Firda Seafood Group må ha fokus på kvalitet, klima og berekraft

Prosjekt- og kvalitetssjef Lina Braanaas Utne i Firda Seafood Group. Foto: Norges Sjømatråd.

– Det er auka etterspurnad etter kvalitetsmerka mat, både i landbruket og sjømatnæringa. Alle moderne selskap må henge med her og ha fokus på klima og berekraft. Det må Firda Seafood Group også. Difor går vi no i gong med ei frivillig ASC-serifisering av anlegga våre, seier Lina Braanaas Utne, prosjekt- og kvalitetssjef i selskapet.

ASC-standarden er verdas strengaste havbuksstandard. Forkortinga ASC står for Aquaculture Stewardship Council. Det er frivillig å ta i bruk denne sertifiseringa som set fokus på miljø og sosialt ansvar, dyrevelferd og openheit. Det er til saman over 200 punkt som skal sjekkast.

– Det er krava frå forbrukarane som utløyser dette, og auka fokus på berekraft. Når vi har sertifiseringa på plass kan vi selge fisk med ASC-merke. Det opnar dører til nye marknadar og styrkar konkurransekrafta til selskapet, seier Lina Braanaas Utne.

Firda Seafood får ikkje eit samla ASC-sertifikat. Alle lokalitetane blir undersøkte og kvar sjølokalitet får eit sertifikat. No er målet å sertifisere alle dei 13 oppdrettsanlegga og fire settefiskanlegga til Firda Seafood. Dei skal starte med tre sjømatanlegg i Gulen, som får smolt frå settefiskanlegga i Botnane og Norddalsfjorden.

I Botnane har dei levert settefisk til Sogn i fem dagar sist veke. Her ligg brønnbåten Mowi Star ved anlegget i Botnane. Foto: Kristian Øvrebotten.

– Kva vert dei sjekka på?

– Eit av hovedfokusa til kontrollørane er å sjekke kva fotavtrykk vi etterlet oss. Dei skal undersøke utslepp til sjø, til dømes av fosfor i foret til fisken, som naturen er sårbar for. Vidare energiforbruket vårt, rekne ut C02-utsleppa per kg fisk vi leverer, osv.

– Kor ofte skal dette undersøkast?

– Til no har vi hatt sokalla resipientundersøkingar kvart femte år, der styresmaktene har sett på punktutslepp. Til dømes kor langt ut anlegget i Botnane påverkar sjøbotn. Det vart sist undersøkt i 2020. Heretter skal dette undersøkast annankvart år etter krav fra ASC, framleis av uavhengige folk. Det vert ein gjennomgang av ASC-standarden kvart år.

– Korleis er drifta ved settefiskanlegget i Botnane?

– Den er god. Der er det rensing av avløpet og fornybar energi. Anlegget i Botnane set ikkje stygge spor etter seg, men dei som er mot oppdrettsnæringa meiner sikkert noko anna. Det må vi leve med.

Fisken i karet under levering. Foto: Kristian Øvrebotten.

– Kva meirarbeid vil sertifiseringa medføre?

– Det vil krevje endå meir av oss i den daglege drifta. Får vi til dømes sjukdom inn i eit anlegg fleire gongar så kan vi miste sertifikatet, for det er eit makstal for medisinske behandlingar. Vidare skal det i løpet av ein produksjonssyklus på to år ikkje daude meir enn maks åtte fuglar på grunn av dei flyg i netta vi har over kara, eller drukar i merdane på jakt etter fisk. Det vert ikkje enkelt, men eg trur vi skal klare det.

– Må de tilsette meir folk når det vert meir arbeid?

– Førebels reknar vi med å klare det utan å tilsette meir folk. Vi må sjå det an for å finne ut kor mykje meir det krev av oss, seier Lina Braanaas Utne. Ho reknar også med at det vert fleire fysiske inspeksjonar på settefiskanlegga etter kvart som krava vert stadig strengare.

Firda Settefisk AS i Botnane inviterte til informasjonsmøte om ASC-standarden og anlegga i Botnane og Norddalsfjorden måndag 18. januar, men det var ingen som melde seg på.

Pumping av fisk frå karet. Foto: Kristian Øvrebotten.

– På grunn av koronatiltaka måtte vi ha påmelding og eg skjønar godt at folk er skeptiske til å samlast i desse tider. Men dette informasjonsmøte kan vi ta att når det vert meir normale tider. For det å ha eit ope forhold til samfunna vi har anlegg i er også ein del av ASC-sertifiseringa. Heretter skal vi ha slike  informasjonsmøte ein gong i året. Vi skal vere opne for spørsmål og klager og møte folk på ein skikkeleg måte. Det er heilt sikkert folk som lurer på ting.

– Er både møta og sertifiseringa eit forsøk på å rå bot med det dårlege omdømet oppdrettsnæringa har hatt, særleg når det gjeld utslepp og bruk av antibiotika?

– Krava i sertifiseringa er det andre som har fastsett. Men folk sine dårlege  oppfatningar av oppdrettsnæringa har synt seg seigliva, ja. Eg vil påstå at vi er betydeleg betre enn folk trur.

– Korleis då?

– Firda Seafood Group har ikkje brukt antibiotika på 20 år, likevel trur folk at fisken er full av det. Styresmaktene har strenge reguleringar på eit heilt anna nivå no enn for 30 år sidan. Oppdrettsfisk er i dag noko av det mest berekraftige proteinproduktet vi har i norsk matvareproduksjon.

Prosjekt- og kvalitetssjefen i Firda Seafood, Lina Braanaas Utne, er eldste dotter til grunnleggar og eigar av selskapet Ola Braanaas. Ho bur på Byrknesøy, er utdanna havbruksbiolog og likar seg best når ho er ute på anlegga. – Eg saknar å jobbe meir med fisken. Det vert for mykje papir og for lite fisk, seier Lina Braanaas Utne.

 

Intervju: Magni Øvrebotten, 16.01.2021.
(For dei som ikkje veit det er intervjuaren syster til leiaren for settefiskanlegget i Botnane, Torbjørn Øvrebotten).