Arkeologiske funn i Botnane
Det har budd folk i Botnane i mange tusen år. Det fortel gjenstandar som har blitt funne her. På kartet kan du sjå kvar gjenstandane blei funne.
Dei første folka var her i eldre steinalder og hadde leirstad på ein lun stad i Øvrebotnen (1). Funn av vassrulla bearbeidd diabas og flint er truleg frå same tida (2). Folk levde av fiske, jakt og sanking av plantar.
Det var også folk i Botnane i midtre del av yngre steinalder. Ein pilspiss i skifer er funnen i Øvrebotnen (3). I Nordbotnen er det plukka opp eit flintstykke som vart nytta i arbeid (4). Ei smekker firsidig steinøks er funnen i Sørbotnen (5). Ho vart nytta til arbeid i tre.
Både i eldre og store delar av yngre steinalder stod skogen tett i Botnane, slik det var vanleg på den tida.
Dei første bøndene tok området i bruk ved slutten av yngre steinalder. Bøndene busette seg med hus og åkrar i den solrike og sørvende skråninga mot Pollen og i Sørbotnen. Dei rydda og brende skog for å dyrke korn på små åkrar og lage beite til husdyra.
Når vi kjem til eldre bronsealder og tid for bygginga av dei store gravrøysene, kan store delar av området ha blitt skoglaust.
Noko sør for Søre røysa er det funne ein flintdolk, truleg lagt ned i ei enkel grav (6). Slike dolkar var populære i eldre bronsealder. Dei vart laga ved flintgruver i Danmark og eksportert hit.
I Nøre røysa vart det funne små bitar av bein då gravkista vart opna (7).
I Sørbotnen er det funne to fiskesøkke eller garnsøkke. Det eine er ovalt med ei innhogd renne på langs, funne ved grøfting (8). Det låg i eit evjelag dekt av tjukk myr. Kanskje vart søkket mista ved garnfiske på grunt vatn. Det andre søkket er avlangt og har to hol.
Desse funna er gjort av folk i bygda, med unntak av leirstaden, som arkeologar fann i 1975.