JENTENE I SLETTEN

Av Ståle Sørbotten, hausten 2020.

Sigrid Nordbotten og Magnhild Nordbotten vaks opp på bnr. 5 i Sletten i Nordbotten. Dei var døtrene til Ananias Nordbotten og Alete Nordbotten, f. Øvrebotten. Sigrid var fødd i 1891, d.1923, Magnhild var fødd i 1893, d.1970. Dei hadde seks brødre, som du kan lese om i stykket «Karane i Sletten».

Sigrid gjekk på middelskulen i Stavern, seinare Volda Lærarskule og Askov folkehøgskule i Danmark.
Ho gifte seg i 1919 med Bernt Amtedal Berntsen frå Grimstad. Dei hadde eitt barn, Inger Alete, f. 1920. Sigrid sleit mykje med diabetes. Difor reiste dei til USA i 1923 for å få tak i insulin som var eit nytt botemiddel mot diabetes. Det hjepte likevel ikkje. Ho døydde i USA straks etter at dei var komne til USA, Ho vart berre 32 år. Eg fekk diverre ikkje oppleve å møte henne, men ho må ha vore ei målbevisst dame som skaffa seg så mykje utdanning i ei tid då det slett ikkje var vanleg at kvinner fekk det.

Systera Magnhild vart heime på garden. Som einaste kvinne på garden vart det mykje å gjere. Mora Alete fekk kreft og døydde i 1925. Magnhild gifte seg med Ivar Sørbotten, frå Sørbotten, i 1930. Dei dreiv garden i Sletten saman med eldste broren til Magnhild, Sigmund. Magnhild og Ivar fekk tre born: Anders (1930), Arne (1932) og Ståle (1935).

Magnhild gjekk Sogndal folkehøgskule i 1915-16 og fekk i seg litt av folkehøgskuleånda som gjorde ho litterært interessert. Ho skreiv ein del dikt til ungdomslagavisa i Botnane, i tillegg sysla ho litt med slektsgransking. Eg spurde ho ein gong korleis ho kunne få tid til dette i tillegg til husarbeidet og utearbeidet. Tankane kunne svive sjølv om ho arbeidde, så kunne ho bruke nettene til å sette dei på papiret svara ho.

Ho var på ein måte framsynt for ho brukte ikkje Sørbotten som familienamn, det skulle vere Sletten fordi det var der dei budde.

Ho vart sjuk i Bergen i samband med ein augekontroll i november 1970 og vart innlagd på Haukeland sjukehus. Ho vart skriven ut derifrå straks føre jul, men vart sjuk igjen på veg heimatt med rutebåten og lagd inn på Flora sjukehus då dei kom dit. Ho døydde der 29. desember.

Det er fotograf Berg i Florø som ha teke biletet av dei to systrene, sannsynlegvis ein gong mellom 1905 og 1910. Biletet har fått litt hard medfart av ivrige gutehender, eg kan vel ikkje fråskrive meg eit visst ansvar der. Sigrid står til venstre og Magnhild til høgre.

Biletet av gamlehuset i Sletten er truleg teke ein gong mellom 1910 og 1920. Eg gløymde å spørje den gong eg hadde nokon å spørje om det. Eg spurde Oline Sande, no Øvrebotten, oppvoksa på eit av nabogardane, og over 100 år, om ho minnest gamlehuset. Ho meinte ombygginga måtte vere gjort før hennar tid.