Stor dugnad

Diktarstien kosta vel 600.000 kroner. Vi samla inn pengar frå både offentlege og private verksemder, og mange privatpersonar. Bygdefolket stilte opp på fleire store dugnadar der dei rydda skog og kratt, grusa stiar og monterte opp skilt. Torunn Bruheim Haugen, som har rettane til dikta, gav oss løyve til å bruke dei utan vederlag.

Vi kjøpte oss fagleg hjelp av sivilarkitekt Bjørn-Are Vollstad som utforma skilta, skisserte og planla stien og var med som rådgjevar i byggeprosessen. Entrepenør Øystein Faye stod for maskinarbeidet. Askvoll skiltgravering laga skilta og Sunnfjord Industri as diktsøylene i cortenstål.

Styret for Botnane og Årebrot grendalag var prosjektgruppe og grendalaget eig stien. Ved grendahuset i Botnane heng det eit eige skilt med namna på alle som støtta diktarstien med pengar eller dugnadar.

1

Gravstaden i Botnane

2

Kaia i Korsnesvika

3

Flòtholmen

4

Grendahuset i Botnane

5

Legene

6

Jørnjorda