skilde seinare lag og Arne gifta seg oppatt på slutten av 1920 talet, trur eg, med Thora Holmegard (1906-1971) Dei hadde borna Audun (1933-), Gunnar (1935-) Aasa (1939- ) og Astrid (1945- )

Arne var og ein ivrig songar, han kunne røyse seg opp synge utan manuskript. Eg minnest enno i konfirmasjonen til yngste dottera, Astrid i 1959 eller 1960, då faren røyste seg opp og song ein song til ære for dottera.

Arne hadde fått det føre seg at borna hans skulle sjå Botnane, farsgarden hans, difor sende han dei i tur og orden til Botnane. Gunnar vart send med Rasmus Nordbotten, ein gong han skulle på sommarferie, Aasa hadde han med seg sjølv og Astrid sende han med meg ein gong eg skulle heim frå Landbrukshøgskulen. Einast Audun, den eldste var der ikkje. Eg har ein mistanke om at han var vorten så gamal at han ville bestemme sjølv kva han ville vere med på.


Nr.3 Nils Nordbotten 1888-1957. Han vart døvstum i 4 års alderen. Det var nok ei slag for foreldra, men dei fekk han på døveskulen i Trondheim og faren følgde han opp. Han hadde fortalt til den seinare svigerinna si, Olga Olsen, at det var den tristaste dagen i  livet hans, då han stod att opp i Trondheim og såg faren reise heimatt.

Trass i sitt store handikapp klarte han seg rimeleg bra. Han arbeidde ei tid på Høvik glassverk. Heime i Sletten hadde vi ei glaskule i alle slags fargar som han hadde laga og gjeve mor mi. Kva tid veit eg ikkje, men kula stod i Sletten så lenge eg kan minnest. Den kula beundra vi mange gongar.

Seinare arbeidde han som industriarbeidar ved NEBB i Oslo. Han var diabetikar og eg minnest at mor mi hadde problem med å lage mat han kunne ete, når han av og til var heime i Botnane på ferie etter krigen.

Han gifte seg med Alma Olsen, frå Bærum i 1919. Dei bygde hus på Høvik og busette seg der. Dei fekk fire born: Einar (1919-1919), Helene (1921-2019), Margareth (1923-1959) og Aase (1926-2018)


Nr.4 Dagfinn Nordbotten, (1896 -1976)

Han gjekk på Sogndal Folkehøgskule i 1913-1914, Mo Jordbrukskule 1916 og dåverande  Sem Småbrukslærarskule i 1921. Han vart deretter, i 1922 tilsett som gardsstyrar på Dal Gård i Borre i Vestfold. Denne stillinga sat han i til han vart pensjonist.

Han var ei tid innvald i Borre kommunestyre, formann i Horten og omegns egglag, formann i Borre Bondeparti og sekretær i Vestfold bondeparti, styremedlem i Vestfold fjørfealslag og i Undrumsdal og Borre Skyttarlag. Det kan difor ikkje vere nokon tvil om at han var ein driftig kar med tak i.

Han gifte seg i 1926 med Othilde Myre frå Andebu.

Dei hadde 5 born:  Alfhild (1927- 2010), Inger (1931-1931), Sigrid (1933-    ), Finn (1937-2000) og Oddbjørg (1940 –   )


Nr.5. Einar Nordbotten (1899-1961)

Einar gjekk på Voss Folkehøgskule 1917-1918 og Mo Jordbruksskule 1919 . Våren 1920 kom han som dreng på Buer, garden til broren Arne. Han dreiv ein periode med jordbruk og gartneri, men mesteparten av sine aktive arbeidsår var han seljar for Vestfold Flatbrødfabrikk på Barkåker.

Han gifte seg med Klara Bratås (1900-2005) frå Øymark i Austfold. Dei hadde ein son Kristian (1923-1973). Dei bygde seg hus på Barkåker, der Einar budde til han døydde i 1961. Klara flytte då til sonen Kristian i Moss. Ho budde der til ho døydde i 2005 – 105 år gamal.

Både Einar og broren Dagfinn  var nokre gongar i Botnane dei første åra etter krigen. Då spurde dei alltid etter røykesild.

Men dette var langt ut i  juli månad så røykesilda var oppeta, Eg minnest endå Einar og Dagfinn sat bort i eldhuset, og Einar hadde funne ei halv røykesild ned i tufta ned imellom sagflis og spon. Denne sat han og skrapa på med ein  tollekniv for å få silda rein og då det var gjort sette han ho til livs.

Eg har spurt meg sjølv av og til korleis morbrødrene og tanta mi kunne komme seg så mykje ut på skule som dei gjorde. Det måtte koste litt penger og eg har vanskeleg for å tru at penger var noko besteforeldra mine hadde flust av, men dei må  ha vore opptekne av at skulegang var viktig for å kome seg fram i verda. Det vart vel difor ei råd med det økonomisk.

Den einaste som ikkje fekk vidare skulegong var Sigmund, men han var eldst og odelsgut og det låg i hans lodd å overta garden og då var vel oppfatninga at skulegang var uvesentleg.

Biletet av gamlehuset i Sletten er truleg teke ein gong mellom 1910 og 1920. Eg gløymde å spørje den gong eg hadde nokon å spørje om det. Eg spurde Oline Sande, no Øvrebotten, oppvoksa på eit av nabogardane, og over 100 år, om ho minnest gamlehuset. Ho meinte ombygginga måtte vere gjort før hennar tid.