Dei fire store gravrøysene
Kart over gravrøysene i Botnane, teikna av Runa Gjerland.
Dei ruvar i landskapet dei to største gravrøysene i Botnane, Søre røysa og Storrøysa, på kvar si side av Pollen. Den største er 38 meter i tverrmål, den andre 30 meter. Dei er lette å sjå frå både land og sjø, og har god sikt til kvarandre. I samanlikning med dei er Nøre røysa og røysa i Vika meir smålåtne med sine 19 og 25 meter i tverrmål.
Nøre røysa
Kjem du Frøysjøvegen, fylkesveg 511, frå nord er Nøre røysa det fyrste møtet ditt med dette gravrøyslandskapet kring Frøysjøen. Ho ligg på nedsida av vegen om lag ein halv kilometer før du kjem til fyrste husa i Botnane.
Nøre røysa er 19 meter i tverrmål og to-tre meter høg. Ho er den fjerde største av gravrøysene i Botnane. Det mest spesielle med ho er at gravkista er synleg. Ho er om lag to meter lang og ein halv meter brei, og bygd av smale heller. I botn er ho fylt med små rullesteinar. Liket har truleg blitt lagt ned på ryggen med hovudet mot sør. Røysa er plyndra.
Den fyrste telefonlinja i Sogn og Fjordane vart bygd langs stranda her i 1905, for å gje telefonsamband mellom Måløy og Florø. I det arbeidet skal det ha blitt plassert ein telefonstolpe i Nøre røysa. Det var truleg då gravkista kom til syne. I kista vart det funne bitar av bein, som vart kasta. I dag kan ein bestemme alder og kjønn ut frå bein, og dei er grunnlag for DNA-analysar.
Søre røysa
Søre røysa er den største gravrøysa på vestlandskysten. Ho er heile 38 meter i tverrmål og fem meter høg. Den monumentale røysa ligg høgt og fritt og er lett å sjå frå land og sjø. Ho er både landemerke og maktsymbol, og ligg på toppen av ein bakketopp ovanfor hovudskiltet om gravrøysene.
Søre røysa er bygd av rullestein frå fjøra, med eit stort krater i midten. Det er 15 meter vidt og nesten tre meter djupt. Det er bygt slik, men enno veit vi ikkje kvifor.
Lokalt har ho vore kalla både for Fremste røysa og Søre røysa. Nemninga Fremste røysa syner til at ho ligg nærmast busetnaden i Botnane. Namnet Søre røysa er sett i høve til Nøre røysa, som ligg lenger nord langs stranda. Etter at det kom veg til Botnane i 1993, vart ho heitande Søre røysa på kart.
Dei tre gardane som ligg nærmast Nøre og Søre røysa blir i bygda kalla Sletten. Området heiter Nordbotnen på kart.
Storrøysa
Storrøysa i Sørbotnen er 30 meter i tverrmål og fire meter høg. Ho er nest størst av gravrøysene i Botnane. Storrøysa er av dei verkeleg store gravrøysene frå bronsealderen langs leia. Det er god sikt frå Storrøysa over til Søre røysa, på den andre sida av Pollen, som er størst med sine 38 meter i tverrmål.
Den ruvande Storrøysa ligg på innmark. Ho har i historisk tid vore delt mellom to gardar. Vi ser steingarden midt på og tidlegare var det også eit nettinggjerde tvers over røysa for å halde husdyra frå kvarandre. I bygda har denne røysa namnet Storerøysa.
Tidvis beitar det sauer og lam kring denne røysa og vi ber besøkande ta omsyn til dyra. I Bremanger kommune er det bandtvang på hund heile året.
Gravrøysa i Vika
Gravrøysa i Vika er den tredje største i Botnane. Ho har eit tverrmål på 25 meter og er to meter høg. Røysa er bygd kring ein stor jordfast stein med eit djupt krater ikring.
Gravrøysa har blitt rota i. I historisk tid var det kan hende ein liten plass her ved sida av gravrøysa, og det vart sett opp murar med stein frå røysa.
Denne samlinga med dei største gravrøysene i Botnane er plasserte godt synlege i landskapet på kvar si side av Pollen. Gravrøysene skulle vise godt og markere området til høvdingslekta. Røysa i Vika er godt synleg for dei som kjem frå sør, og frå gravrøysa er det fri sikt til den store Søre røysa på andre sida av Pollen.
Kvinnegrava på Håjen
Langrøysa på Håjen er 25 meter lang og sju meter brei. Slike gravrøyser er sjeldne og vert daterte til jarnalderen. Dei vart bygde på over tid og inneheldt i hovudsak kvinnegraver. Langrøysene vart bygde etter modell av langhusa, der husfrua styrde.
Denne røysa er plassert annleis enn dei andre røysene i området; ho ligg lågt i terrenget og tett ved sjøvegen opp frå naustplassen, som har vore den same sidan jarnalderen. Røysa er best å sjå frå ein liten avsats mot sør, på stien ned mot naustet. Det er god sikt frå denne langrøysa og over Pollen til Søre røysa.