Botnane – eit maktsenter i bronsealderen
Dei fire store gravrøysene i Botnane vitnar om at det var eit høvdingsete her i eldre bronsealder, 1700 til 1100 f. Kr. Gravrøysene ligg på kvar si side av Pollen, to i Nordbotnen og to i Sørbotnen. Dei ligg i eit ope og særmerkt landskap.
Dei store røysene var gravstad for framståande personar av høvdingslekta. Slike ruvande gravminne skulle minna om den døde og ettermælet, og om slekta som då rådde frå Botnane. Både kvinner og menn fekk slik gravlegging.
Desse gravrøysene vart bygde på stader der dei vart tydelege landemerke, både frå sjø og land. Fleire av dei har namn (sjå kartet). Den største gravrøysa i Botnane er Søre røysa. Ho er 38 meter i tverrmål og fem meter høg, og er den største gravrøysa på vestlandskysten.
Strategisk plassering
Det kravde makt og mynde, religiøst, økonomisk og militært, for å samle nok folk til å bygge slike store monument. Grunnlaget for makta låg i gunstige forhold frå naturen si side, strategisk plassering ved leia langs kysten og gode forhold for jordbruk, jakt og fiske.
Det ligg fleire store gravrøyser langsmed leia. Det er likevel langt mellom dei verkeleg store, på 30 meter i tverrmål eller meir. I nord finst det to like store gravrøyser frå bronsealderen ved Ulvesundet nord for Måløy. I sør må vi like til Stord for å finne tilsvarande.
Kravde dei passeringsavgifter?
Kanskje kravde høvdingfamilien, med våpen i hand, passeringsavgifter? Det kan ha vore ein del av maktgrunnlaget til eliten som avspeglar seg i dei store gravrøysene i Botnane.
Leia langs kysten var hovudvegen. Her rodde folk forbi i lange, smekre skip, båtar og krigskanoar. Dette var over 2000 år før seglet kom i bruk. Det var likevel ei tid med kontakt og nære alliansar mellom framståande slekter i dei rike bronsealderbygdene på Jæren, Sunnmøre og i Trøndelag. Alle måtte passere forbi Botnane.
Dei som budde her kan ha drege fordelar av denne strategiske plasseringa. Det var open sjø og ingen holmar å gøyme seg bak for dei som kom roande forbi. Dei som rådde på land, kunne kontrollere ferdsla på sjøen.
Eit tilsvarande system rådde hjå dei mektige slektene i sør på Karmøy på same tida. Der hadde eliten full kontroll med ferdsla gjennom det smale Karmsundet og også med dei som våga seg forbi på vestsida av øya der sjøen stod rett på.
Tru og gravskikkar
Den døde vart gravlagd i sin finaste stas. Det jordiske livet var over og no venta det neste tilværet.
Bronsealderfolka hadde kompliserte religiøse førestillingar; om livet, døden og eit tilvære etterpå. Dei såg føre seg ulike verder som omgav dei. Det var den jordiske der dei levde, den underjordiske i bakken og havet, og den overjordiske i himmelen. Langsmed stranda møttest desse verdene, difor ser strandsona ut til å ha betydd noko spesielt, også i denne samanhengen.
Vi ser glimt av dei samansette førestillingane i dei symbolske og gåtefulle figurane på helleristingsfelt frå same tida. Båtar var eit vanleg motiv, og dei hadde gjerne fleire meiningar. Kanskje var dei uttrykk for sjøreisa til den andre sida av havet, dit den døde eller sjela skulle fare? Folk hadde mange førestillingar knytt til døden og tilværet etterpå, då som i våre dagar.
Midt i bronsealderen vart det slutt med å bygge store gravrøyser. Kremasjon vart vanleg over heile Europa. Det vart ei førestilling om at sjela måtte gjennom reinsing før det neste tilværet. Gravene vart små og lågmælte. Skrin med oske kunne bli sette inn i store gravrøyser som høyrde til slekta.
Det vart bygd gravrøyser i jarnalderen også, men dei var som oftast langt mindre og vart plassert annleis i landskapet.
Bønder og fangstfolk
Folk dreiv med jordbruk alt i slutten av yngre steinalder. I eldre bronsealder, like etterpå, finn vi heile bygder, som her i Botnane.
Landskapet rundt Pollen gjorde at mykje folk kunne leve her. Dei dyrka korn og heldt husdyr. Kveg var truleg eit mål på velstand. Kyr, sauer og geiter beita i fjellsidene, i dalane i aust og til fjells. Klimaet var godt, så dyra gjekk ute heile året.
Folk dreiv med fiske og fangst på sjøen, og det var også viktig for levemåten.
I Botnane var det plass til mindre gardar ved sida av høvdingegarden. Dei bygde seg langhus i tre. Men vi manglar tydelege spor etter slike hus i dag, og dei førhistoriske gardstuna og åkrane i Botnane er enno ikkje funne.