Heidre Bruheim og Botnane

Ideen til Diktarstien i Botnane er henta frå Diktarstigen i Skjåk, som vart opna i 2014, 100 år etter at Bruheim vart fødd. – Då slo det meg at vi både kunne heidre Jan-Magnus Bruheim og syne fram Botnane gjennom dikt han skreiv medan han budde her, seier Magni Øvrebotten. Ho tok initiativet og var prosjektleiar for stien i Botnane. Det var også ho som gjorde at Bruheim kom til Botnane i 1978, etter at ho intervjua han om boka «Gapet».

Jan-Magnus Bruheim var fødd i Skjåk 15. februar 1914. Bortsett frå åra i Botnane budde han der det meste av livet sitt. Han døydde 10. august 1988.

Nye generasjonar vart kjende med Bruheim si dikting då musikaren Sigrid Moldestad, i samband med 100-årsmarkeringa i 2014, tonesette dikt av han til CD-en «Brevet til kjærleiken». Det har aldri vore så mykje folk i Botnane som 14. juni 2014, då Moldestad og musikarane hennar samla over 400 menneske til utekonsert bak grendahuset. I strålande solskin.

18. august 2018 opna brordotter og forfattar Magnhild Bruheim Diktarstien i Botnane. I eit vanvittig galever med vind frå alle kantar og høljeregn. Difor måtte opninga skje inne. Men trass i styggevêret kom det over 200 menneske og sjølv om folk vart stuva tett kom ikkje alle under tak. Ingen som var der gløymer den dagen.

Opptaket under er teke då Sigrid Moldestad skulle synge på gravstaden. Planen var at ho skulle stå åleine i porten, men det regna slik at alle som var der prøvde å kome seg under tak. Uttrykket «intimkonsert» fekk eit nytt innhald den dagen, sa Moldestad etterpå. Ole Alvsvåg foreviga stunda.

1

Gravstaden i Botnane

2

Kaia i Korsnesvika

3

Flòtholmen

4

Grendahuset i Botnane

5

Legene

6

Jørnjorda