Seljestokken — ein gard ved leia
Dei ti gravrøysene i Seljestokken er ein del av perlerada med over 30 gravrøyser frå Storevika til Årebrot.
Gravrøysene i Seljestokken er nokså jamstore. Dei fleste har eit tverrmål på ni til tolv meter og er opptil halvannan meter høge. Med unntak av Stokkevarden vart dei plasserte nær stranda, slik at dei var godt synlege frå leia.
Røysa med namnet Stokkevarden ligg oppe på ein hammar, med vidt utsyn over havet. Kanskje er denne røysa siste kvilestaden til ein høvding i bronsealderen?
Mange av gravrøysene er plyndra, og det vart henta stein frå dei til ballast i båtar og til murar.
Klebersteinsgryte funnen i 1915
Det er kjent berre to funn frå denne lange perlerada med gravrøyser. I 1915 vart det funne ei gryte i kleberstein i Seljestokken (sjå bilete). Ho vart funnen i fleire bitar i ei plyndra gravrøys og er no på museet i Bergen. Gryta vart lagt ned i denne grava nokre hundreår før Kr.f., truleg saman med andre gjenstandar som skulle vere med den døde over til det hinsidige.
Folk laga seg altså skåler og gryter i kleberstein så tidleg som i hundreåra før Kristi fødsel. Etter det skulle det gå nesten 1000 år før skikken tok seg oppatt i vikingtida, og det vart storproduksjon av klebersteinsgryter i mellomalderen.
«Vi kan ikkje bu i eit museum»
I Seljestokken vart det konflikt mellom omsynet til kulturminna og landskapet rundt dei og ny industri, då Norwegian Sandstone Export AS søkte om å få bygge steinbrot her. Lokalt var det underskriftsliste for steinbrotet, med overskifta «Vi kan ikkje bu i eit museum». Flora kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune støtta politisk planane om steinbrot.
I 2005 overprøvde dåverande miljøvernminister Knut Arild Hareide (KrF) kulturminnevernet. Han meinte steinbrotet ville gje nye arbeidsplassar og at det var viktig for å halde oppe busettinga. Steinbrotet kom i drift i 2008.