Draumen var å bli landmålar

Ståle Sørbotten i felten som landmålar. Han trur det er teke midt på 1960-talet i Espedalen i Fjaler.

Ståle Sørbotten (1935) var i konfirmasjonsalderen då den fem år eldre broren vart hyra inn som «flisgut» på jordskifte i Nordbotten i Botnane. – Eg dilta med, kvar dag. Tykte det var ryse interessant. Ein dag kom eg heim til mor og sa at eg ville bli landmålar.  Ho let om at eg hadde god tid på meg til å bestemme det. Trur ikkje ho tok meg særleg alvorleg, men eg var klar. Eg skulle bli landmålar.

Det er fasinerande å høyre Ståle Sørbotten fortelje om kva som avgjorde yrkesvalet hans og gav han eit klart mål å arbeide og utdanne seg for. For oss som ikkje veit kva det vil seie å vere «flisgut» forklarar han at broren Anders gjekk rundt med ei avstandsstang slik at jordskiftelandmålar Johannes Klakegg kunne lese av avstanden og lage kart av det han målte inn.

– Visste du kva det kravde av utdanning og praksis å bli landmålar?

– Nei, men då eg gjekk folkehøgskulen på Voss, i 1952-53, hadde eg ein lærar som kunne fortelje meg det. Eg måtte ha jordbruksskule, gymnas og to års praksis for å kome inn på den tre-årige landmålarutdanninga på Landbrukshøgskulen på Ås. Så etter folkehøgskulen gjekk eg på Mo jordbruksskule i Førde. Folkehøgskulen og landbruksskulen var dei kjekkaste og beste skulane i heile mi skuletid, eit fantastisk miljø og samhald mellom elevar og lærarar.

Om bord i «Syndens båt»

Våren 1953 kom ein båt frå Sjøkartverket til Botnane for å kartlegge Pollen for mudring, og på fritida synte karane om bord interesse for dei unge kvinnene i bygda. – Det likte mødrene deira dårleg. Dei såg på båten som reine «syndens båt», ler Ståle. Sjøkartverket trong nokon til å styre ein loddebåt når dei dreiv og lodda djupa i sjøen. På nytt vart eldstebroren hans, Anders, spurt om han ville vere med. Då han takka nei sa 16 år gamle Ståle at det ville han.

Portrett frå 1951-52 teke av fotograf Horne i Florø. Mor Magnhild sende sønene til Florø for fotografering.

– Men då steila ho mor. Men etter litt akkedering gav ho seg til slutt. Då det vart kjent at eg skulle fare med den båten møtte eg ho Maria på Støylen. Ho stoppa meg og sa: «Eg høyre du skal om bord i dinna båten?!» Det var ingen tvil om kva ho tykte om det.

Ståle reiste med Sjøkartverket nordover på Mørekysten, der dei lodda utanfor Sandshamn. Han reiste i mai og kom heim att i september. – Det var kjekke kararar å vere med. Det var reine eventyret å kome ut i det fri på den måten. Eg fekk løn etter takst og vart tittulert som «motormann». Eg skulle ratte og passe på at det alltid var olje nok på båten. Sommaren 1954 var han med på karetrlegginga for jordskiftet på Årebrot, og budde på Løype og i Husefest. Ståle var også innom Indrehus ein sommar som slåttakar hjå Kornelius (Karnils) Indrehus. Det var krav om to års praksis innanfor jordbruk eller tilsvarande arbeid for å kome inn på Landbrukshøgskulen.

Abraham skreiv ein sværa attest

– Når eg ikkje hadde nok «utepraksis» måtte eg legge til «heimepraksis». Eg hadde arbeidd heime på garden i Sletten frå eg kunne arbeide, men det heldt ikkje med attest frå foreldra mine om det. Abraham Øvrebotten var leiar i Bremanger jordstyre og kjende meg godt. Han kunne gå god for at eg hadde arbeidd heime. Han skreiv ein sværa attest om at eg hadde arbeidd på garden heile mi tid, og at det ikkje var noko dei ikkje kunne sette meg til når det galdt gardsdrift. Den attesten ser eg på som eit klenodium, så den har eg på kistebotn heime.

Dei fire åra på Voss landsgymnas 1955-59 var lange og krevjande, minnest Ståle. Av og til såg han svart på det og var freista til å gje opp. Men det var også å gje opp draumen om å bli landmålar og det ville han ikkje. Det var ein god dag då han stod der med artiumspapira i neven og kunne byrje på Ås hausten 1959.

– Ei nabokone hadde spurt mor kvar eg var faren. Ho hadde svart at eg var reist til Landbrukshøgskulen på Ås, visstnok for å studere utskifting. Nabokona oia seg og slo hendene saman. Men mor fekk ho fort ned på jorda att med desse orda: – Ja, ja. Det er i alle høve sikkert at det ikkje er dei beste sidene med folk han får med å gjere.

Då han var ferdig på Ås hadde han 12.000 kroner i gjeld til Lånekassen. – Eg hugsar at eg tykte det var mykje, men eg var heldig som nådde i Lånekassen. På gymnaset gjekk det berre i stipend, men eg trur kanskje at han far spytta i litt inni mellom. Han hugsar ikkje at foreldra var pådrivarar for utdanning, men dei var heller ikkje mot det. Både ei morsyster og fleire morbrødre på garden hadde teke høgare utdanning før han.

Mykje vekke på arbeid

Ståle fekk seg fast jobb som jordskiftelandmålar i Ytre Sogn jordskifterett i Dale tre månadar før han var ferdig på Ås i 1962. Han gifta seg med Oddbjørg Øvrebotten same hausten og dei busette seg i Dale.

– Eg var ute på jordskifte vår, sommar og haust, for det meste i Solund og Gulen. Ofte berre heime i helgane. På det viset fall mykje av arbeidet heime og med ungane på Oddbjørg, som ikkje hadde sertifikat. Ho klarde det godt og sa ikkje så mykje om det den gongen, men i alders år har ho snakka mykje om det og eg har skjønt at det var tyngre enn eg forsto. Oddbjørg er sikkert ikkje åleine om å ha kjent på tungt ansvar som heimeverande. Dei kjende seg også lite verdsette når det i ettertid vart snakka om dei som husmødre som «berre» var heime.

Han kjem på eit døme på kor gale det var. Oddbjørg hadde vore til augelækjar i Bergen med dottera deira og Ståle gjekk på Trygdekontoret for å få att reiseutgiftene. Der spurde kasseraren kven som hadde følgt jenta og han svarde at det var mora. «Er ho i arbeid då?» spurde kasseraren. – Då greidde eg ikkje å dy meg og svarde nokså kvasst at mora arbeidde både natt og dag. Kasseraren vart noko spak og orsaka seg med at spørsmålet var om mora var i løna arbeid? Slik var verdsettinga av heimeverande husmødre.

I 1966 flytte familien til Førde og i 1970 fekk Ståle seg arbeid i Ytre Sunnfjord jordskifterett, med kontor i Førde. Der arbeidde han til han var 70 år i 2005. Dei har tre born: Magnhild, Tore og Sigbjørn, og seks borneborn: Anne Marte, Sunniva. Peder August, Linus Isak, Guro og Ivar.

Viktig å kunne teie

Ståle medgjev at mora fekk rett i utsagnet sitt om kva sider i folk han ville møte: – Eg vart ofte forundra over kor mykje djevelskap det er i folk. Oppdaga det mest når eg hadde dei med som meddommarar (kommunalt valde til å vere med i jordskifteretten). Då kunne dei vere både forstandige og kloke, men når eg møtte dei att som partar i ei sak var dei mindre kloke, svarar Ståle på sitt lakoniske vis, slik ein truleg blir etter 40 år som jordskiftedommar.

– Kva skapte mest konflikt?

– Det forandra seg mykje gjennom åra. Den siste tida var det ikkje så store konflikter i grunnen. Men i starten av mi tid som jordskiftemann var folk nøgnare på jorda. Ho betydde meir for folk, som jamt over hadde mindre å rutte med den gongen.

Alvorleg ung mann heime på tunet i Sletten. Ståle meiner det er frå då han gjekk på Jordbruksskulen på Mo, 1953-54.

– Kanskje viktig å kunne teie i ein slik jobb?

– Ja, det må du kunne skal du drive i dette yrket. Du må ikkje avsløre eigne meiningar. Det jordskifteretten bestemmer skal vere som ein dom som ein samla rett (jordskiftedommaren og to meddommarar) skriv under på. Avgjerda vart sendt i posten som rekomandert brev til partane. Etter nokre dagar kunne eg få besøk på kontoret av partar som ikkje var i godt humør. Det hende eg måtte vise ut folk som oppførde seg uhøvisk. Eller dei ringde meg seint på kvelden heime og gav meg det glatte lag. Men samla sett var det likevel unntaka.

– Du har lett for å sjå det komiske i situasjonar, det kan ikkje ha vore berre berre i det yrket?

– Nei, det er klart eg måtte legge band på meg. Når vi var ute på synfaring var det mange som ikkje skydde kva dei sa, helst om andre, utan å tenkje over at det også sa noko om dei sjølve. Å sjå humoristisk på saker og ting kunne ofte gjere vondt verre.

– Jordskifteretten er som dauden

Likevel tenkjer Ståle med fryd attende på mange gode replikkar. – Ein gong vi var ute på ei sak skulle vi ha middagspause og avtalte nøyaktig klokkeslett for når vi skulle starte att. Men pausen vart lenger enn tenkt og ein av partane hadde tydelegvis møtt opp til rett tid, og var lei av å vente. Då han såg oss sa han; «Jordskifteretten er som dauden, vi veit at han kjem, men ikkje når han kjem».

Når folk krev jordskifte må kravet behandlast og folk synst det går seint. – Jordskifte mele langsamt, det er ikkje gjort i ein fart. Det er med det som rettsapparatet elles, seier Ståle. Han meiner han kom inn i jordskifteverket i ein gullalder og fekk brukt kartlegginga han var utdanna til. Og i Ytre Sogn var det ein heil del som måtte kartleggast.

– Korleis vert det gjort?

– Det gjer du med å måle opp ulike jordtypar. Om vinteren sit du på kontoret og teiknar heile kartet. Når det er ferdig tek du det med deg ut i marka og set verdi på dei ulike jordtypane og fordeler dei på partane. Dei skal ha att like store jordverdiar etter jordskifte som dei åtte før det. Men i det spørsmålet var nok mange partar ofte ueinige med jordskifteretten.

Etter at Økonomisk Kartverk vart etablert er kartlegginga i jordskifteverket ei saga blot. Det er difor Ståle er så glad for at han kom inn i jordskifteverket så tidleg at han kunne drive med reell oppmåling og kartlegging.

– Å sitje på kontoret om vintrane og konstruere og teikne kartet var ei oppleving eg ser tilbake på med stor glede. Truleg er eg ein av dei siste jordskiftekandidatane frå Landbrukshøgskulen som fekk oppleve reell kartlegging før Kartverket overtok. Difor har eg for moro skuld i jordskiftekrinsar presentert meg som «den siste verkelege landmålaren».

– Du er ein ihuga motstandar av felleseige, det er kanskje også noko yrket ditt har lært deg?

Oddbjørg og Ståle Sørbotten saman med sonadottera Guro i Botnane i 2018.

– Ja, absolutt. Felleseige kan vere ein forbannelse på fleire måtar. Det kan vere gardar der buet ikkje har vore gjort opp på fleire generasjonar. Då vert det mange eigarar og vanskeleg å finne tak i dei. Husa står ofte til nedfalls fordi ingen kjenner ansvar for dei, eller vågar ta i ferd med å vøle dei, i frykt for at andre i felleseige skal mislike det. Eit felleseige kan i beste fall gå bra i ein generasjon, men så er ofte spetakkelet laust, seier Ståle Sørbotten.

Og her er han konsekvent. Oddbjørg og Ståle har hatt hytte i Botnane sidan 1978 og heile familien har vore der mykje. For eit par år sidan ville Ståle ha avklara kven av dei tre borna som skulle eige den etter dei. Kven av dei det vart ville han ikkje legge seg opp i, men dei fekk klar beskjed om at det ikkje nytta å kome attende og foreslå felleseige.  Det gjorde dei heller ikkje, oppflaska som dei er med historier om «felleseiges forbannelse».

 

Tekst: Magni Øvrebotten 4. desember 2020.

Private foto.

PS: Ståle Sørbotten er onkelen min, gift med Faster Oddbjørg.